Gå videre til innhold

Emner: Kultur

  • Ny bok som gjer deg til ein bevisst forbrukar: "Handle rett. Lure val i ein matbransje full av juks" av Siri Helle

    På matbutikken tek me mange val. Berre ei heilt ordinær syltetøyhylle kan skapa hovudbry. Kva skal eg velje? Mat er næring, sosialisering, økonomi og arbeidsplassar, men mat òg ei rekke val: Kva er sunnast? Kva er mest berekraftig? Kva er rett pris å betale? I boka Handle rett. Lure val i ein matbransje full av juks gir agronomen og matentusiasten Siri Helle lesaren møte med gjengangarar frå no

  • Lansering: "Sjakk. Ei kjærleikshistorie" av Bård Vegar Solhjell

    Lanseringsarr. Fisk og Vilt, Pløensgt 1 i Oslo, 23.10. kl 19.
    Bård Vegar Solhjell presenterer boka. VG Tvs Mads Andersen samtalar med Solhjell, Abid Raja, og toppspelar Silje Bjerke.
    Heile livet har politikaren Bård Vegar Solhjell vore djupt fascinert av sjakk. I barndomen var han ein talentfull sjakkspelar, seinare vart sjakken meir som ein hemmeleg lidenskap.
    I boka forklarer Solhj

  • Ny bok i internasjonal, anerkjend serie: "Gjengkrigen"

    No kjem bok nr. 8 i den bestseljande agentserien CHERUB. Det er gjengane som styrer den britiske underverda, og då det bryt ut krig mellom to av dei, eksploderer valden i gatene. Politiet treng rask informasjon om det som skjer, og James Adams har kontaktane som skal til for å infiltrere den aller farlegaste gjengen, for han jobbar for CHERUB.

  • Laura Djupvik aktuell med moderne juleforteljing: "God dag, herr Jul"

    Malin og veslesøstera Molla har flytta inn i eit gammalt trekkfullt hus, i ein by dei så vidt kjenner og utan pappa. Alt er annleis, men jula kjem vel uansett. Eller gjer ho det? Ifølgje Onkel Thor kjem det heilt an på engelen Gabriel og ei rekkje andre ting om det i det heile blir jul. Og lenger ned i gata bur Henrik, den spesielle guten som kan alt om ord.

  • Aina Basso ute med ny historisk roman: "Finne ly"

    Aina Basso er aktuell med sin nye historiske roman "Finne ly", ei forteljing frå romanifolkets nære forhistorie, som også speglar vår tid. Vi møter den reisande romanijenta Hanna som søkjer teneste hos ein enkemann med sine to vaksne søner. Fordommar, frykt og sjalusi gjer seg etterkvart gjeldande, og Hanna må ta stilling til kva tryggleiken er verdt om han går på kostnad av hennar eigen fridom.

  • Bokaktuelle Gunnar Garfors besøkte alle fylkene i landet på 24 timar

    16.9. kl 00.01 starta Garfors på rekordforsøket landet rundt, og etter 22, 5 timar landa han og broren, Øystein Garfors i Alta i Finnmark. På stuntet brukte dei ei ferje, to bilar, og sju fly. På torsdag lanserer Garfors reiseboka si 198. Mi reise til alle verdas land.

  • Uprisvinnar Torkildsen aktuell med ny ungdomsroman "Arrfjes"

    I april 1812 oppdagar førstereisguten Ejner Tevig og resten av mannskapet om bord på den norske skuta Haabet ein engelsk brigg i Nordsjøen. Kanonbåtkrigen med England er på sitt hardaste og fleire tusen norske sjømenn blir tekne til fange og sende i den engelske prisonen. Kapteinen på Haabet bestemmer likevel at dei skal kapre den engelske briggen. Det burde dei absolutt ikkje gjort.

  • Ny tradisjonell strikkebok frå Island er her: "Islandsk strikk"

    Islandsk strikk er ei bok med kring 60 tradisjonelle, men òg moderne oppskrifter for kvinner, menn og barn. Boka inneheld mange variantar av den klassiske islandske ullgensaren, men også mindre prosjekt som sokkar, vottar og skjerf. Islandsgensaren er eit eigna plagg i eit røft, nordisk klima.

  • Kjærleikstrilogien til Jon Fosse samla i eitt band

    I vår kom den siste romanen i i kjærleikstrilogien til Jon Fosse. No er dei samla i eitt band. I "Andvake" "Olavs draumar" og "Kveldsvævd" følgjer vi spelemannen Asle og kjærasten Alida, to elskande som prøver å finne sin stad i verda.

  • Kathrine Gregersen aktuell med "Strikk meir til nøstebarn"

    No kjem oppfølgjaren til "Strikk til nøstebarn" frå 2007: Kathrine Gregersen har utvikla nye oppskrifter og laga boka "Strikk meir til nøstebarn". Ingen av oppskriftene er publiserte tidlegare. Plagga er også denne gongen prega av begeistringa for det enkle og praktiske. Gregersen likar fine og gode bruksplagg som er enkle og artige å strikke.

  • Lars Mæhles nye krimbok, "Linnés dystre lærdom", er selt til tysk forlag

    Lars Mæhles nye krimbok, "Linnés dystre lærdom", er selt til det tyske forlaget, UIlstein Verlag, som blant anna gir ut Jo Nesbø og Liza Marklund sine bøker. Førsteboka i serien om psykolog og kickboksar Ina Grieg "Den mørke porten" er også selt til det same forlaget.

  • Ny barneroman i serien om Politihunden Falk

    Politihunden Falk på farleg oppdrag: Ei ny lettlesen og spennande bok om politihunden Falk og politidama hans, Hanne. Denne gongen må dei ut på leiting etter 11-åringen Mathias. Han er forsvunnen i løpet av natta, og Falk og Hanne må leite etter spor i snøkavet. Kan Mathias vere kidnappa? Dette oppdraget kan bli farleg!

  • Linn T. Sunne aktuell med ny ungdomsroman: "Alt du kan ønske deg"

    Siri kan berre ikkje la vere å møte Andreas som sender henne meldingar som får det til å krible i henne, sjølv om ho er kjærast med Jens.Har ein lov til å gjere det slutt med nokon som har det vanskeleg, sjølv om ein eigentleg vil?

  • Nytt nummer av Syn og Segn: om einsemd, klimasamtale med Kristin Halvorsen og mangelen på sinte politikarar

    Les om m.a. einsemd, klima, og mangelen på sinte politikarar i ny utgåve av Syn og Segn 3.14.
    Les meir om dette:
    EMNE: Einsemd er kanskje eit av dei siste tabua i samfunnet vårt i dag og fortener derfor eit nærmare blikk. Steinar Opstad, Lars Fr.H. Svendsen og ein anonym skribent ser på einsemda frå ulike synsvinklar.
    SAMTALEN: «Sist gong eg fylte bensin, måtte eg betale 900 kroner f

Vis mer