Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Christian Ruud Kallum og Josefine Frida Pettersen er Are og Kine, eit par som har eit destruktivt forhald.

    Når ho slår

    Are og Kine blir stormforelska. Ho er så inntakande og sjarmerande, og dei har det så fint i lag som berre nyforelska par kan ha det. Men nokre gonger er ho litt underleg og avstengt, på eit vis. Og så får han det første slaget. Heilt utan forvarsel og at han skjønar kvifor.

  • Carl Martin Eggesbø har rolla som den iskalde seriemordaren inspirert av den sanne historia om Roberto Succo. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

    Kva får ein ung mann til å drepe foreldra sine?

    I 1981 knivstakk ein 18 år gamal italiensk mann mor si 32 gonger, for deretter å kvele faren. Truleg fordi han ikkje fekk låne bilen. Så la han dei døde kroppane i eit badekar med lime for å forseinke forråtninga av lika. Namnet hans var Roberto Succo, og foreldra skulle ikkje bli dei siste han drap. Nokre år seinare gjekk dramatikaren Bernard-Marie Koltés forbi ein plakat med bilde av den da ette

  • Ane Dahl Torp spelar den innbitne kapteinen Akab. Foto: Pernille Sandberg.

    Ane Dahl Torp jaktar Moby Dick

    Blod, olje og vatn vil flyte på scenen når kaptein Akab og mannskapet mønstrar på Hovudscenen for å fange den frykta kvite kvalen Moby Dick.

    MOBY DICK
    av Herman Melville
    Premiere 19. januar kl. 19.00
    Hovudscenen

    Vinden vil røske tak i publikum og sjøsprøyten gå høgt over scenen når skuta til den forrykte kaptein Akab, i Ane Dahl Torps skapnad, legg ut på tokt for å drepe kva

  • Ina Svenningdal og Kaia Varjord er fast tilsette ved Det Norske Teatret

    Ina Svenningdal og Kaia Varjord er fast tilsette ved Det Norske Teatret


    I dag beslutta teatersjef Erik Ulfsby å gi fast tilsetjing ved teatret til skodespelarane Ina Svenningdal og Kaia Varjord.

    - Det er alltid ei glede styrke det faste ensemblet ved teatret med nye skodespelarkrefter. Ina og Kaia er vidt forskjellige, men har begge over år vist at dei er allsidige skodespelarar som styrker ensemblet ved teateret på kvar sitt vis, seier ein glad teatersjef

  • Spennande vårsesong på Det Norske Teatret

    Spennande vårsesong på Det Norske Teatret

    Ei historie om menneskas kamp mot naturen, om dødeleg overmot og usannsynlege vennskap. Her er våren 2024 på Det Norske Teatret.


    ROBERTO ZUCCO
    av Bernard-Marie Koltès
    Regissør: Ivica Buljan
    Psykologisk thriller basert på ei sann historie.
    PREMIERE 12. januar 2024
    Scene 2



    NÆRE RELASJONAR
    av Maria Tryti Vennerød
    Regissør: Marie Blokhus
    Om ein ikkje d

  • Merete lokkar Frans med ut i skogen for å jakte godteri. Foto: Monica Tromassy.

    Hans og Grete gratis - og med ein vri

    Når Det Norske Teatret set opp det kjende eventyret om Hans og Grete, er hovudpersonane Frans og Merete. Dei har ikkje råd til godteri eller gåver til jul. Men framsyninga - den kan publikum sjå gratis*.
    HANS OG GRETE
    basert på eventyret av brørne Grimm
    PREMIERE TORSDAG 16. NOVEMBER KL. 18.00
    SCENE 3

    Det er fargesprakande, skakt og humoristisk når Scene 3 blir åstad for Frans og

  • Sagprosa på Hovudscenen

    Sagprosa på Hovudscenen

    Det er eit stort eksperiment som går føre seg på Hovudscenen. Kan skogens ro få ei scenisk form?
    HEIL VED
    inspirert av boka til Lars Mytting. Musikk av og med Stein Torleif Bjella
    URPREMIERE SØNDAG 12. NOVEMBER KL. 18.00
    PÅ HOVUDSCENEN

    PREMIERESAMTALE
    FØR PREMIEREN KL. 17.00
    Lars Mytting og Erik Ulfsby i samtale med Kari Toft
    - Det er ei hyllest til arbeidet i skogen. D

  • Ungdom frå Groruddalen står på scenen i Er mikrofonen min på? Foto: Monica Tormassy.

