Gå videre til innhold

Emner: Kultur

  • Eva Jensen med ny diktsamling

    Den nye samlinga dikt og prosa frå Eva Jensen, "Vidareutdanning i lys og skugge" inneheld nærbilete frå kvardagen til ein diktar, observasjonar av nærmiljø, arbeidsliv, reiser og natur.

  • Tora Seljebø debuterer med dikt

    Tora Seljebøs debutbok er ei poetisk forteljing om å miste nokon og om å leite etter seg sjølv. Dikt om det som endrar seg og det som forsvinn, både menneske og natur.

  • Samlagets vårliste 2014

    Jon Fosse, Einar Økland, Odd Nordstoga, Marit Kaldhol, Ruth Lillegraven, Lars Mæhle, Anne Viken, Jon Hjørnevik og Gunnar Danbolt er blant namna på Samlagets vårliste. Forlaget har tre debutantar på vårlista.

  • Blixprisen 2013 til Teresa Grøtan

    Blixprisen for 2013 går til Teresa Grøtan frå Stokmarknes, busett i Bergen.
    Nemnda grunngir tildelinga av prisen slik:
    "Årets Blixpris-vinnar er ein kunnskapsrik forfattar, som på ein framifrå måte nyttar journalistisk erfaring og metode i forfattarskapen sin for barn og unge, kombinert med eit godt auge for den unge lesaren og litterær teft. Det er med glede nemnda i år kan gi prisen ti

  • Jens K. Styve aktuell med romanen Friedland

    Jens K. Styve (f. 1972) fekk i 2007 strålande mottaking for debutboka si Eg, Ove Kvamme, no tek han forfattarskapet vidare i romanen Friedland, ei dramatisk og fengjande historie frå Nord-Noreg. Det føregår i eit mørkt og småkorrupt bygdeunivers som er ispedd solide dosar med humor og menneskeleg varme. Odd Friedland er litt som Snåsamannen, berre utan dei gode intensjonane.

  • Melsomprisen til Linda Eide

    Linda Eide får årets Melsompris for "Oppdrag mottro - jakta på gamle dagar". Prisen er på 40 000 og vert delt ut av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget

  • NY, HISTORISK ROMAN, "RASMUS REBELLEN" AV ØYSTEIN ORTEN

    Rebellen er ei mektig og særprega historie om Engelbrektsson Bust, som er ein forfader av forfattaren sjølv. Det er 1650. Folket i Noreg vert meir og meir tynt av aukande skattar, hardhendt lovpraksis og korrupte futar. På Sunnmøre og i Romsdal manar bondeføraren Rasmus Engelbrektsson Bust (1588–1666) folket til kamp mot overmakta.

  • Ottar Grepstad med ny bok: "Språksansen. Kalender om alle verdas språk"

    7.10. lanserer Ottar Grepstad ei ny språkbok som tek for seg språksituasjonen i verda. Han gjer historiske- og geografiske dykk, rissar opp dei viktigaste språkfakta, siterer forfattarar og språkforskerar. 270 språk er nemnde i kalenderboka, likeså 366 forfattarar (ein for kvar dag i året). Ei bok med brei kunnskap og glede for språk i sjølvaste språkåret.

  • Kjærastepar på 23 år debuterer med roman, "& me skal bli omskapte"

    Kjærasteparet Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland debuterer med romanen "& me skal bli omskapte". Det er ei forteljing om vestlendingen Jakob og sjokoladebutikken han startar i London. Det er ei forteljing om familieband med lange skuggar, kjærleik som råkar hardt, og den vanskelege kampen for å få bestemma over sitt eige liv.

Vis mer