Fjerde bok i populær spenningsserie for barn
Festivaldiktar Ruth Lillegraven er aktuell med fjerde bok i den populære serien Klodeklubben, ein spenningsserie for barn om klima- og miljø.
Festivaldiktar Ruth Lillegraven er aktuell med fjerde bok i den populære serien Klodeklubben, ein spenningsserie for barn om klima- og miljø.
Ida Eva Neverdahl er aktuell med ein actionfylt og absurd oppfølgjar til teikneserien Floke, om ein fredeleg vikinghelt i ei vill vikingverd.
Journalist og kommentator i Bergens tidende, Jens Kihl, skriv biografien om den markante Sp-politikaren. Boka er planlagt å komme på Det Norske Samlaget hausten 2022.
-Dei aller fleste har ei meining om Liv Signe Navarsete. Ho gjorde ting på sin eigen måte og har aldri vore redd for å provosere. Eg håpar denne boka kan kaste nytt ljos over ein av dei mest særmerkte politikarane frå Vestlandet o
Marit Eikemos nye roman Team Tuva kjem 6.10.
Ingen kjem upåverka frå eit møte med Tuva. Noko ligg alltid igjen: ein smittande latter, litt større sjølvtillit, ein kraftig irritasjon, ein trong til å pakke saman for dagen og dra heim til kona - eller avgjerda om å satse på draumen sin, ein gong for alle.Vi møter Tuva gjennom dei profesjonelle i livet hennar: fastlegen, tannlegen, presten, advok
Agnes Ravatn er på kortlista til gjeve Petrona Award for den engelske utgåva av Dei sju dørene (The Seven Doors) omsett av Rosie Hedger. Petrona Award vert delt ut årleg til den beste skandinaviske krimboka gitt ut i Storbritannia. Ho er nominert saman med m.a. Yrsa Sigurðardóttir, Mikael Niemi og Jørn Lier Horst.
Agnes Ravatn har gitt ut ei rekkje bøker, både romanar og sakprosa, og fleire er
Den nye forfattarskulen startar opp i januar 2022 med ti elevar.
– Målet vårt er å løfte gode litterære stemmer med minoritetserfaring og gjere den nynorske litteraturen meir mangfaldig og representativ for samtida vår, seier Linda Noor, dagleg leiar i Minotenk.
Forfattarskulen er samlingsbasert og skal gå over eitt år. Mellom samlingane får elevane oppfølging av etablerte forfattarar.
–
FC Barcelona er ein av verdas største og mest populære fotballklubbar. Over heile verda går folk med fotballtrøyer med Messi, Xavi og Iniesta på ryggen. Klubben er ei global merkevare og eit viktig symbol på katalansk identitet. Og ulikt dei fleste store fotballklubbar er FC Barcelona eigd og styrt av klubbmedlemmene. I boka Barça. I kamp sidan 1899 går forskaren og fotballentusiasten Johannes Ny
Lanseringsarrangement: Litteraturhuset i Oslo onsdag 29.9. kl 19. Omsetjar av boka, Olaug Nilssen, i samtale med Lina Liman. https://litteraturhuset.no/arr...
I 32 år lever Lina Liman med autisme utan å vite om det. Men ho veit at det er noko som ikkje stemmer. Ho lærer seg å feike for å passe inn, ho speler normal, heilt til det ikkje lenger går. Då journalisten og forfattaren Liman fekk diag
Kultfigurane Bø og Bæ er tilbake for fyrste gong på 15 år! Bøkene blir rekna som moderne bildebokklassikarar, lesne og elska av vaksne og barn!
Eit par strikka vottar med vakkert mønster av godt garn er ein skatt som skal brukast og nytast i årevis. Her får du oppskrifter på vakre, varme og slitesterke islandske vottar. Islandske vottar byr på eit mangfald av teknikkar, mønster og stilar, og alle dei ulike vottane har si eiga historie. Det einaste tekstilmuseet på Island ligg i bygda Blöndós nord på øya. Der finst det ei unik samling med
Pressekonferanse og boklansering med Jon Fosse til stades kl 10 fredag 3.9. på Det Norske Teatret.
