Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Ronja Røvardotter som krigsbarn

    Trass i ufred spirer leiken og håpet. Dette er utgangspunktet for regissør Catrine Telles versjon av Ronja Røvardotter.

    RONJA RØVARDOTTER
    av Astrid Lindgren
    LAURDAG 4. MARS KL. 18.00
    HOVUDSCENEN

    - Barn over heile verda bur, veks opp og leikar i det som eigentleg er ein kulisse for krigshandlingar. Vi ser jo stadig vekk bilete i media av barn som finn tilbake til ein kvardag

  • Psykologisk drama frå Beaivváš Sámi Našunálateáhter

    Kjærleiken mellom ein hund og herren hans kan vere sterk. Så sterk at han er verd å drepe for? I Jon Fosses psykologiske drama Og så kan hunden komme, må ein mann bøte dyrt for å ha skote naboens hund.
    Og så kan hunden komme/ Bohtos dál dat beana
    av Jon Fosse
    Gjestespel frå Beaivváš Sámi Našunálateáhter
    Tysdag 21. februar kl. 20.30 og onsdag 22. februar kl. 19.00
    Scene 3
    Scenespr

  • Édouard Louis kjem til premieren på teaterstykket om mora

    Édouard Louis’ mor blei verande i eit destruktivt ekteskap heile oppveksten hans. Kvifor? I romanen En kvinnes frigjøring skildrar Louis hennar veg ut. No blir dette teater i regi av Kjersti Horn.

    EI KVINNES KAMPAR OG FORVANDLINGAR
    av Édouard Louis
    PREMIERE 17. FEBRUAR KL. 19.30
    SCENE 2
    SAMTALE MED ÉDOUARD LOUIS OG KJERSTI HORN PÅ PREMIEREDAGEN KL. 19.00

    Scenograf Sven Ha

  • Har du og eg eit ansvar når barn døyr i krig?

    Har vi alle blod på hendene? Nei? Ja? Kanskje litt? Det individuelle versus det kollektive ansvaret er i alle fall det denne ferske komedien, eller politiske satiren, ønskjer å tvinge tilskodaren til å reflektere over.
    DET SÅKALLA HEISSTYKKET
    Eller vondskapens ansikt og dei venlege ansikta til medhjelparane hans
    av Nis-Momme Stockmann
    NOREGSPREMIERE LAURDAG 25. FEBRUAR KL. 18.00
    SCE

  • Erik Ulfsby avsluttar åremålet eit år før det tredje åremålet går ut

    Etter 14 utrulege år er tida kome for å sleppe nye krefter til i teatersjefstolen på Det Norske Teatret. Erik Ulfsby har sidan han tok over teatersjefsstillinga flytta episenteret i norsk teater. No er han klar til å gi stafettpinnen vidare.
    Under Ulfsbys sjefsperiode har Det Norske Teatret vore i sterk utvikling og har for alvor markert seg som Noregs mest interessante teaterhus. Ulfsby har få

  • Bikubekveld: Overraskar kvar gong

    Bikubekveld - Det Norske Teatrets "late night show" - let seg rett og slett ikkje sette i bås. Her kan ein oppleve alt frå voguing og musikalsk bingo med charter-tema til slampoesi, norske viser og Disney-klassikarparade. Først ut er ei hylling til alle damer.

    VÅRENS FØRSTE BIKUBEKVELD
    A TRIBUTE TO WOMEN
    med Enya Weibell, Shelmith Øseth, Irma Michaela Gilboe, Hoang Vy Le, Sophie Speig

  • Bjørn Sundquist tilbake med Beckett

    - Det handlar blant anna om døden. Men om det er noko eg synest er tilatades i Becketts verk, så er det livet! seier Bjørn Sundquist, som skal regissere sitt fjerde drama av eksistensialisten og absurdisten Beckett.
    SLUTTSPEL
    av Samuel Beckett
    PREMIERE ONSDAG 25. JANUAR KL. 20.00
    SCNENE 3
    På scenen står det to gigantiske søppelbøtter. I lause lufta heng to vindauge der ein skodar ut

  • Tilbake som Romeo og Julie nesten 40 år seinare


    I 1985 spelte Svein Tindberg og Liv Bernhoft Osa rollene som Romeo og Julie i opningsframsyninga på Det Norske Teatret i Kristian IVs gate. Når Svein Tindberg i år når pensjonsalder og skal ha si avskilsframsyning, vil han igjen framføre Romeos kjærleikserklæring til Julie.
    ROMEO OG JULIE
    av William Shakespeare
    PREMIERE FREDAG 13. JANUAR KL. 19.30
    SCENE 2

    Nesten 40 år etter

  • Mimmi Tambas kritikarroste album til Hovudscenen

    Det har vore lett å setje artist og skodespelar Mimmi Tamba i bås. Oppgjeret med stereotypiane – og kanskje eigne demonar – tok Tamba gjennom albumet Semper Eadem. No kjem musikken til Hovudscenen i form av ein teatral konsert.
    SEMPER EADEM
    av Mimmi Tamba
    URPREMIERE LAURDAG 14. JANUAR KL. 18.00
    HOVUDSCENEN

    «Dette albumet slår helt på egen hånd knockout på lytteren, samtidig har

  • Identitet, hiphop og teater


    I Storbritannia har hatkriminalitet auka med over 150% sidan 2013, og med over 50% berre siste året. Korleis er det å bli utsett for dette? Ein episode der Travis Alabanza fekk ein burgar kasta på seg er ein del av denne statistikken, og dannar utgangspunktet for Burgerz. Dette er ei av framsyningane du kan få med deg under årets SPKRBOX-festival for hiphopteater, 1. - 17. desember.

    S

  • Kunstoppleving for dei aller minste

    Gjennom song, lyd, rørsler og leik tek Mago med dei minste med foreldrer på ei reise til eit fascinerande og mytisk landskap, der opplevinga står i sentrum.

    MAGO
    FOR BARN 0-3 ÅR
    av Babyopera (NO) i samarbeid med Babyart (KOR)
    FRÅ 30. NOVEMBER TIL 10. DESEMBER
    SCENE 2

    Framsyninga er inspirert av historia om Mago – ein gamal myte frå Nord-Korea om korleis verda blei til. MA

  • Om overgrep, urett og hemntankar. Veahkaválddálavuođa, vuoiggahisvuođa ja ráŋggáštushálu birra.

    Ei ung kvinne er misbrukt. Den unge mannen går fri. Og når rettsvesenet ikkje strekk til, tar andre opp jakta på rettferd.


    EADNEMÁDDU
    Eg kjem over fjellet
    Urpremiere torsdag 24. november kl. 20.00
    Scene 3
    I Eadnemáddu skal vi til Vardø, staden som markerer Noregs austgrense. Lenger kjem ein ikkje. Utanfor er berre ishavet. Vardøhus festning er frå 1300-talet, bygd i eit arkt

Vis mer