Gå videre til innhold

Emner: Kultur

  • Olga Ravn klar med romanen "Voksbarnet"; litterær true crime om hekseprosessane

    Den danske forfattarstjerna Olga Ravn er klar med romanen Voksbarnet, ein slags litterær true crime om 1600-talets hekseprosessar. Forfattaren, som vart kortlista til Bookerprisen for Dei tilsette, besøker litteraturhusa i Oslo og Trondheim 23. og 24.10.Den ugifte adelskvinna Christenze Kruckow blir skulda for trolldom og må flykta frå Fyn til Nordjylland. I Ålborg finn ho seg til rette i krins

  • Morosam og spennande skattejakt for mellomtrinnet

    Thoralf Fagertun gjorde stor suksess med debutboka Familien Gnork i 2022, i haust er han aktuell med si andre barnebok; Kobbs hus. Dette er ei eventyrleg og spennande bok om skattejakt og om å trasse frykta.

  • Sjarmerande og hjartevarm barnebokdebut

    Marthe Holien Bø debuterer som barnebokforfattar med den sjarmerande og hjartevarme boka Ni løgner og jakta på eit smil. Boka handlar om sorg og venskap, og er illustrert av Tiril Valeur.

  • Arill Riise klar med boka om klyngetunet der han vaks opp; "Der ingen var einsam"

    3.10. kjem boka Der ingen var einsam. Om klyngetunet som forsvann. Lansering på Sæbø i Møre og Romsdal:
    https://www.facebook.com/event...
    Då TV-profilen Arill Riise var ni år gammal vart heimen han budde i, og resten av klyngetunet Riise ved Hjørundfjorden, tatt av snøskred. Eit heilt lite samfunn vart utradert denne skjebnemorgonen i februar 1968. Av dei tre som omkom, var fire år gamle Iva

  • Ny roman frå kritikarroste Gaute M. Sortland; "Tid og rom"

    Gaute M. Sortlands nye roman Tid og rom rommar ei kjærleikshistorie og fleire vennskap, skriven med språkleg overskot og leiken humor. Gløym alt du trur du veit om tid og rom, len deg tilbake og bli med på turen.Ein forfattar vil sette spor etter seg og drøymer om å skyte den neste romanen sin ut i bane kring jorda. Samstundes er kjærasten Gerti på jobbseminar på Gardermoen og kjem i skade for å s

  • Odd Nordstoga fortel si eiga historie i den nye boka "Spelemann"

    Odd Nordstoga er ein av Noregs mest folkekjære og populære artistar. I den nye boka Spelemann fortel han si eiga historie.
    Lanseringsarr. på Tronsmo 5.9. 16.30: https://www.facebook.com/event...
    Odd Nordstoga legg ut på ein bokturné med Mona B. Riise rett etter lansering. Meir under.
    Spelemann er ei personleg forteljing om å vekse opp på gard, om å vera betre til å spela trekkspel enn fot

  • Maria Lavik klar med boka "Odelsskam. Å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar"

    «I femten generasjonar før meg har mine forfedrar lempa stein og slite med jorda slik at dei som kom etter, skulle få eit betre liv. Skal det ta slutt med meg? For eg bur i byen og har bygd meg eit godt liv der.»I boka Odelsskam skildrar odelsjenta Maria Lavik oppveksten på eit småbruk på Vestlandet. Ho veks opp med sauesanking, store avstandar, bokbuss annankvar torsdag og historier om ei livskra

  • Anders Totland klar med ny rølpete thriller om Jacob Juul; "Til døden skil oss"

    Den pensjonerte presten Jacob Juul er tilbake i Anders Totlands røpete, nye thriller; Til døden skil ossDet er ei veke til den nye presten i bygda, Maria, skal gifta seg med Gjertrud, og gamlepresten Jacob Juul har tatt på seg vertskapsrolla og invitert til bryllaupsfest i prestegarden. Han får god hjelp av barnebarnet, Isabella Donnatina, som også skal vera brurepike, og ikkje fullt så god hjelp

  • Samlagsprisen for 2023 til Brynjulf Jung Tjønn

    Samlagsprisen for 2023 går til Brynjulf Jung Tjønn.
    I grunngivinga har juryen lagt særleg vekt på dei fire siste utgivingane, Alt det lyse og alt det mørke, Smadra, Kvar dag skal vi vere så modige og Kvit, norsk mann:
    "Tjønn gir lesaren innsikt i korleis stemningar og hendingar som eit menneske har tidleg i livet, set sterke spor og er styrande for livet som vaksen. Bøkene skildrar korleis

  • Amalie Skram-prisen 2024 til Olaug Nilssen


    Amalie Skram-prisen 2024 går til til Olaug Nilssen
    Utdelinga skjer på den årlege markeringa av Amalie Skrams fødselsdag, 22. august. med eit ope arrangement på Litteraturhuset i Bergen kl 19.
    Juryen for Amalie Skram-prisen seier mellom anna dette om prisvinnaren:
    "Olaug Nilssens forfatterskap er preget av temperatur, vilje, saklighet, nysgjerrighet og opposisjon. Med bena godt plante

  • Poet Mona Vetrhus debuterer som barnebokforfattar

    Bildeboka Nattklubben av Mona Vetrhus og Sebastian Meschenmoser, er ei original, eventyrleg og smårampete nattaforteljing for heile familien. Nattklubben er Vetrhus sin debut som barnebokforfattar.

  • Biletbok om sorg

    Ny biletbok av prisvinnar Inger Lise Belsvik. Oske er ei poetisk bok om sorg og minna som lever vidare. Boka høver godt i sorgarbeid og som samtale om kva døden er.

  • Jon Fosse fekk Storkors av St. Olavs orden

    I dag fekk Jon Fosse Storkors av St. Olavs orden utdelt på ein sermoni på Det Norske Samlaget. Mette Tverli som er kansellisjef på slottet sto for overrekkinga. Berre to forfattarar har fått denne utmerkinga tidlegare; Henrik Ibsen og Sigrid Undset.
    Jon Fosse(f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. I over førti år har han skrive i ulike sjangrar: romanar, dramatikk, lyr

  • Martin Årseth blir ny redaktør i Syn og Segn

    Styret i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget har tilsett Martin Årseth som ny redaktør i Syn og Segn. Årseth er journalist i Klassekampen og startar i Syn og Segn 1. oktober. Han har tidlegare jobba i avisene Norhordland, Bergensavisen og Vest-Telemark Blad.
    -Vi er veldig godt nøgde med at Martin skal ta over Syn og Segn. Det var ei særs god søkarliste, men Martin peika seg ut, seier styrel

  • Jon Fosse får St. Olavs Orden - Storkors for den framifrå forfattarskapen sin

    Jon Fosse (f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. I over førti år har han skrive i ulike sjangrar: romanar, dramatikk, lyrikk, kortprosa, essay og barnebøker. Tekstane hans er omsette til over femti språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger over heile verda. Fosse har fått ei rekkje prisar både i inn- og utland, mellom anna Nobels litteraturpris i 2023. Jon Foss

  • LOs debutantstipend til Maren Barlien

    Maren Barlien får for LOs debutantstipend for vaksen skjønnlitteratur 2023 for romanen Einbred bru.
    Stipendet vert delt ut av Forfatterforbundet, i samarbeid med LO-Kultur og Fagforbundet, og er på kr 20.000,-
    Maren Barlien er 32 år og frå Namdalen i Nord-Trøndelag, no busett i Oslo. Debutboka hennar fekk svært gode meldingar og vart nominert til Tarjei Vesaas' debutantpris. Barlien arbeid

Vis mer