Gå videre til innhold

Emner: Kultur

  • Ny Jakob og Neikob-bok frå Kari Stai

    Radarparet Jakob og Neikob er tilbake, i Jakob og Neikob og det tomme rommet. Denne gongen skal dei fylle det tomme loftet sitt med ein sambuar. Men det som byrjar som eit felles prosjekt for to venner, ender i uvennskap. For første gong er bestevennene blitt verstevenner.

  • Samlagets haustliste 2014 presentert i dag

    Forlagssjef i Samlaget, Håkon Kolmannskog la i dag fram forlagets 147. haustliste. Anna Gavalda, Jon Fosse, Agnes Ravatn, Brit Bildøen, Aina Basso, Kari Stai, Gunnar Myklebust, og Bård Vegar Solhjell er blant haustens forfattarar på forlaget.

  • Brit Bildøen kjem med ny roman 19.8.; "Sju dagar i august"

    Brit Bildøen er klar med ny roman, Sju dagar i august 19.8.
    Lansering av boka på Ingensteds, Brenneriveien 9 i Oslo tysdag 19.8. kl 19.00 (med Ruth Lillegraven, og musikk ved Sandra Kolstad og Bjørn Tomren)
    I eit framtids-Oslo prega av regn og flom, strevar eit ektepar med sorga etter dottera som døydde på Utøya. I løpet av ei veke i august opplever Sofie og Otto ei rekkje små ulykker. Kva

  • Forfattar Jan Roar Leikvoll er død

    Det var med stor sorg vi i Samlaget fekk melding om at Jan Roar Leikvoll har gått bort. Det skjedde brått og uventa. Dødsårsaka er ikkje kjend enno, men Leikvoll var open om at han levde store delar av livet med ein hjernesvulst som aldri vart borte. Leikvoll var frå Frekhaug i Nordhordland og gjekk på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han debuterte på Det Norske Samlaget i 2008 med den kritikarro

  • Samlaget lanserer haustlista 14.8. kl 11 på Litteraturhuset

    Forlagssjef Håkon Kolmannskog presenterer lista på Litteraturhuset, Amalie Skram, 14.8. kl 11.
    Fest for forfattarar, omsetjarar, illustratørar, pressefolk og bokhandlarar på Ingesteds ved Blå kl 17 same dag. Påmelding til m.hvamstad@samlaget.no innan torsdag 7.8. (meld frå om du kjem på festen, eller på pressekonferanen eller begge deler)

  • Erna Osland med ny faktabok for barn; "Under ein stein. Ei bok om små dyr"

    I boka Under ein stein. Ei bok om små dyr skriv Erna Osland om dei små dyra som liker seg der det er mørkt og vått, og derfor gøymer dei seg under steinar. Her ligg dei stille og trur at ingen veit om dei: billene, edderkoppane og makkane.
    Erna Osland har skrive ei faktabok for barn om virvellause småkryp som mellom anna spretthale, saksedyr, løpebille, skrukketroll, tusenbein, skolopend

  • Jordbruk, oljeindustri, kropp og funksjonshemming er tema i ny utgåve av tidsskriftet Syn og Segn

    Redaktør Knut Aastad Bråtens andre Syn og Segn-utgåve har norsk jordbruk som tema. Kor står norsk jordbruk eigentleg – i dag, og kan jordbrukspolitikken endrast? Nummeret har også eit langt intervju med direktør i Norsk olje og gass Gro Brækken, om ansvar og etiske vurderingar i oljeinudstrien. Bloggar Suzanne Aabel skriv om sexlysta som forsvann då ho vart gravid og kva det gjorde med sjølvbilde

  • Lansering av Benedicte Maurseths bok "Å vera ingenting. Samtalar med spelemannen Knut Hamre"

    Lanseringsarrangement:
    I Oslo laurdag 10.mai. kl 12 på Det Norske Teatret, Bikuben. Hamre og Maurseth i samtale med Ole E. Bø. Opplesing og felespel.I Bergen: Litteraturhuset, Auditoriet, 15. mai  kl 19. Maurseth les og fortel frå boka og framfører ny og tradisjonell slåttemusikk.
    Om boka:
    Som liten gut kakka Knut Hamre på dørene til alle naboane heime i Granvin. Han stod utføre med fele

  • Alf Helleviks mediemålpris 2014 går til Siri Kleiven Strøm

    Alf Helleviks mediemålpris går i år  til Siri Kleiven Strøm i NRK Hordaland. Prisen vart delt ut på årmøtet til Litteraturselskapet Det Norske Samlaget 24. april.
    Juryen seier dette om prisvinnaren:
    "Siri Kleiven Strøm er språkleg trygg og formulerer seg presist og lettfatteleg. Ho har eit godt og tydeleg språk både i reportasjar og direkterapportering. Siri Kleiven Strøm har ein klar ut

  • Aina Basso får Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris for 2014

    Basso får prisen for den kritikarroste romanen Fange 59. Taterpige.
    Juryen seier om følgande om boka:
    "Fange 59. Taterpige er eit sterkt portrett av ei ung jente som får livet snudd på hovudet.
    Vi treng skjønnlitterære forfattarar som både skriv godt og som med god litteratur kastar seg inn i debatten om menneskeverd også i dag, tre hundreår etter at taterjenta Maria i romanen hamn

  • Unik norsk biletbok gjer det stort i utlandet

    "Historia om korleis hunden fekk våt snute" av Kenneth Steven og Øyvind Torseter (illustratør) er selt til åtte land og fleire står truleg for tur. Forlag i USA, Japan, Frankrike, Tyskland , Italia, Korea, Russland og Spania har sikra seg rettane til den unike barneboka

  • Jostein Fet aktuell med "Stemmer frå ei fjern tid" - kva las vanlege folk i dansketida?

    Jostein Fets nye bok Stemmer frå ei fjern tid. Forteljingar om bøker, viser, magiske formlar og merkelege teikn 1550-1814 dokumenterer korleis folk på bygdene las langt meir enn vi før har trudd. Fet fortel levande om fleire bøker frå den dansk-norske elitens litteratur, bøker som på forunderleg vis hamna i allmugehender og fekk ein særskild funksjon der.
    Her lærer vi å kjenne ein ukjend

  • Anne Bergset Oikonomani debuterer med thrilleren "Smådjevlane"

    Anne Bergset Oikonomaki har lagt korrupsjonen i Hellas og eit storpolitisk spel som bakteppe for ein mann sine vanvitige planar for å stille si eiga grådigheit. Boka er skrive med inngåande kjennskap til Kreta, solparadiset nordmenn aldri sluttar å elske.

  • Kari Smeland klar med ny barnebok; "Sirkus Spetakkel"

    Kari Smeland er klar med ny, sprelsk barnebok, "Sirkus Spetakkel". Smeland debuterte med den kritikarroste boka "Familien Kråkestup og nyset i nabohuset" i 2012. Debutboka er selt til Tyskland, Frankrike, Tjekkia og Danmark.

Vis mer