Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Beate Grimsruds siste roman blir teater

    Idet ein konvolutt frå Karolinska Sjukhuset dumpar ned i postkassa til Vilde Berg, tek livet ei heilt ny vending. Ho har fått kreft. Likevel er dette ei historie om livstrong, ikkje om døden, meiner skodespelar Heidi Gjermundsen Broch. Både ho og regissør Charlotte Frogner har lenge ønska å overføre den kritikarroste romanen Jeg foreslår at vi våkner av Beate Grimsrud til teaterscenen.

  • Linn Ullmanns Jente, 1983 blir teater

    Linn Ullmanns personlege Jente, 1983 blei ein braksuksess da han kom ut i 2021. Romanen blei heidra med panegyriske kritikkar, eit dryss av prisar og rangert mellom årets beste bøker i alle dei største media. No er Gjertrud Jynge er klar til å formidle eg-personens tankar frå scenen, og kjenner seg godt igjen i stoffet.

  • Campingbilteater rullar inn på Scene 3

    Med enkle, verknadsfulle effektar, rekvisittar og humor som passar både liten og stor, formidlar Campingkompaniet folkeeventyr i ny, fargerik drakt. Denne gongen skal Oskeladden (kalla Esther Oskeladd) og brørne ut i verda for å vinne prinsessa som ingen kan målbinde. Urpemiere på Det Norske Teatret 31. august 2024.

  • Jae Nyamburah er Hedda Gabler

    - Vi skal lage Hedda Gabler litt som ein episode i Falcon Crest, seier regissør og påtroppande teatersjef, Kjersti Horn. Ho har fått med seg eit stjernelag av skodespelarar, og i spissen står Jae Nyamburah som ei både utagerande og sårbar Hedda Gabler.
    HEDDA GABLER
    av Henrik Ibsen, til nynorsk ved Aina Basso
    PREMIERE 7. SEPTEMBER KL. 18.00
    HOVUDSCENEN
    - Ho får ikkje, eller får ikkje

  • Erik Ulfsby lanserer sin siste haustsesong som teatersjef

    Etter fjorten år som kunstnarleg leiar, legg Erik Ulfsby fram sitt siste repertoar. Det har vore år med vekst, framgang og mange store opplevingar som vil gå inn i teaterhistoriebøkene. Denne siste hausten vil han mellom anna by på eventyr for barn, to suksess-romanar som skal få nytt blikk på seg i scenelyset, jazzteater og eit eksistensielt drama om krig og kunst som han sjølv vil sette i scene.

  • Siste del av Goksøyr & Martens livsfrise

    Kunstnarduoen Goksøyr & Martens er klar med fjerde og siste del av den monumentale pentalogien livet, og denne gongen handlar det om overgangsalder og overgangar i familie- og yrkeslivet.

  • NetNordic og Det Norske Teatret inngår samarbeidsavtale for å kombinere kunst og teknologi

    NetNordic, ein leiande leverandør av IT-løysingar og -tenester, kunngjer i dag ein spennande samarbeidsavtale med Det Norske Teatret, ein av dei fremste kulturinstitusjonane i Noreg. Avtalen, som strekker seg over dei neste tre åra, markerer starten på ein unik partnarskap med mål om å utforske og utvikle innovative moglegheiter innanfor kunst og teknologi.

  • Nytt teaterstykke frå Nobelprisvinnar Jon Fosse

    Noreg fekk sin første Nobelprisvinnar på 95 år i Jon Fosse. No er Det Norske Teatret aktuell med urpremiere på hans neste stykke Einkvan. For den komande teatersjefen Kjersti Horn er det første gongen ho arbeider med ein Fosse-tekst.
    EINKVAN
    av Jon Fosse
    URPREMIERE TORSDAG 25. APRIL KL. 19.30
    SCENE 2

    PREMIERESAMTALE FØR FRAMSYNINGA KL. 18.30
    Regissør Kjersti Horn i samtale me

  • Spynorsk: Splitter ny musikal inspirert av nynorsk ordliste


    Går det an å lage ein musikal om kløyvd infinitiv? Ja, det gjer det faktisk! Og det er den humorsterke duoen Are Kalvø og Ingrid Bjørnov som står bak denne nye musikalen, inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen.
    SPYNORSK. THE MUSICAL.
    av Are Kalvø og Ingrid Bjørnov
    URPREMIERE LAURDAG 13. APRIL KL. 18.00
    HOVUDSCENEN


    Spynorsk er ei kontrafaktisk forte

  • Fotballen som kamparena

    Er sport ein form for krig i fredstid? Sportskoret tek for seg fotballen som fenomen og idé og alt den fører med seg av medieoppstyr, fankultur, trenardrama og kjønnskamp.

    SPORTSKORET
    av Elfriede Jelinek
    PREMIERE TORSDAG 14. MARS KL. 20.00
    SCENE 3
    Handlar fotball om spel, om likemenn som møtest til dyst for å leike? Eller handlar det om kven som har mest pengar til å kjøpe dei b

Vis mer