Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Oliver Lovrenski brakdebuterte med romanen Da vi var yngre i 2023. No spelar Jonas Benyoub, Randin Kummeneje og Astin Souleymane rollene som kompisane Ivor, Jonas og Marco. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

    Jonas Benyoub teaterdebuterer i Da vi var yngre

    Berre 19 år gamal entra Oliver Lovrenski den litterære scenen med romanen Da vi var yngre. No blir boka teater, og med det debuterer også Aksel Hennie som teaterregissør. Hovudrolla som Ivor blir spelt av rappar Jonas Benyoub, som også erobrar teaterscenen for første gong.

    DA VI VAR YNGRE
    av Oliver Lovrenski
    URPREMIERE FREDAG 28. FEBRUAR KL. 19.30
    SCENE 2
    - Vi må elske desse ki

  • Scene 3 tar tempen på Noreg

    Scene 3 tar tempen på Noreg

    Gjengen på Scene 3 er aktuelle med ytterlegare to framsyningar. DIAMOND. PLANET tar for seg korleis vi ignorerer verdsproblem som ikkje vedkjem oss direkte. SAYKOLUHJEE stiller spørsmål ved om vestleg psykisk helsevern tek inn over seg kulturforskjellar, eller berre er tilpassa den øvre, kvite middelklassa.

  • Jae Nyamburah som Boris Jeltsin syng det ukrainske bidraget frå 2007, Dancing Lasha Tumbai. I Jeltsins versjon: Soviet Goodbye. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

    Europavisjonar - musikk og politikk

    Nyare europeisk politikk fortalt gjennom ein Eurovision-finale
    På Det Norske Teatrets Hovudscene stig Eurovision-feberen. Frå 1. mars blir det finale kvar kveld. Finalistane er statsleiarar frå heile Europa gjennom dei siste 35 åra, som syng sine visjonar til Eurovision-tonar.

    EUROPAVISJONAR
    av Simen Formo Hay, Johan Hveem Maurud og Oda Radoor
    URPREMIERE 1. MARS KL. 17.30
    PÅ HO

  • Dataspelinspirerte animasjonar, sanntid motion-tracking og hyperpop er element i den neste framsyninga på Scene 3.

    Dataspelopera inspirert av nær-døden-oppleving

    I 2021 slo Claudia Cox i duoen Only Slime hovudet under eit klassisk musikk-akrobatikk-stunt. Ho fekk ei ut-av-kroppen-oppleving, og blei liggande på eit mørkt rom i eit år. Dette er bakgrunnen for framsyninga som no kjem til Scene 3.

  • Edvard Hoem er første gjest ut i den nye podkasten Leselaget. Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.

    Leselaget med Hoem, Ullmann og Nedrejord - ny podkastserie

    Kva gjer ein tekst udøyeleg? Og kva er ein klassikar? I Leselaget vil ulike forfattarar, dramatikarar og teaterfolk som er knytte til repertoaret på Det Norske Teatret dissikere aktuelle klassikarar. Først ut er Lady Macbeth fra Mtensk av Nikolai Leskov.

  • Kirsti Refseth står aleine på scenen og fortel historia om Kathrine Nedrejords sjølvopplevde valdtekt. Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.

    Kathrine Nedrejords personlege mareritt til scenen

    - Dessverre er dette ei historie som millionar av kvinner i verda kan kjenne seg igjen i, seier regissør Julia Marko-Nord. Ho skal sette i scene Kathrine Nedrejords rasande forteljing om tida etter ei sjølvopplevd valdtekt.
    FORBRYTAR OG STRAFF
    av Kathrine Nedrejord
    URPREMIERE FREDAG 7. FEBRUAR KL. 19.30
    SCENE 2

    PREMIERESAMTALE KL. 18.30
    Kathrine Nedrejord i samtale med Siri

  • Verdas mest sjarmerande musikal?

    Verdas mest sjarmerande musikal?

    Den sjarmerande musikalen Once starta som eit lite indie-filmprosjekt og enda opp som ein prisvinnande musikalsuksess på Broadway. No kjem den endeleg til Noreg, med Ina Svenningdal, Kim Helge Strømmen og eit forrykande, multitaskande skodespelar-musikarensemble i hovudrollene. I alt 20 instrument blir trakterte av dei 13 aktørane som både syng, dansar og spelar.

  • Teaterrevolusjonen på Scene 3 opnar med virtuell kjærleik

    Teaterrevolusjonen på Scene 3 opnar med virtuell kjærleik

    Teaterrabulisten Tani Dibasey og scenekunstduoen Only Slime tek mål av seg å revolusjonere norsk teater. Deira "take-over" på Scene 3 er eit signalprosjekt for den ferske teatersjefen, Kjersti Horn. Første framsyning ut er ei kjærleikshistorie frå det digitale universet.
    UNLIMITED VOID
    av Tani Dibasey og Only Slime
    NYPREMIERE TORSDAG 23. JANUAR KL. 20.00
    SCENE 3

    Tani Dibasey br

  • «[Kjersti] Sandals tilstedeværelse er imponerende. Hun bærer forestillingen, godt hjulpet av et meget solid ensemble.» skreiv Romasdals Budstikke og trilla fem på terningen.

    Da "fri fødsel" var normalen - Edvard Hoems tippoldemor til Hovudscenen

    I dag går debatten heitt om såkalla "naturleg" og "fri fødsel" heime, bør vere lov. For 200 år sidan var "fri fødsel" normalen, og helsefarene for mor og barn var mange. I Jordmor på jorda møter vi ei som var med å etablere den profesjonelle fødselshjelpa i Noreg. Jordmødrene tilbydde kunnskap og metodar som reduserte skadene og senkte dødelegheita ved fødslar.

  • Julie Moe Sandø som Katerina Lovna - Lady Macbeth. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard.

    Begjær verd å drepe for

    Undertrykte kjensler kan vere livsfarlege om dei tek fyr. Når begjæret blir vekt hos Lady Macbeth - blir både heftig elskov og pengar verd å drepe for.

Vis mer