Følg draumen - ny barnebok frå Anna R. Folkestad
Ny barnebok frå Anna R. Folkestad, Fiskebolleboksraketten, om eit byggeprosjekt litt utanom det vanlege.
Ny barnebok frå Anna R. Folkestad, Fiskebolleboksraketten, om eit byggeprosjekt litt utanom det vanlege.
Agnes Ravatn kan bli den første norske forfattaren til å vinne den internasjonale Dagger-prisen. Ravatn er blant dei fem finalistane til årets beste krimroman omsett til engelsk.
Ravatn er nominert for den siste romanen sin, Dei sju dørene, som blei utgitt på engelsk med tittelen The Seven Doors i 2020.
Ravatn er den tredje norske forfattaren som har nådd finaleheatet til Dagger-prisen. Jo
Harald Nortun er årets vinnar av Nynorsk barnelitteraturpris 2020 for Spådama i 7B.
Rønnaug Kleiva er aktuell med ny roman for ungdom om psykisk sjukdom og sterke familieband.
Entusiasme og raseri er ei samling av Nils Henrik Smiths beste tekstar om fotball. Her får du glitrande essay og artiklar om alt frå Erik «Myggen» Mykland, PostNord-oppgjeret mellom Fredrikstad og Moss i 2018 til hylling av det levande oppslagsverket Arne Scheie. Boka inneheld òg eit nyskrive essay om EM 2020, som på grunn av korona blir arrangert juni 2021.
Gjennom ei årrekke har forfattaren N
Gamle menn i syningom av Arnfinn Kolerud er ein roman som går all in i den norske språkstriden. Vi er i ei nær framtid, og berre ein siste, liten, trassig landsby i nordvest klamrar seg til nynorsken. Ungdomen i Vassbygda tar likevel high five når dei møtest , og dei har ingenting i mot å chille med slush og fluffy cupcakes og flip-flops to go. Men brått vaiar eit dansk flagg over slottet i hovuds
I år blir Kari Veiteberg, den første kvinnelege biskopen i Oslo, 60 år, og det er også 60 år sidan den første kvinnelege presten vart ordinert i Noreg.
Vi lanserer no samtaleboka -Eg hadde ikkje orka Gud utan Jesus. Seks samtalar og eit isbad med biskop Kari Veiteberg av Sigri Sandberg.
I boka snakkar prestedotter og agnostikar Sandberg med Veiteberg om oppvekst, om å vere kvinne og prest,
Fanga på fjorden av Ruth Lillegraven er tredje bok i den populære spenningsserien for barn, Klodeklubben.
Augustprisvinnande barnebok om døden og kjærleiken er klar for norske lesarar.
Eit ungt par er på reise gjennom Europa, med eit ubearbeidd traume i bagasjen. Ei mor tar med ungane sine på fjelltur og finn ein rotnande rådyrkalv framfor hyttedøra. Ei jente gjer alt for å få stupetrenaren til å sjå på henne,men utan at stefaren skal vite om det.Personane i Ingrid Senjes noveller står på kanten av høge stup, midt i den vanlege kvardagen. I situasjonar der avstanden mellom den d
Astrid Sverresdotter Dypvik er aktuell med boka Det mørke Tyskland: ei reise blant høgreekstremistar. Kva i alle dagar er det som skjer i Tyskland? I boka tek Dypvik oss med på ei reise inn i dei høgreekstreme miljøa i Tyskland. Ho fortel kven dei er, kva dei står for og korleis dei har klart å bli så sterke. Vi møter Pegidademonstrantar, blir med på folkemøte i fjellområdet Erzgebirge der AfD er
Kristin Tveiten debuterer med romanen Menneske og møll, ei forteljng om røter og familieband, og om å bli fri frå si eiga fortid. Ein dag ringer far til Marianne og spør om ho har lyst på den gamle, rosemåla kista etter besteforeldra hennar. Dei har ikkje snakka saman på fleire tiår. Han har ikkje eingong helst på mannen hennar, og han har ikkje vist interesse for barnebarnet Astrid, som no er vak
Musikar og artist Marie Tveiten debuterer med romanen Bonus; ei forteljing om å miste seg sjølv i møte med kjærleiken. Om boka: Astrid drøymer om sitt eige galleri. Det treng ikkje vere så stort, berre det er kvite veggar og høgt under taket. Eit rom ho kan fylle med den kunsten ho liker aller best, kanskje også med eigne verk ein vakker dag. Samtidig blir ho hovudstups forelska i Anders. Ho er ov
Debutant Geir Egil Eiksund har skrive ei viktig og sjarmerande barnebok om å komme ut av skapet i ung alder, i ein religiøs familie i ei lita bygd på Vestlandet.
Og alle ting vert nye er andre utgåva i den årlege novelleantologien Nye nynorske noveller.
Dei nyskrivne novellene i denne samlinga presenterer styrken og breidda i den nynorske litteraturen. Her får forfattarane briljere i kortformat, lett tilgjengeleg for lesaren. Novellene er skrivne av: Tore Kvæven, Susanne Skogstad, Erlend Kaasa, Rakel Solstad, Aina Basso, Annlaug Selstø, Oda Malmin og In
Boka Små hagar er ei hagevandring full av inspirasjon og tips!
Bla i boka her: https://issuu.com/detnorskesam...
Bli med fotograf og forfattar Lisbeth Dreyer på ei hagevandring utanom det vanlege. Folka du møter i boka, har stor glede av å skape særeigne, miljøvennlege, frodige og fantastiske hagar på liten plass.Du finn også tips til korleis du kan skape grøne korridorar for bier og insekt,
Språkvitar Kristin Fridtun er snart ute med ei overraskande bok om velkjent irritasjonsmoment.
Lanseringsarrangement på Facebook 22. april: https://www.facebook.com/event...
Me kommuniserer meir gjennom skrift enn nokon gong, samstundes som evna og viljen til å fylgja rettskrivingsreglane varierer.Nokre menneske blir svært opprørte når dei støyter på skrivefeil, medan andre tek det heilt med
Stiftelsen Fritt Ords Pris 2021 går til forfattarane Bjørn Hatterud, Olaug Nilssen og Jan Grue for deira sterke og kritiske bidrag til å setje lys på samfunnssituasjonen og ytringskulturen for funksjonshemma i Noreg.
Prisen er på 500 000 og vert delt på dei tre vinnarane.
Frå grunngjevinga: "Jan Grue, Bjørn Hatterud og Olaug Nilssen løfter frem sine egne historier og erfaringer som funksjo
Peter F. Strasseggers første ungdomsroman, Aleksander den store, er nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2021.
Åsmund Bjørnstad skildrar i Konfirmasjon til alderdommen sjokket som ein dag tek oss alle. Utan større førebuing må vi tre ut av samfunnet, arbeidet og ansvaret vi som unge blei konfirmerte inn i. For dei fleste ligg alderdomen enno langt der framme, men minkinga er i gang. Med orda frå kong Lear: Vi må gå gjennom å gå bort, liksom å koma hit. Mognad er alt.
Dikta i Konfirmasjon til alderdommen