Gå videre til innhold

Emner: Kultur

  • Debuterer med tinder-dikt om den moderne datingkulturen

    Hovudpersonen i denne leikne og humoristiske diktsamlinga har det eigentleg heilt fint. Heilt til den dagen ho byrjar å sjå menn. Da bryt sjølvsagt helvete laus. Ho lagar seg ein profil på Tinder. Kor vanskeleg kan det vere å finne ein mann ein kan kjenne nærleik til? Det er trass i alt mange av dei i Tinder-straumen. Men korleis gjer ein gode val i eit hav av ingeniørar, skjematisk posering med s

  • Amalie Skram-prisen 2020 til Brit Bildøen

    Amalie Skram-prisen vert delt ut til ein norsk, kvinneleg, skjønnlitterær forfatter som skriv i Amalie Skrams ånd. I tillegg til diplom illustrert av kunstneren Ingri Egeberg, får vinnaren eit  reisestipend på 25 000. . 
    Frå juryens grunngjeving: 
    "Brit Bildøen skildrer mennesker som strever med å finne mening, som går inn og ut av forhold, som forsvinner og som kommer tilbake igjen. De ette

  • Færevåg klar med 29 forteljingar frå Røvær

    Den vesle jenta og havet handlar om å finne trøyst i litteraturen.
    Ein vinterdag i 1985 køyrer ei lita jente det grå akebrettet til broren utfor vegen og fell uti sjøen på grunna. Der blir ho liggjande med andletet ned og druknar, berre fem år gammal. Tilbake står ein familie på to vaksne og tre barn. Ingen såg kva som skjedde.
    Mange år etterpå nærmar broren seg ulykka gjennom å skrive. Han

  • Øystein Orten tar oss med tilbake til natt til 9. april 1940

    I Krigshistorier blir vi med tilbake til natt til 9. april 1940. Ved befalsskulen førebur elevane seg til eksamen i feltarbeid. Så går alarmen. Seinare blir to systrer sende ut i natta for å levere ein tung beskjed. Elleve ungdomar stel ein fiskebåt og set kursen vestover. Tilbake sit ein ung mann i arresten og ventar på å bli skoten. Snart ber ein hybelvert den unge gymnasiasten Abraham om å reis

  • Odd Goksøyr tilbake med bok om menneska og ritane

    Odd Goksøyr er aktuell med boka Aljamarkir, som handlar om menneska og ritane. 
    Ein mann skal skrive minneord over faren, og kjem på at dei aldri kjente kvarandre. Ein annan mann driv og dett frå kvarandre. Ei kvinne reiser til Shetland for å søke sitt opphav. Eit ekorn spring med spitord mellom Vengjekongen og Rotgnagaren.
    Goksøyr lar dei store perspektiva møte dei små menneska og skriv båd

  • Jon Fosse med nynorsk omsetjing av "Den vesle prinsen"

    Barnebokklassikaren Den vesle prinsen av Antoine de Saint-Exupéry kjem for første gong ut på nynorsk. Boka er omsett av Jon Fosse, med originalteikningane til Antoine de Saint-Exupéry.
    de Saint-Exupérys berømte barnebokklassikar, Le Petit Prince, er ei av verdas mest omsette og lesne bøker. Det finst i dag rundt 300 omsetjingar av boka, som skal vere seld i over 200 millionar eksemplar. Sjølv o

  • Ruth Lillegraven og Jens Kristensen aktuelle med miljøkrimserie for barn

    12. august lanserer Samlaget dei to første bøkene i "Klodeklubben" – ein heilt ny spenningsserie om miljø og klima for barn i alderen 6–9 år. Serien er skriven av Ruth Lillegraven, illustrert av Jens Kristensen og inneheld ein bonusdel med miljøfakta frå Aftenpostens Ole Mathismoen.
    Vanja, Sivert og Mo bur i ei lita bygd på Vestlandet. Men sjølv på ein liten stad kan mystiske ting skje, og det

  • Bildebok om ein konkurranse som kjem ut av kontroll

    11. august lanserer Samlaget "Bålet" av Trude Tjensvold. Tjensvold har skrive og illustrert ei rik forteljing om ein konkurranse som kjem ut av kontroll. 
    Beveren Bella trivst godt i skogen der ho bur, men ho er skeptisk til dyra som kjem på sommarbeite. Spesielt irriterer ho seg over grisen Sylte. Han veit alltid best! Dessutan synest han at dei ville dyra i skogen er gammaldagse og treige.

