Gå videre til innhold

Emner: Teater

  • Historia om Alta-Kautokeino-vassdraget som dokuteater

    Ellos eatnu! Nullpunkt. fortel historia om kampen om Alta-Kautokeino-vassdraget som gjekk føre seg frå 1979-1982. Slaget om vassdraget blei tapt, men blei definerande for korleis ein i ettertid har sett på samars rettar. For første gong vann samars krav om rettferdig behandling, verdigheit og respekt fram.ELLOS EATNU: NULLPUNKT.TYSDAG 22. FEBRUAR KL. 20.30 OG ONSDAG 23. FEBRUAR KL. 19.00SCENE 3GJE

  • Ny premieredato for Eks

    Denne gongen er det noregspremieren på Eks av Marius von Mayenburg som blir utsett, men heldigvis berre med ein dag. Keeperen og havet har også fått ny dato.Her er eit oversyn over premieredatoane frametter:FEBRUAR19. Eks NY DATO!23. Keeperen og havet NY DATO!26. FuglaneAPRIL2. Into the Woods23. Amsterdam29. Faderen
    MAI
    5. Shiemens
    14. Bror

  • Kjærleik og fasade

    Vel vi framleis kven vi skal dele livet vårt med ut ifrå fornuft og ikkje kjensler? I den blodferske relasjonskomedien Eks avslører dramatikar Marius von Mayenburg småborgarskapets fasadeliv i eit intrikat trekantdrama. EKSav Marius von MayenburgNoregspremiere fredag 18. februar kl. 20.30Scene 3Ein designsofa. Eit ektepar med høgare utdanning. Barna søv søtt på romma sine. Alt ser ut til å vere kl

  • Charlotte Frogner debuterer som teaterregissør

    Med Marjas jord - ei absurd komedie med alvorlege undertonar – debuterer Det Norske Teatrets skodespelar Charlotte Frogner som teaterregissør på Scene 3.
    MARJAS JORDav Oleg BogajevNOREGSPREMIERE TORSDAG 3. FEBRUAR KL. 20.30 PÅ SCENE 3
    I 2009 blei Frogner heidra med prisen for årets gjennombrot under utdelinga av Komiprisen for rolla som ei slags gamal utgåve av seg sjølv i framsyninga Evig u

  • Moderne tekst i rokokkodrakt

    Moderne menneske med universelle problem kledd i rokokkokostyme møtest til nokre timars tilsynelatande glede når Arne Lygres første teaterframsyning for det store formatet har urpremiere på Hovudscenen.TID FOR GLEDEav Arne LygreURPREMIERE 25. JANUAR KL. 20.00HOVUDSCENENPREMIERESAMTALE 25. JANUAR KL. 19.15med Arne Lygre og Anette TrettebergstuenFOAJÉEN PÅ TEATRET OG FACEBOOKSIDA TIL DET NORSKE TEAT

  • Det Norske Teatret opnar opp for 200 publikum frå laurdag

    - Vi er glade for at fleire skal kunne få glede av framsyningane våre igjen, seier ein nøgd teatersjef Erik Ulfsby.Etter dei nye lettingane frå myndigheitene blir det igjen tillate med inntil 200 personar på innandørs arrangement med faste tilviste plassar og 1 meter imellom dei som ikkje er nærskylde.- Allereie laurdag er det ei stor glede at 150 fleire vil kunne sjå framsyninga Lehmantrilogien,

  • Maria Parrs bok Keeperen og havet blir teater

    Maria Parrs sjarmerande forteljing om ungane i bygda Knert-Matilde møter regissør Kjersti Horns sprelske uttrykk.KEEPEREN OG HAVETURPREMIERE ONSDAG 23. FEBRUAR KL. 17.00SCENE 2
    Forfattar Maria Parr er blitt omtalt som moderne barnelitteraturs superstjerne, og ho har formidla historier om barn i utkant-Noreg med vidd og varme. Med Vaffelhjarte, som gjekk på NRK som TV-serie, vann Lena og Trille

