Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Med desse "smittevern-draktane" skal publlikum kunne gå på teater nesten som før pandemien. Foto: Siren Høyland Sæter.

    APRILSNARR: Opnar for publikum i "smittevern-draktar"

    Det Norske Teatret går nok ein gong nye vegar for å nå ut med teater til publikum. No lanser teateret "smittevern-draktar" som gjer at publikum igjen kan støyme totalt smittesikkert inn i salane.

  • Skodespelar Jenny Mueni Ndunda i Linje 5 av Zeshan Shakar og Don Martin er av den typen historier Det Norske Teatret og Samlaget ønskjer fleire av. Foto: Dag Jenssen.

    Samlaget og Det Norske Teatret leiter etter nye stemmer

    ​I samband med Den Internasjonale Fossefestivalen 2021 utlyser forlaget og teateret ein skrivekonkurranse for å finne historier, erfaringar og forteljingar frå skribentar med minoritetsbakgrunn og/eller fleirkulturell bakgrunn.

  • Jon Bleiklie Devik, som har rolla som slåttekaren Nesje, opplevde at framsyninga han spelte i blei sett på pause dagen etter premieren.

    Teater ute og Slåttekaren i strøymeversjon

    Førstkomande laurdag er første gongen Det Norske Teatret spelar teater for publikum sidan Oslo blei stengt i november, med vandreframsyninga GÅ. Samstundes utvidar teateret tilbodet med direktestrøyming av teater med enno ei framsyning. Heile landet kan no få med seg Slåttekar i himmelen heime i eiga stove.

  • Julekonsert: Pakka inn i raudt

    Julekonsert: Pakka inn i raudt

    Det blir ikkje jul utan musikken. Alle har ein favoritt dei berre må høyre for å få den endelege julestemninga. Det Norske Teatret har utfordra nokre av dei sterkaste songkreftene i ensemblet til å hente fram sine private juleskattar. I lag med bandet frå Vikla inn i blått har dei pakka desse songane inn i raudt.

  • Gina Bernhoft Gørvell spelar rolla som Hedvig i Villanda, som no blir direktestrøyma frå Det Norske Teatret. Foto: Pernille Sandberg.

    Villanda i strøymeversjon

    Det Norske Teatret har vore ambisiøse i satsinga på direktestrøyming av teater. No blir tilbodet utvida med ein strøymeversjon av den prisvinnande framsyninga Villanda.

  • Mona Huang som Tao i Bienes historie, som no blir strøyma til heile landet, også til skolar. Foto: Erik Berg.

    ​OBOS Billettfond gir skolar Bienes historie

    Ved hjelp av OBOS billettfond får nærare 4000 elevar frå 10. klasse og oppover moglegheit til å sjå teaterversjonen av Maja Lundes Bienes historie strøyma rett til klasserommet.

  • T-banens Linje 5 til Vestli dannar ramma rundt framsyninga Linje 5. På bildet: Jenny Mueni Ndunda og Jydy Nyambura Karanja. Foto: Magnus Skrede.

    Don Martin og Zeshan Shakar om T-banelinje 5

    I Linje 5 går T-banen og liva til Groruddølane i parallelle spor. Rappar Don Martin og forfattar Zeshan Shakar er vokst opp her. I framsyninga dei har skrive i lag, strør dei ut eit knippe skjebnar som går på skjener, står på perrongen eller har spora av, nett som T-banen som går som ei livslinje gjennom dalen.

  • Ane Dahl Torp i rolla som psykologen Kris Kelvin i Solaris. Foto: Maiken Mathisen.

    Kultklassikaren Solaris som teater

    Regissør Peer Perez Øian, skodespelar Ane Dahl Torp, musikar Sjur Miljeteig og lysdesignar Kyrre Heldal Karlsen samarbeidde om den kritikarroste framsyninga Solaris korrigert i 2016. No skal dei igjen ta for seg ein framtidsfabel om mennesket i møtet med framand intelligens når kultklassikaren Solaris skal til scenen.

Vis mer