Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Kva om livet er meiningslaust?

    Du lever, du døyr, og du døyr ulykkeleg. Det er innsikta som plutseleg slår ned i keisaren Caligula. Og løysinga på dette er like enkel som ho er brutal: Den vilkårlege døden.
    CALIGULA
    av Albert Camus
    PREMIERE LAURDAG 24. FEBRUAR KL. 18.00
    HOVUDSCENEN
    Ifølge Caligula, lever vi alle usanne liv, dersom vi trur at liva våre har meining. Berre om vi innser dette, kan vi bli frie. Og da

  • Suksessframsyning frå Danmark i norsk versjon



    Da faren til regissør Anna Malzer blei alvorleg sjuk, bestemte ho seg for å lage teater om dei spørsmåla som oppstod da ho skulle ta farvel. Tatovering er ei framsyning basert på ekte følelsar, seier ho sjølv.

    TATOVERING
    av Anna Malzer
    NOREGSPREMIERE TORSDAG 15. FEBRUAR KL. 19.00
    DET NORSKE TEATRET I GRORUDDALEN, ROMMEN SCENE
    Berre 27 år gamal blei Anna Malzer direktør

  • Hør her´a blir leikent forteljarteater

    Småfrekk, fornøyeleg, sjarmerande og forfriskande. Lovorda har hagla over Gulraiz Sharifs roman Hør her’a etter utgjevinga hausten 2020. Den kritikarroste ungdomsromanen frå 2020 har alt rukke å bli kinofilm, og no skal denne sjarmerande feelgoodforteljinga frå ein norsk-pakistansk familie på Oslos austkant bli teater.
    HØR HER´A
    av Gulraiz Sharif
    URPREMIERE FREDAG 9. FEBRUAR KL. 19.30

  • Når ho slår

    Are og Kine blir stormforelska. Ho er så inntakande og sjarmerande, og dei har det så fint i lag som berre nyforelska par kan ha det. Men nokre gonger er ho litt underleg og avstengt, på eit vis. Og så får han det første slaget. Heilt utan forvarsel og at han skjønar kvifor.

  • Kva får ein ung mann til å drepe foreldra sine?

    I 1981 knivstakk ein 18 år gamal italiensk mann mor si 32 gonger, for deretter å kvele faren. Truleg fordi han ikkje fekk låne bilen. Så la han dei døde kroppane i eit badekar med lime for å forseinke forråtninga av lika. Namnet hans var Roberto Succo, og foreldra skulle ikkje bli dei siste han drap. Nokre år seinare gjekk dramatikaren Bernard-Marie Koltés forbi ein plakat med bilde av den da ette

  • Ane Dahl Torp jaktar Moby Dick

    Blod, olje og vatn vil flyte på scenen når kaptein Akab og mannskapet mønstrar på Hovudscenen for å fange den frykta kvite kvalen Moby Dick.

    MOBY DICK
    av Herman Melville
    Premiere 19. januar kl. 19.00
    Hovudscenen

    Vinden vil røske tak i publikum og sjøsprøyten gå høgt over scenen når skuta til den forrykte kaptein Akab, i Ane Dahl Torps skapnad, legg ut på tokt for å drepe kva

  • Ina Svenningdal og Kaia Varjord er fast tilsette ved Det Norske Teatret


    I dag beslutta teatersjef Erik Ulfsby å gi fast tilsetjing ved teatret til skodespelarane Ina Svenningdal og Kaia Varjord.

    - Det er alltid ei glede styrke det faste ensemblet ved teatret med nye skodespelarkrefter. Ina og Kaia er vidt forskjellige, men har begge over år vist at dei er allsidige skodespelarar som styrker ensemblet ved teateret på kvar sitt vis, seier ein glad teatersjef

  • Spennande vårsesong på Det Norske Teatret

    Ei historie om menneskas kamp mot naturen, om dødeleg overmot og usannsynlege vennskap. Her er våren 2024 på Det Norske Teatret.


    ROBERTO ZUCCO
    av Bernard-Marie Koltès
    Regissør: Ivica Buljan
    Psykologisk thriller basert på ei sann historie.
    PREMIERE 12. januar 2024
    Scene 2



    NÆRE RELASJONAR
    av Maria Tryti Vennerød
    Regissør: Marie Blokhus
    Om ein ikkje d

  • Hans og Grete gratis - og med ein vri

    Når Det Norske Teatret set opp det kjende eventyret om Hans og Grete, er hovudpersonane Frans og Merete. Dei har ikkje råd til godteri eller gåver til jul. Men framsyninga - den kan publikum sjå gratis*.
    HANS OG GRETE
    basert på eventyret av brørne Grimm
    PREMIERE TORSDAG 16. NOVEMBER KL. 18.00
    SCENE 3

    Det er fargesprakande, skakt og humoristisk når Scene 3 blir åstad for Frans og

  • Sagprosa på Hovudscenen

    Det er eit stort eksperiment som går føre seg på Hovudscenen. Kan skogens ro få ei scenisk form?
    HEIL VED
    inspirert av boka til Lars Mytting. Musikk av og med Stein Torleif Bjella
    URPREMIERE SØNDAG 12. NOVEMBER KL. 18.00
    PÅ HOVUDSCENEN

    PREMIERESAMTALE
    FØR PREMIEREN KL. 17.00
    Lars Mytting og Erik Ulfsby i samtale med Kari Toft
    - Det er ei hyllest til arbeidet i skogen. D

  • Ungdom frå Groruddalen med ei viktig melding

    "Er mikrofonen min på?" referer til ei fråsegn frå den unge miljøaktivisten Greta Tunberg, og er eit akutt naudskrik frå ein generasjon som har arva ei brennande verd. Canadiske Jordan Tannahills tekst frå 2021 er skrive for å bli framført av unge menneske, og denne gongen er det ungdomar frå Groruddalen som står på scenen. Og dei har ei viktig melding til foreldregenerasjonen.

    ER MIKROFONE

  • Prisras på Scene 3! Alt skal vekk!!

    Kva om all kunst var gratis? Ville kunsten vore annleis? Ville andre oppsøkt han, eller ville publikum forblitt det same? Kjem det fleire? Dette og meire til vil teateret undersøke gjennom Alt er gratis*-perioden på Scene 3, som blir sparka i gang med ei komedie om kjerringer som ikkje vil betale for seg i butikken.
    ALT ER GRATIS* frå 19. oktober og ut året
    PREMIERE PÅ VI BETALER IKKJE! VI B

Vis mer