  • Bok om bygging av utedo selt til utgiving på engelsk

    Siri Helles bok Med berre nevane. Eit forsvar for praktisk arbeid er selt for utgiving på engelsk til anerkjende Granta Books i ein auksjon blant fleire forlag. Boka er ei historie om å bygge ein utedo på eiga hand og kjenne ei intens meistringsglede. Helle arva ei hytte på 25 kvadratmeter, utan straum og utan innlagt vatn, og utan utedo. Utedoen bestemte ho seg for å lage sjølv, litt som ein prot

  • Mediemålpris til journalistar i VGTV

    Alf Helleviks mediemålpris går i år til journalistane Stig Øystein Schmidt og Espen Moe Breivik i VGTV. Prisen vart delt ut på VGTV sin sommarfest i Oslo sentrum 18. juni 2020.
    Prisen skal gå til yngre faste nynorskbrukarar i radio og fjernsyn som legg vekt på å dyrka eit normalisert nynorsk talemål. Men også den dialektfarga nynorsken, som kjenneteiknar begge av årets prisvinnarar sitt språk,

  • Fridthiov Oos’ legat til unge skrivetalent

    Dei tre beste nynorskeksamenane er kåra
    Fridthiov Oos’ legat går kvart år til dei tre beste hovudmålseksamenane på nynorsk i den vidaregåande skulen. I år er vinnarane Jenny Heggheim Myklebust (Hafstad vgs. i Sunnfjord), Herdis Auestad Nergaard (Sandnes vgs.) og Anna Standal Tangen (Volda vgs.).
    - Juryen har hatt tekstar frå 42 kandidatar til vurdering. Det har vore ei glede å lesa desse te

  • Pest-klassikaren "Dekameronen" i nytt utval

    Giovanni Boccaccios verdskjende klassikar Dekameronen kjem no i nytt utval. 
    Litteraturhuset i Oslo sender eit foredrag med Jon Rognlien om verket 9.6.: https://www.facebook.com/events/2630963420504739/
    Youtube-lenkje til arr: https://bit.ly/2MK9C0I
    Året er 1348. Ti ungdomar flyktar frå svartedauden som herjar i Firenze, og isolerer seg i ein villa på landet. Alle er friske, og i ti dagar

  • Sterkt om klassereise og utanforskap i ny bok; "Mjøsa rundt med mor. Ei livsreise" av Bjørn Hatterud

    Bjørn Hatterud er homofil, funksjonshemma og klassereisande. Som tenåring drøymde han seg vekk frå heimbygda Veldre, nord for Brumunddal. På ein trimma moped tok han sine fyrste turar bort frå bygda, inn i fridommen. Då han var 21 år gammal, flytta han til Oslo, der han har budd sidan. I tankar og samtaler reiser vi mellom fortida og notida, bygda og byen, mellom ulike lag av minne frå livet til e

  • Diktartavla 2020 til Hilde Myklebust

    Olav H. Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum heidrar Hilde Myklebust med Diktartavla. Når Myklebust får si diktartavle på Diktarstien på Utne 12. september, går ho inn i rekkja av viktige poetar i vår tid. Etter at Olav H. Hauge mottok prisen i 1993, har sentrale norske lyrikarar kvart år blitt heidra på Diktarstien ved Hardangerfjorden.
    Hilde Myklebust (f. 1979) debuterte med diktsamli

  • Roman om Kielland-ulykka nominert til LOs litteraturpris

    Atle Berge er nominert til LOs litteraturpris for romnanen Puslingar. Prisen er nyoppretta og vert delt ut på Litteraturhuset i Oslo 26. august. Prisen skal auke statusen til arbeidarlitteraturen og løfte fram arbeidsfolks fortellingar. 
    Atle Berge er også nominert til EUs Litteraturpris for Puslingar.
    I Puslingar er Kielland-ulykka den historiske hendinga forteljinga kretsar rundt. Året er

  • Ny roman frå Elena Ferrante kjem 1. september

    Elena Ferrantes nye roman Dei vaksnes løgnaktige liv kjem på norsk 1. september. Det er nettopp klart at Netflix skal produsere ein tv-serie basert på boka i samarbeid med det italienske produksjonsselskapet Fandango. 
    Om Dei vaksnes løgnaktige liv: 
    I eit stort familieselskap oppdagar ungjenta og einebarnet Giovanna at den nære familievennen og faren til to av hennar beste venner beinflørta

  • Nynorsk litteraturpris til Jon Fosse for første band av Septologien

    Jon Fosse vert tildelt Nynorsk litteraturpris 2019 for boka Det andre namnet, første del av Septologien
    Prisen er på 30 000 kroner og den har blitt delt ut sidan 1982. Det er Noregs Mållag, Det Norske Teatret og Samlaget som står bak prisen, og det er tredje gong Jon Fosse får denne prisen.
    Juryen skriv m.a. dette i grunngjevinga: "Vinnarromanen er dei to første bolkane av eit storverk. På

  • Særmerkte, leikande og opprørske dikt frå Björner Torsson i norsk gjendiktning

    Den svenske poeten Björner Torsson har gjennom 50 år stått støtt på ein plass heilt for seg sjølv. Med dobbeltutgivinga av samlingane I skuggen av ein hare (2001) og Hüzun eller Den samanleggberre nasen (2012) blir han no gitt ut på norsk for første gong i samlinga Torsson x 2.
    Torssons dikt er i stadig rørsle, med høg energi og ein heilt eigen logikk og sans for absurditetar og det skapande po

Vis mer