    Ungdom frå Groruddalen med ei viktig melding

    "Er mikrofonen min på?" referer til ei fråsegn frå den unge miljøaktivisten Greta Tunberg, og er eit akutt naudskrik frå ein generasjon som har arva ei brennande verd. Canadiske Jordan Tannahills tekst frå 2021 er skrive for å bli framført av unge menneske, og denne gongen er det ungdomar frå Groruddalen som står på scenen. Og dei har ei viktig melding til foreldregenerasjonen.

    ER MIKROFONE

  • I dyrtid er gode råd dyre. Men å stele er gratis. Marie Blokhus i prøvar til Vi betaler ikkje! Vi betaler ikkje! Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.

    Prisras på Scene 3! Alt skal vekk!!

    Kva om all kunst var gratis? Ville kunsten vore annleis? Ville andre oppsøkt han, eller ville publikum forblitt det same? Kjem det fleire? Dette og meire til vil teateret undersøke gjennom Alt er gratis*-perioden på Scene 3, som blir sparka i gang med ei komedie om kjerringer som ikkje vil betale for seg i butikken.
    ALT ER GRATIS* frå 19. oktober og ut året
    PREMIERE PÅ VI BETALER IKKJE! VI B

  • «Etter å ha spelt framsyninga "Det går betre no" skjønte Bjarte Tjøstheim at mange har angst, men at enda fleire, om ikkje alle, har dårleg samvit. Foto: Marthe Vannebo.

    Bjarte Tjøstheim ber om tilgiving

    Bjarte Tjøstheim har mykje dårleg samvit. Overfor Gud, overfor kona og overfor andre medmenneske. Men han har skjønt at han ikkje er aleine.

    TILGI MEG
    av og med Bjarte Tjøstheim
    URPREMIERE FREDAG 13. OKTOBER KL. 19.30
    SCENE 2
    Bjarte Tjøstheim er tyngd av dårleg samvit. Ikkje berre for alt det dumme han har sagt og gjort, men også for det han ikkje har gjort. Som å støvsuge og kl

  • Mimmi Tamba og Ina Svenningdal er Elsa og Anna. Foto: Fredrik Arff.

    Iskald magi og varm søskenkjærleik på Hovudscenen

    Frost er snart premiereklar på Det Norske Teatret.

    DISNEYS FROST: MUSIKALEN
    PREMIERE 14. OKTOBER KL. 18.00
    HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET
    Det må ut, syng Elsa av Arendelle og slepper kreftene laus. Over scenen virvlar snø, is og kulde. Ho er endeleg fri og treng ikkje halde tilbake kjenslene sine. No kan ho omfamne den ho eigentleg er.
    Under det nordiske lyset er eventyret om E

  • Utstilling og samtale mellom regissør Vegard Vinge og dramaturg Julian Blaue. Måleri: Vegard Vinge.

    «Bed-in mot apokalypsen» med Vegard Vinge

    Til framsyninga Byggmeister Solness har regissøren Vegard Vinge skapt ein heilt særeigen «programkatalog» - ein labyrint av eit kunstverk. Fredag blir publikum inviterte til sengs med regissøren og dramaturg Julian Blaue for å snakke om kunsten.

    «Bed-in mot apokalypsen»
    Utstillingsopning og samtale
    Fredag 15. september kl. 17.00
    Foajeen ved Scene 2
    I foajeen på Det Norske Teatre

Vis mer