Pga. av korona må ein melde seg på arr. via denne lenkja: https://bit.ly/2WL4sKv
Fosse er tilgjengeleg for pressa etter arrangementet. Avtal helst på førehand: karin.helgoy@samlaget.no
Lanseringa markerer også starten på Den internasjonale Fosse-festivalen som varer til og med 12.9.
He
Ingvild Grane er klar med Strikk med Ingvild frå @skaperrom. Klassiske, enkle og fargerike plagg. Grane har i mange år delt strikkeglede i ein uvanleg delikat fargepalett på instakontoen @skaperrom. No har ho laga si alle første strikkebok. Her får du klassiske og enkle oppskrifter til baby, barn og dame, alt frå kvardagsgenserar, sokkar og luer til festfin kardigan og genseren for dei vakraste so
Tenåringen Fråid styrer huset i Urskogen 13 saman med storebroren Terje Eddipus og veslesøstera Eva, medan skipperfaren Vulgaris er ute på sine seilasar. Men ein dag kjem faren heim med ei stemor til ungane, Demona de Sjavy. Ho rokkar ved familiedynamikken, og alle må forholde seg til hennar labile humør. Men Fråid trivst med dei nye, kaotiske kvardagane. Han er fascinert av det uredde ved stemora
Marianne Gretteberg Engedal er aktuell med oppfølgjar til den kritikarroste og prisvinnande bildeboka Pølsetjuven frå 2019!
Kari Anne Bye hadde ein sterk debut med boka Eg et før eg kjem i fjor, der ho skildrar Tinder-datinga som det humoristiske og litt tragiske feltet det kan vere.
I den nye boka, Eg bur her no, følgjer vi ei kvinne i trettiåra som treff ein mann nett på Tinder og tar steget inn i eit forhold. Mannen er bra på så mange vis, men korleis kan ho vite at ho har funne den rette? Ho har sett kjærleiken
Alt godt som enno ventar er ein boksingel med fire dikt av Jeaninne Masika Harrysson.
Desse dikta utforskar mellomrom. Dei som oppstår mellom orda i ein setning. I romma mellom eit dikt og ei diktsamling. Mellomromma i livet. Dikta er den staden dagen går for å kvile, den staden hjartet går for å finne igjen rytmen. For midt i og mellom alt, finst alt det gode som enno ventar.
Blir verkeleg
Kva om det verste skjer? Det får hovudpersonane i Gaute M. Sortlands nye novellesamlinga kjenne på.Ein forfattar er endeleg i flyt, han har aldri vore betre og no må han skunde seg å få ut boka si før den store katastrofen inntreffer og gjer prosjektet hans irrelevant. Ein familiefar har fått ein beskjed som snur om på heile livet hans og på livet til ungane, skal dei for alltid bli den familien a
Sidan 2001 er delen fattige barn meir enn tredobla i Noreg. Korleis opplever ein fattigdom i verdas rikaste land? I den nye boka Vi, dei fattige. Åtte forteljingar om barnefattigdom fortel Maria Lavik frå denne verkelegheita.
Lanseringsarr. på Månefisken i Oslo 13.8.: https://bit.ly/37AJ3Fu
Digitalt lanseringsarr. på Facebook: https://bit.ly/3fVmzDN
Lanseringsarr. på Arendalsuka: https:/
Jon Fosse toppar Samlagets haustliste med tredje og siste band i Septologien, Eit nytt namn, som blir lansert på opningsdagen av Den internasjonale Fosse-festivalen 3.9.
Her kan du bla i heile lista:
https://issuu.com/detnorskesam...
Pdf av haustlista og lanseringsdatoliste ligg også ved.
Lanseringsdatoar skjønnlitteratur for vaksne:
Gaute Sortland, Avsporingar. Pre- og postapokal
Rune F. Hjemås debuterer som barnebokforfattar med romanen Ein bror i verdsrommet, august 2021.
I Ein bror i verdsrommet møter vi Elias som gler seg til at storebroren Mats skal kome heim på permisjon frå sjukehuset. Men det blir ikkje heilt som Elias har tenkt seg. Mats er tynn og slapp og orkar ikkje å gjere noko av det Elias har planlagt. Snart må han reise tilbake til sjukehus