Stor interesse for Vilt og Vin med Merete Bø og Thomas Giertsen i Myrkdalen
Merete Bø og Thomas Giertsen er i vinden med podkasten “Jeg kan ingenting om vin”, og laurdag 23. oktober kan ein oppleva dei live. Myrkdalen inviterer til ein morosam, smakfull og lærerik kveld med Vilt og Vin i Fjellstova Vetlebotn. Arrangementet ser ut til å bli svært populært, berre få dagar etter at det vart publisert nærmar arrangementet seg utselt.