Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Om pest og makt

    Vinteren 2021 snubla regissør Peer Perez Øian over manuset til Den kvite pesten i teaterets arkiv. Kan dette stykket frå 1937 seie oss noko om det vi har vore igjennom i 2020? Gjennom ei leiken utforsking - med manus i handa - vil skodespelarar og regissør forske i nett dette.

  • Tante Ulrikkes vei som direktestrøyming

    Det Norske Teatret har nådd langt med direktestrøymingar av teaterframsyningar. No blir også Zeshan Shakars prisløna roman Tante Ulrikkes vei tilgjengeleg over heile landet.

  • APRILSNARR: Opnar for publikum i "smittevern-draktar"

    Det Norske Teatret går nok ein gong nye vegar for å nå ut med teater til publikum. No lanser teateret "smittevern-draktar" som gjer at publikum igjen kan støyme totalt smittesikkert inn i salane.

  • Samlaget og Det Norske Teatret leiter etter nye stemmer

    ​I samband med Den Internasjonale Fossefestivalen 2021 utlyser forlaget og teateret ein skrivekonkurranse for å finne historier, erfaringar og forteljingar frå skribentar med minoritetsbakgrunn og/eller fleirkulturell bakgrunn.

  • Teater ute og Slåttekaren i strøymeversjon

    Førstkomande laurdag er første gongen Det Norske Teatret spelar teater for publikum sidan Oslo blei stengt i november, med vandreframsyninga GÅ. Samstundes utvidar teateret tilbodet med direktestrøyming av teater med enno ei framsyning. Heile landet kan no få med seg Slåttekar i himmelen heime i eiga stove.

  • Julekonsert: Pakka inn i raudt

    Det blir ikkje jul utan musikken. Alle har ein favoritt dei berre må høyre for å få den endelege julestemninga. Det Norske Teatret har utfordra nokre av dei sterkaste songkreftene i ensemblet til å hente fram sine private juleskattar. I lag med bandet frå Vikla inn i blått har dei pakka desse songane inn i raudt.

  • Villanda i strøymeversjon

    Det Norske Teatret har vore ambisiøse i satsinga på direktestrøyming av teater. No blir tilbodet utvida med ein strøymeversjon av den prisvinnande framsyninga Villanda.

Vis mer