INVITASJON: Lanseringsfest og forsmak på Kjersti Horns første teatersesong
No er Kjersti Horn teatersjef ved Det Norske Teatret, og med det inviterer ho til fest med servering av smårettar frå repertoaret.
No er Kjersti Horn teatersjef ved Det Norske Teatret, og med det inviterer ho til fest med servering av smårettar frå repertoaret.
Undertrykte kjensler kan vere livsfarlege om dei tek fyr. Når begjæret blir vekt hos Lady Macbeth - blir både heftig elskov og pengar verd å drepe for.
Konsekvensane av å ikkje kunne elske den ein vil, kan vere drepande. Det er temaet i gjestespelet David og Jonatan frå Det Norske Fossekompaniet. No kjem framsyninga til Det Norske Teatret.
I går beslutta teatersjef Erik Ulfsby å gi fast tilsetjing ved teatret til skodespelarane Emil Johnsen og Vetle Bergan. - Dette gjer eg sjølvsagt i samråd med den kommande teatersjefen Kjersti Horn, men det er veldig fint å kunne knyte til oss to skodespelarar som på ulikt vis har vore med å styrke teateret dei siste åra, seier noverande teatersjef Erik Ulfsby.
Kva kan hende når improvisatørane frå Det Andre Teatret "stel" scenen på Det Norske Teatret? Alt, kanskje?
UT OG STJÆLE SCENER
DET ANDRE TEATRET PÅ DET NORSKE TEATRET
LAURDAG 7. DESEMBER KL. 19.00
SCENE 2
Vanlegvis er det ikkje lov til å tulle i scenografien til ei framsyning. Bortsett frå ein gong i året, og det er for lukka dører under teaterets interne teknikarrevy. Men Det Norsk
I høve 10-årsjubileet for Herborg Kråkeviks tradisjonsrike Juleroser, kjem magasinet for første gong til live på Hovudscenen tre søndagar i advent. På scenen står mellom andre Sondre Lerche, Oslo Filharmoniske kor, Linda Eide, Jo Nesbø, Vigdis Hjorth, Janove Ottesen, Vetle Lid Larsen og Carsten Jensen i lag med Kråkevik sjølv og skodespelarar frå Det Norske Teatret.
Kor nær kan læraren vere eleven sin? Og kva skjer når eit parforhold er basert på løgn? På Scene 3 er det duka for eit intenst kammerspel der kampen om sanninga står på spel.
Som sitt siste regiarbeid som teatersjef ønskjer Erik Ulfsby nok ein gong å mane til refleksjon. I ei tid da demokratia forvitrar, krigar blussar opp og kunsten slit med å vere aktuell for publikum, går han rett inn i samtalen. Gjennom historia om to flyktningar på veg til Fridomens land, diskuterer han mellom anna sjølve fridomsomgrepet og kva verdien av kunst er.
Kjersti Horns første teatersesong er både ambisiøs og mangfaldig, og byr på masse ny norsk dramatikk, fleire sterke kvinnehistorier, grensesprengande teater, KI-generert teater, politisk historie fortalt med glitter og glam og ferske forteljingar frå gata.
For 60 år sidan blei jazzplata Jazz på svenska gitt ut. Lite visste bakmennene Jan Johansson og Georg Riedel om det skulle bli Sveriges mest selte jazzalbum gjennom tidene. Musikken har utan tvil også gjort inntrykk på eit utal norske lyttarar og musikarar. Går det an å gjere noko liknande med dei norske folketonane?
- Eg hadde jo aldri trudd ei sakprosabok om ved skulle bli teater, sa Lars Mytting da boka hans, Hel ved, skulle bli teater. Han hadde nok heller ikkje trudd at han sjølv skulle bli ein del av framsyninga, men no skjer det også.
Både Aftenposten og Dagbladet trilla seksar på terningen da Snøsøstera hadde urpremiere for to år sidan. No kjem teaterversjonen av julekalenderromanen til Maja Lunde og Lisa Aisato tilbake, til glede for nye og gamle publikummarar.