Bokhandelens forfattarstipend til Arne Henning Årskaug
Arne Henning Årskaug mottar bokhandelens forfattarstipend 2023 under Litteraturfestivalen 24.mai.
Arne Henning Årskaug mottar bokhandelens forfattarstipend 2023 under Litteraturfestivalen 24.mai.
Ocean Vuongs nye diktsamling Tida er ei mor kjem 19.5. Same helg kjem forfattaren til Noreg for å bli innlemma i Framtidsbiblioteket. Vuong skal også til Litteraturfestivalen på Lillehammer.
Vuong (f. 1988) er fødd i Vietnam og oppvaksen i USA. Han var den første i familien sin som lærte å lese. Han er poet, romanforfattar og essayist og har motteke ei rekkje prisar, mellom anna Whiting Award 2
Alf Helleviks mediemålpris for 2022 går til Vidar Eidhammer!Prisen vart delt ut som ei overrasking under eit fredagsmøte på NRK 5. mai 2023.
Juryen seier mellom anna følgande om Eidhammer:
"Prisvinnaren har nærast blitt eit nynorsk varemerke, ein dagleg nynorsk-garantist i NRK sine nyheitssendingar på radio. Vidar Eidhammer er eit viktig symbol for at det nynorske normaltalemålet skal leva
I den nye romanen til Oskar Stein Bjørlykke møter vi Heine Bakke som blir fødd 3. januar 1939 og veks opp i den vesle bygda Hadlo på Vestlandet. Barndomen hans blir prega av både krig og fred, vonde og gode erfaringar, men det er likevel dei store og små sansingane i kvardagen som gjer størst inntrykk på Heine. Gjennom eit ope og undrande barneblikk teiknar Bjørlykke eit nært og poetisk portrett a
Ny diktsamling for barn frå prisvinnande og kritikarroste Ruth Lillegraven. Badesommar er forteljande dikt om starten og slutten på livet. Boka er vakkert illustrert av prislønte Mari Kanstad Johnsen.
Kari Mathilde Hestad debuterer med ungdomsromanen Sceneskifte; ein sterk roman om forelsking, seksualitet og kjønnsroller.
Årets festspeldiktar og Jakob og Neikob-skapar Kari Stai er aktuell med ny bildebok for barn. "Er det sant at" handlar om å bere på historier. Det er ei forteljing om fedrar, sakn og kjærleik.
Ein poet sit på heimekontoret, omgitt av flytteesker med bøker. Gjennom loftsvindauget har han utsikt over heile Trondheim. Frå dette utkikkspunktet snakkar han med døde barndomsvenner, familiemedlemmer og kunstnarar, i ein samtale som vandrar frå superheltteikneseriar, filmteori og uskuldige piggsvin til oppvekst, tid og økonomi. Heile tida vaker spørsmåla i randsona: Kvifor er eg poet? Kvifor le
Journalist Line Nagell Ylvisåker, som har budd på Svalbard sidan 2005 gir oss i den nye boka Annleislandet Svalbard ei spennade innføring i denne spesielle staden; dei storpolitiske tilhøva og korleis det fungerer å ha eit liv der.Svalbard er den einaste plassen i verda der menneske kan slå seg ned utan visum eller opphaldsløyve. Alle kan busetja seg der, men ein må ha jobb eller pengar nok til å
Den store norske siderguiden av Thomas Digervold er den første boka som gir deg ei innføring i polets breie utval av sidarar frå heile landet.
Noreg er eit av dei mest spennande siderlanda i verda akkurat no. Digervold har smakt seg gjennom kassevis med sprudlande eplevin for å hjelpe deg å finne dei beste polkjøpa frå norske fruktgardar. Du lærer også korleis du luktar og smakar, og får ein le
Den prisvinnande forfattaren og poeten Sigmund Løvåsen er aktuell med diktsamlinga Tusen elgar i garasjen, ei morosam og undrande samling dikt for barn og vaksne i alle aldrar.
Kulturdepartementets Bildebokpris på 50 000 går til Markus Lantto og Camilla Kuhn (ill.) for Kåre og Marimba hjelper til.
Om boka: Kåre og Marimba kjedar seg. Fornuftige Kåre foreslår at dei kan rydde rommet, men Marimba vil ete is. Til slutt blir dei einige om å bruke tida på å hjelpe den første dei møter. Det blir Torsten, ein mann som står og fiklar med låsen på ein sykkel og absolutt ikkj