Jakob og Neikob nominert til Brageprisen
"Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake" av Kari Stai er nominert til Brageprisen 2012 i kategorien beste barne- og ungdomsbok. Boka har fått svært gode meldingar og er alt selt til Tyskland.
"Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake" av Kari Stai er nominert til Brageprisen 2012 i kategorien beste barne- og ungdomsbok. Boka har fått svært gode meldingar og er alt selt til Tyskland.
Aina Basso er nominert til Brageprisen i kategorien ungdomsbøker for boka "Inn i Elden" med handling frå hekseprosessane i Finnmark.
Norsk litterær årbok 2012 oppsummerer det litterære året 2011, og innheld interessante litteraturvitskaplege artiklar.
"Der nåden finst" av Hermann Starheimsæter er tredje og siste band i serien om den tidlegare journalisten Claus Hjelle og hans kamp med språket og galskapen. Boka er eit frittståande framhald av "Nordvegen" (2003) og "Nattbussen" (2007).
Krigens skugge er ein dramatisk roman om søstre i etterkrigstida. På ein togperrong ein stad i Gudbrandsdalen står Dagny og ventar på søster si, Tea. Alle følgjer med dei, alle veit at det er tyskertøsa som kjem. Krigen kastar skugge over freden, både for dei som har vore på rett side og dei som var landssvikarar.
Melsomprisen 2011 går til Gunstein Bakke for romanen Maud og Aud (Forlaget Oktober).Prisen vart delt ut av forlagsdirektør i Det Norske Samlaget, Edmund Austigard, under opninga av Litteratursymposiet i Odda 10.10. Prisen er på 40 000.
Kom ikkje inn i mitt hus av Arnfinn Kolerud handlar om den uendelege språkstriden mellom nynorsk og bokmål. Innbyggarane i den siste, trassige nynorske landsbyen Vassbygda står steilt i mot presset frå bokmål og engelsk. Bendik Uføre veddar huset sitt på at han skal få heile det norske folket til å samle på nynorske diktarkort.
Olaug Nilssens nye bok "Kjøkenbenkrealisme" er full av ærlege historier om familieliv i dag. Du møter heimeverande, deltids- og fulltidsarbeidande og får eit uvanleg innblikk i korleis småbarnsforeldre i dag organiserer kvardagen. Her vert ikkje småbarnstida idyllisert, men både søvnmangel, frustrasjonar, samanbrot og gleder kjem fram. Lanseringsdato fredag 28.9.
Ved inngangen til Språkåret 2013 gir den profilerte språkpolitikaren Ottar Grepstad ut boka for den som ønskjer påliteleg informasjon og nye tenkjemåtar om språk i Noreg.
Journalist og historikar Astrid Sverresdotter Dypvik er aktuell med "Det var DDR - Forteljingar om eit nedlagt land". Dypvik har møtt ei rekkje menneske som på ulikt vis har merke etter landet som vart borte. Her møter du folk med merkelege, opprørande og triste historier. Alt frå stasimedarbeidarar og leiande personar i kommunistpartiet, til menneske som vart offer for eit brutalt diktatur.
Ingelin Røssland er klar med si første bok for vaksne, Kirsebærsnø, ein kjærleiksroman med handling frå Hardanger.
Ragnar Hovland fyller 60 år i år, og vart feira stort på ei festforestilling i Bergen i mars. No skal han også bli feira med ein eigen festkveld i Oslo. Knut Nærum, Erlend Loe, Lina U. Mariussen, og musikarane Polkabjørn og Annlaug Børsheim skal hylle han under Oslo Bokfestival laurdag 15.9. kl 18.30 på Victoria Jazzscene. Hovudpersonen sjølv vil også vere til stades.
13.9. kl 8 stappar forlagsredaktør David Aasen bilen full av poetar, og dreg frå Det Norske Samlaget på Tøyen i Oslo mot Ulvik poesifestival. I Olav H. Hauges heimbygd skal poetane Rui, Ekrheim, Leganger Iversen og Aglen lese.Og undervegs stoppar dei også, mellom anna i Drammen der dei held ein 10 minuttars lanseringsfest for Juliane Ruis nye bok. Følg turen deira på poesitur.wordpress.com
Kari Stais biletbok Jakob og Neikob har hatt suksess i både inn- og utland, på barne-tv og som app. No er dei populære karakterane tilbake i boka Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake som alt er selt til Tyskland. Den første boka om Jakob og Neikob er ute i Tyskland, Frankrike og Danmark.
Terje Torkildsen er no klar med Dystopia IV, den fjerde boka i spenningsserien om syttenåringar frå International School of Stavanger som er på studietur i London då byen blir ramma av den verste naturkatastrofen i manns minne. Torkildsen vann Uprisen for den den forrige boka i serien, Dystopia III. Han fekk også prisen for debutboka si Marki Marco.
Mette Karlsvik er tildelt Stig Sæterbakkens Minnepris 2012. Prisen vart delt ut hos Cappelen Damm i dag 5.9.
Ragnar Hovland fekk i dag Aschehougprisen 2012. Prisen vart delt ut under Hagefesten.
Anne Vikens debutbok Elise og mysteriet med dei døde hestane er ei spennande og energifylt historie som tar dyrlegedraumen på alvor. Anne Viken er sjølv utdanna veterinær, og kjennskapen og kjærleiken til både dyra og yrket er sterkt til stades i romanen. Denne historia er midt i blinken for hesteinteresserte og dyreglade frå 10 år og oppover.
I den nye boka "Norsk etymologisk oppkok - Du veit ikkje kva du snakkar om" herjar Kristin Fridtun med kvardagsdorda, spretter dei opp og ser kva som gøymer seg inni. Orda speglar måten me sansar og skjønar verda på, og Fridtun let dei ikkje få ha løyndomane sine i fred. Fridtun granskar heilt daglegdagse ord som hovud, sjel, hjarta, minne, dør, verd, fisk og utfordring.
Unni og Gunni er ein ny sjarmerande peikebokserie av Anna R. Folkestad. Dei to løysningsorienterte pingvinane er ikkje redde for å setje i gang med nye prosjekt. Her er kvardagssituasjonar og humor som passar for barn frå 2 år og oppover. Dei to første bøkene i serien kjem ut no Unni og Gunni reiser og Unni og Gunni malar. Unni og Gunni kjem også ut som bok-appar i slutten av september.