Gå videre til innhold

Emner: Kultur

  • Herborg Kråkeviks bestseljande Juleroser garanterer julestemning


    Julehefta Juleroser og Barnas Juleroser 2021 har bidrag frå Agnes Ravatn, Ingrid Bjønov, Edvard Hoem, Gulraiz Sharif, Åge Aleksandersen, Karoline Krüger, Malin Falck med fleire. Herborg Kråkevik er redaktør for begge julehefta.
    Med relanseringa av Juleroser i 2015 tok Kråkevik opp ein tradisjon frå 1800-talet, fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta. I 2018 vart

  • Arild Rein ute med ny roman; "Domestiserte dyr"

    Dei tre monologane i Arild Reins nye roman Domestiserte dyr krinsar om skilsmisse, arv og død, og måtane slike hendingar på ein paradoksal måte blir markerte på. Ei eldre kvinne talar til ei yngre i kvar del. I «Skilsmissefesten» er det Ekhindra, alle monstrer si mor, halvt slange og halvt menneske, som fører ordet. I «Arvefesten» er det Athene, krigsgudinna, gudinna for rettferdige krigar, som fø

  • Ny forfattarskule inn på statsbudsjettet

    Det norske Samlaget og Minotenk har oppretta Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring. I sitt forslag til statsbudsjett, set regjeringa av 1,2 millionar kroner til den nye skulen.
    - Det er gledeleg at regjeringa ser verdien av å gjere den nynorske litteraturen meir mangfaldig og representativ for samtida vår, seier Edmund Austigard, administrerande direktør i Samlaget.
    Løyvinga

  • Årets vakraste juleforteljing

    Musikar Line Dybedal debuterer som barnebokforfattar med årets vakraste juleforteljing, Eit hjarte til jul, illustrert av Line Renslebråten.

  • Ny bok; "Vestlandsvegar. Historier om farlege og spektakulære vegstrekk" av Halvor Folgerø

    Journalist og forfattar Halvor Folgerø kjem med boka Vestlandsvegar 14.10. 
    Lansering på Norli Strandgaten 14.10. kl 20.00: https://bit.ly/3lrYoA8
    Vestlandet er kjend for smale, svingete og farlege vegar gjennom tronge fjordar og over bratte fjell. I dag er mange av skrekk-vegane erstatta av tunnellar. I denne boka tek Halvor Folgerø oss med på ei reise tilbake i tid og på utsida av tunnella

  • Biografien om Liv Signe Navarsete kjem hausten 2022

    Journalist og kommentator i Bergens tidende, Jens Kihl, skriv biografien om den markante Sp-politikaren. Boka er planlagt å komme på Det Norske Samlaget hausten 2022.
    -Dei aller fleste har ei meining om Liv Signe Navarsete. Ho gjorde ting på sin eigen måte og har aldri vore redd for å provosere. Eg håpar denne boka kan kaste nytt ljos over ein av dei mest særmerkte politikarane frå Vestlandet o

  • Ny roman frå Marit Eikemo; "Team Tuva"

    Marit Eikemos nye roman Team Tuva kjem 6.10. 
    Ingen kjem upåverka frå eit møte med Tuva. Noko ligg alltid igjen: ein smittande latter, litt større sjølvtillit, ein kraftig irritasjon, ein trong til å pakke saman for dagen og dra heim til kona - eller avgjerda om å satse på draumen sin, ein gong for alle.Vi møter Tuva gjennom dei profesjonelle i livet hennar: fastlegen, tannlegen, presten, advok

  • Agnes Ravatn på kortlista til den britiske krimprisen Petrona Award

    Agnes Ravatn er på kortlista til gjeve Petrona Award for den engelske utgåva av Dei sju dørene (The Seven Doors)  omsett av Rosie Hedger. Petrona Award vert delt ut årleg til den beste skandinaviske krimboka gitt ut i Storbritannia. Ho er nominert saman med m.a. Yrsa Sigurðardóttir, Mikael Niemi og Jørn Lier Horst.
    Agnes Ravatn har gitt ut ei rekkje bøker, både romanar og sakprosa, og fleire er

  • Samlaget og Minotenk går saman om ny forfattarskule for skrivande med minoritetserfaring

    Den nye forfattarskulen startar opp i januar 2022 med ti elevar.
    – Målet vårt er å løfte gode litterære stemmer med minoritetserfaring og gjere den nynorske litteraturen meir mangfaldig og representativ for samtida vår, seier Linda Noor, dagleg leiar i Minotenk.
    Forfattarskulen er samlingsbasert og skal gå over eitt år. Mellom samlingane får elevane oppfølging av etablerte forfattarar.

  • Ny bok om fotballklubben Barcelona; "Barça: i kamp sidan 1899" av Johannes Nymark

    FC Barcelona er ein av verdas største og mest populære fotballklubbar. Over heile verda går folk med fotballtrøyer med Messi, Xavi og Iniesta på ryggen. Klubben er ei global merkevare og eit viktig symbol på katalansk identitet. Og ulikt dei fleste store fotballklubbar er FC Barcelona eigd og styrt av klubbmedlemmene. I boka Barça. I kamp sidan 1899 går forskaren og fotballentusiasten Johannes Ny

  • Ny bok om autisme "Kunsten å feike arabisk" av Lina Liman, omsett av Olaug Nilssen

    Lanseringsarrangement: Litteraturhuset i Oslo onsdag 29.9. kl 19. Omsetjar av boka, Olaug Nilssen, i samtale med Lina Liman. https://litteraturhuset.no/arr...
    I 32 år lever Lina Liman med autisme utan å vite om det. Men ho veit at det er noko som ikkje stemmer. Ho lærer seg å feike for å passe inn, ho speler normal, heilt til det ikkje lenger går. Då journalisten og forfattaren Liman fekk diag

  • Radarparet Bø og Bæ er tilbake!

    Kultfigurane Bø og Bæ er tilbake for fyrste gong på 15 år! Bøkene blir rekna som moderne bildebokklassikarar, lesne og elska av vaksne og barn!

  • Ny strikkebok; Islandske vottar

    Eit par strikka vottar med vakkert mønster av godt garn er ein skatt som skal brukast og nytast i årevis. Her får du oppskrifter på vakre, varme og slitesterke islandske vottar. Islandske vottar byr på eit mangfald av teknikkar, mønster og stilar, og alle dei ulike vottane har si eiga historie. Det einaste tekstilmuseet på Island ligg i bygda Blöndós nord på øya. Der finst det ei unik samling med

  • Storverket Septologien av Jon Fosse komplett med lanseringa av band tre; "Eit nytt namn"

    Pressekonferanse og boklansering med Jon Fosse til stades kl 10 fredag 3.9. på Det Norske Teatret. 
    Pga. av korona må ein melde seg på arr. via denne lenkja:  https://bit.ly/2WL4sKv 
    Fosse er tilgjengeleg for pressa etter arrangementet. Avtal helst på førehand: karin.helgoy@samlaget.no
    Lanseringa markerer også starten på Den internasjonale Fosse-festivalen som varer til og med 12.9.
    He

  • Ny strikkebok av Ingvild Grane frå @skaperrom

    Ingvild Grane er klar med Strikk med Ingvild frå @skaperrom. Klassiske, enkle og fargerike plagg. Grane har i mange år delt strikkeglede i ein uvanleg delikat fargepalett på instakontoen @skaperrom. No har ho laga si alle første strikkebok. Her får du klassiske og enkle oppskrifter til baby, barn og dame, alt frå kvardagsgenserar, sokkar og luer til festfin kardigan og genseren for dei vakraste so

Vis mer