Samlagsprisen for 2023 til Brynjulf Jung Tjønn
Samlagsprisen for 2023 går til Brynjulf Jung Tjønn.
I grunngivinga har juryen lagt særleg vekt på dei fire siste utgivingane, Alt det lyse og alt det mørke, Smadra, Kvar dag skal vi vere så modige og Kvit, norsk mann:
"Tjønn gir lesaren innsikt i korleis stemningar og hendingar som eit menneske har tidleg i livet, set sterke spor og er styrande for livet som vaksen. Bøkene skildrar korleis