Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Emil Johnsen og Vetle Bergan er fast tilsette ved Det Norske Teatret

    Emil Johnsen og Vetle Bergan er fast tilsette ved Det Norske Teatret

    I går beslutta teatersjef Erik Ulfsby å gi fast tilsetjing ved teatret til skodespelarane Emil Johnsen og Vetle Bergan. - Dette gjer eg sjølvsagt i samråd med den kommande teatersjefen Kjersti Horn, men det er veldig fint å kunne knyte til oss to skodespelarar som på ulikt vis har vore med å styrke teateret dei siste åra, seier noverande teatersjef Erik Ulfsby.

  • Det Andre Teatret har nok ein gong snike seg inn på Det Norske Teatret for å stele scenen.

    Nytt scenetjuveri på Det Norske Teatret

    Kva kan hende når improvisatørane frå Det Andre Teatret "stel" scenen på Det Norske Teatret? Alt, kanskje?
    UT OG STJÆLE SCENER
    DET ANDRE TEATRET PÅ DET NORSKE TEATRET
    LAURDAG 7. DESEMBER KL. 19.00
    SCENE 2
    Vanlegvis er det ikkje lov til å tulle i scenografien til ei framsyning. Bortsett frå ein gong i året, og det er for lukka dører under teaterets interne teknikarrevy. Men Det Norsk

  • Herborg Kråkevik er eit namn mange forbind med jul. I år er ho også aktuell med 24-stjerners julekalender i tillegg til at juleheftet Juleroser kjem ut for 10. gong. Og tre søndagar i advent inviterer ho til ein varm førjulsfest på Hovudscenen.

    Herborg Kråkeviks Juleroser blir julekonsert

    I høve 10-årsjubileet for Herborg Kråkeviks tradisjonsrike Juleroser, kjem magasinet for første gong til live på Hovudscenen tre søndagar i advent. På scenen står mellom andre Sondre Lerche, Oslo Filharmoniske kor, Linda Eide, Jo Nesbø, Vigdis Hjorth, Janove Ottesen, Vetle Lid Larsen og Carsten Jensen i lag med Kråkevik sjølv og skodespelarar frå Det Norske Teatret.

  • Den populære læraren Astrid (Kirsti Refseth) får alvorlege anklagar kasta mot seg. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

    Når læraren kjem for nær

    Kor nær kan læraren vere eleven sin? Og kva skjer når eit parforhold er basert på løgn? På Scene 3 er det duka for eit intenst kammerspel der kampen om sanninga står på spel.

  • Kan ein gjere seg fri frå alt?

    Kan ein gjere seg fri frå alt?

    Som sitt siste regiarbeid som teatersjef ønskjer Erik Ulfsby nok ein gong å mane til refleksjon. I ei tid da demokratia forvitrar, krigar blussar opp og kunsten slit med å vere aktuell for publikum, går han rett inn i samtalen. Gjennom historia om to flyktningar på veg til Fridomens land, diskuterer han mellom anna sjølve fridomsomgrepet og kva verdien av kunst er.

  • Kjersti Horn lanserer sin første teatersesong

    Kjersti Horn lanserer sin første teatersesong

    Kjersti Horns første teatersesong er både ambisiøs og mangfaldig, og byr på masse ny norsk dramatikk, fleire sterke kvinnehistorier, grensesprengande teater, KI-generert teater, politisk historie fortalt med glitter og glam og ferske forteljingar frå gata.

  • Tre musikarar og seks skodespelarar gir nytt liv til norske folkesongar i Jazz på nynorsk. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

    60 år sidan Jazz på svenska: No kjem Jazz på nynorsk

    For 60 år sidan blei jazzplata Jazz på svenska gitt ut. Lite visste bakmennene Jan Johansson og Georg Riedel om det skulle bli Sveriges mest selte jazzalbum gjennom tidene. Musikken har utan tvil også gjort inntrykk på eit utal norske lyttarar og musikarar. Går det an å gjere noko liknande med dei norske folketonane?

  • Lars Mytting, forfattaren bak boka Hel ved, blir no sjøl å sjå i teaterframsyninga basert på boka hans. Foto: Ole Herman Andersen.

    Lars Mytting debuterer på teaterscenen i Heil ved

    - Eg hadde jo aldri trudd ei sakprosabok om ved skulle bli teater, sa Lars Mytting da boka hans, Hel ved, skulle bli teater. Han hadde nok heller ikkje trudd at han sjølv skulle bli ein del av framsyninga, men no skjer det også.

  • Vetle Bergan og Gina Bernhoft Gørvell er igjen klare som Julian og Hedvig i Maja Lunde og Lisa Aisatos Snøsøstera. Foto: Erik Berg.

    Ny juleklassikar? Snøsøstera tilbake på Det Norske Teatret

    Både Aftenposten og Dagbladet trilla seksar på terningen da Snøsøstera hadde urpremiere for to år sidan. No kjem teaterversjonen av julekalenderromanen til Maja Lunde og Lisa Aisato tilbake, til glede for nye og gamle publikummarar.

  • Heidi Gjermundsen Broch som Vilde Berg får livet - eller døden - rett i trynet. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

    Beate Grimsruds siste roman blir teater

    Idet ein konvolutt frå Karolinska Sjukhuset dumpar ned i postkassa til Vilde Berg, tek livet ei heilt ny vending. Ho har fått kreft. Likevel er dette ei historie om livstrong, ikkje om døden, meiner skodespelar Heidi Gjermundsen Broch. Både ho og regissør Charlotte Frogner har lenge ønska å overføre den kritikarroste romanen Jeg foreslår at vi våkner av Beate Grimsrud til teaterscenen.

  • Gjertrud Jynge spelar hovudpersonen i stykket. Uttrykket til framsyninga er eit bilde av henne frå da ho sjølv var 16 år.

    Linn Ullmanns Jente, 1983 blir teater

    Linn Ullmanns personlege Jente, 1983 blei ein braksuksess da han kom ut i 2021. Romanen blei heidra med panegyriske kritikkar, eit dryss av prisar og rangert mellom årets beste bøker i alle dei største media. No er Gjertrud Jynge er klar til å formidle eg-personens tankar frå scenen, og kjenner seg godt igjen i stoffet.

  • Lisa Birkenes Thun og Sofia Knudsen Estifanos fortel eventyr for dei minste med humor og energi. Foto: Magnus Skrede.

    Campingbilteater rullar inn på Scene 3

    Med enkle, verknadsfulle effektar, rekvisittar og humor som passar både liten og stor, formidlar Campingkompaniet folkeeventyr i ny, fargerik drakt. Denne gongen skal Oskeladden (kalla Esther Oskeladd) og brørne ut i verda for å vinne prinsessa som ingen kan målbinde. Urpemiere på Det Norske Teatret 31. august 2024.

Vis mer