Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • På Det Norske Teatret skal Jae Nyamburah tolke ei av dei største rollene frå Henrik Ibsen. Foto: Monica Tormassy.

    Jae Nyamburah er Hedda Gabler

    - Vi skal lage Hedda Gabler litt som ein episode i Falcon Crest, seier regissør og påtroppande teatersjef, Kjersti Horn. Ho har fått med seg eit stjernelag av skodespelarar, og i spissen står Jae Nyamburah som ei både utagerande og sårbar Hedda Gabler.
    HEDDA GABLER
    av Henrik Ibsen, til nynorsk ved Aina Basso
    PREMIERE 7. SEPTEMBER KL. 18.00
    HOVUDSCENEN
    - Ho får ikkje, eller får ikkje

  • Erik Ulfsby lanserer sin siste haustsesong som teatersjef

    Erik Ulfsby lanserer sin siste haustsesong som teatersjef

    Etter fjorten år som kunstnarleg leiar, legg Erik Ulfsby fram sitt siste repertoar. Det har vore år med vekst, framgang og mange store opplevingar som vil gå inn i teaterhistoriebøkene. Denne siste hausten vil han mellom anna by på eventyr for barn, to suksess-romanar som skal få nytt blikk på seg i scenelyset, jazzteater og eit eksistensielt drama om krig og kunst som han sjølv vil sette i scene.

  • Trine Wiggen spelar ein dramatikar som opplever at karrieren er på hell. Jae Nyamburah er niesa som opplever det motsette. Foto: Jannik Abel.

    Siste del av Goksøyr & Martens livsfrise

    Kunstnarduoen Goksøyr & Martens er klar med fjerde og siste del av den monumentale pentalogien livet, og denne gongen handlar det om overgangsalder og overgangar i familie- og yrkeslivet.

  • NetNordic: Allan Bjørnstad, Head of Sales and Marketing. Renate Stordahl, Marketing Manager. Lene Diesen, Managing Director. Det Norske Teatret: Erik Ulfsby, teatersjef. Kirsti Ervik, partnaransvarleg. Thine Sletbakk, kommunikasjons- og marknadssjef.

    NetNordic og Det Norske Teatret inngår samarbeidsavtale for å kombinere kunst og teknologi

    NetNordic, ein leiande leverandør av IT-løysingar og -tenester, kunngjer i dag ein spennande samarbeidsavtale med Det Norske Teatret, ein av dei fremste kulturinstitusjonane i Noreg. Avtalen, som strekker seg over dei neste tre åra, markerer starten på ein unik partnarskap med mål om å utforske og utvikle innovative moglegheiter innanfor kunst og teknologi.

  • Preben Hodneland er ein av skodespelarane som er med i Einkvan. Foto: Siren Høyland Sæter.

    Nytt teaterstykke frå Nobelprisvinnar Jon Fosse

    Noreg fekk sin første Nobelprisvinnar på 95 år i Jon Fosse. No er Det Norske Teatret aktuell med urpremiere på hans neste stykke Einkvan. For den komande teatersjefen Kjersti Horn er det første gongen ho arbeider med ein Fosse-tekst.
    EINKVAN
    av Jon Fosse
    URPREMIERE TORSDAG 25. APRIL KL. 19.30
    SCENE 2

    PREMIERESAMTALE FØR FRAMSYNINGA KL. 18.30
    Regissør Kjersti Horn i samtale me

  • Frank Kjosås er tilbake på scenen som Ivar Aasen, Julie Moe Sandø spelar Aase Ivarsen, som diggar Aasen. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

    Spynorsk: Splitter ny musikal inspirert av nynorsk ordliste


    Går det an å lage ein musikal om kløyvd infinitiv? Ja, det gjer det faktisk! Og det er den humorsterke duoen Are Kalvø og Ingrid Bjørnov som står bak denne nye musikalen, inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen.
    SPYNORSK. THE MUSICAL.
    av Are Kalvø og Ingrid Bjørnov
    URPREMIERE LAURDAG 13. APRIL KL. 18.00
    HOVUDSCENEN


    Spynorsk er ei kontrafaktisk forte

  • Fotballen er både folkeleg og elitistisk - og elska i alle samfunnslag. Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.

    Fotballen som kamparena

    Er sport ein form for krig i fredstid? Sportskoret tek for seg fotballen som fenomen og idé og alt den fører med seg av medieoppstyr, fankultur, trenardrama og kjønnskamp.

    SPORTSKORET
    av Elfriede Jelinek
    PREMIERE TORSDAG 14. MARS KL. 20.00
    SCENE 3
    Handlar fotball om spel, om likemenn som møtest til dyst for å leike? Eller handlar det om kven som har mest pengar til å kjøpe dei b

  • Kva om livet er meiningslaust?

    Kva om livet er meiningslaust?

    Du lever, du døyr, og du døyr ulykkeleg. Det er innsikta som plutseleg slår ned i keisaren Caligula. Og løysinga på dette er like enkel som ho er brutal: Den vilkårlege døden.
    CALIGULA
    av Albert Camus
    PREMIERE LAURDAG 24. FEBRUAR KL. 18.00
    HOVUDSCENEN
    Ifølge Caligula, lever vi alle usanne liv, dersom vi trur at liva våre har meining. Berre om vi innser dette, kan vi bli frie. Og da

  • Ellen Bendu og Kaia Varjord spelar ei og same rolle, men i ulike aldrar i framsyninga Tatovering på Rommen Scene. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

    Suksessframsyning frå Danmark i norsk versjon



    Da faren til regissør Anna Malzer blei alvorleg sjuk, bestemte ho seg for å lage teater om dei spørsmåla som oppstod da ho skulle ta farvel. Tatovering er ei framsyning basert på ekte følelsar, seier ho sjølv.

    TATOVERING
    av Anna Malzer
    NOREGSPREMIERE TORSDAG 15. FEBRUAR KL. 19.00
    DET NORSKE TEATRET I GRORUDDALEN, ROMMEN SCENE
    Berre 27 år gamal blei Anna Malzer direktør

  • I teaterversjonen av Hør her´a byter skodespelarane på å spele rollene. Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.

    Hør her´a blir leikent forteljarteater

    Småfrekk, fornøyeleg, sjarmerande og forfriskande. Lovorda har hagla over Gulraiz Sharifs roman Hør her’a etter utgjevinga hausten 2020. Den kritikarroste ungdomsromanen frå 2020 har alt rukke å bli kinofilm, og no skal denne sjarmerande feelgoodforteljinga frå ein norsk-pakistansk familie på Oslos austkant bli teater.
    HØR HER´A
    av Gulraiz Sharif
    URPREMIERE FREDAG 9. FEBRUAR KL. 19.30

Vis mer