  • Satsing på kvinnelege regissørar

    Med Spire-prosjektet ønskjer Det Norske Teatret å løfte fram nye, kvinnelege regitalent.- Det er ingen løyndom at kvinnelege regissørar er mangelvare i teatret. Og kvinner med minoritetsbakgrunn eksisterer omtrent ikkje i norsk teaterhistorie i det heile. Dette må vi gjere noko med, seier kunstnarleg leiar ved Det Norske Teatret i Groruddalen, Belinda Braza.Våren 2022 kjem difor tre regissør-spire

  • Kritikarrost framsyning som direktestrøyming

    "En skuespillerfest" sa Aftenposten om Lehmantrilogien, da framsyninga hadde premiere i august, og både dei og Dagsavisen trilla fem på terningen. Så blei framsyninga brått roka av streik, og deretter av koronarestriksjonar. Difor har Det Norske Teatret no beslutta å direktestrøyme historia om familien som starta bedrifta som blei til storbanken Lehman Brothers.

  • Podkast om språk frå Det Norske Teatret

    Som det viktigaste språksenteret for nynorsken forvaltar Det Norske Teatret eit særskilt språkoppdrag. No har dette ansvaret kome til uttrykk gjennom podkasten Språkoppdraget, som er lansert i haust.Språket er ein del av grunnstammen i Det Norske Teatret. Da teateret blei stifta av Hulda Garborg og Det Norske Spellaget i 1913 var landsmålet ein av grunnene til å starte teatret. Språket var og er e

  • Det Norske Teatret spelar teater for 50 publikummarar

    Det Norske Teatret held fram med å spele teater, trass dei nye restriksjonane som vil gjelde frå og med midnatt 14.12.2021.- Vi har sagt gjennom heile pandemien at teater er viktig og at så sant det er mogleg og lov, så spelar vi, seiere teatersjef Erik Ulfsby. Dei nye innstrammingane rammar kulturlivet hardt, men det positive er at vi ikkje er stengt. - Glede og meining spreier seg lett. Derfor ø

  • Hiphopteater rullar inn på Det Norske Teatret

    Beatur voks opp i ein alkoholisert party-heim i Reykjavik på 90-talet. Dette har beatboxaren no laga ein musikalsk performance om. Og dette er berre ei av framsyningane som blir viste når hiphopteater og SPKRBOX tek inn på Det Norske Teatret frå 11. - 18. desember.SPKRBOX PÅ DET NORSKE TEATRET:BEATUR - MASTER OF THE UNIVERSEUrpremiere laurdag 11. desember kl. 18.00. Blir også vist 14., 15., 16. og

  • Brutal forteljing frå barneøya

    Med referansar til Fluenes herre, Peter Pan og Robinson Crusoe, har regissør Mine Nilay Yalcin, dramatikar Toril Solvang og ensemblet jobba fram ei forteljing for ungdom om kva som hender når barn får vere barn, utan innblanding frå vaksne. LEVE REPUBLIKKENURPREMIERE LAURDAG 20. NOVEMBER KL. 18.00ROMMEN SCENE - DET NORSKE TEATRET I GRORUDDALENEit fly styrtar på ei aude øy, og berre fem unge mennes

  • På Hovudscenen på Det Norske Teatret i 2022

    I dag la Det Norske Teatret fram dei nye produksjonane på Hovudscenen i 2022:Tid for gledeav Arne LygreUrpremiere laurdag 22. januarFuglaneav Tarjei VesaasPremiere laurdag 26. februar
    Into the WoodsMusikk og songar av Stephen Sondheim, manus av James LapineNoregspremiere laurdag 2. april
    Kristin Lavransdotter (Kransen, Husfrue og Korset)av Sigrid UndsetPremiere laurdag 10. september
    Snøsø

  • Noregspremiere på Nobelprisvinnar Jelineks Vinterreise

    Jonas Corell Petersen er ein regissør med godt handlag med dei meir underfundige og skrudde teatertekstane. No har han tatt for seg den austerrikske Nobelprisvinnaren Elfriede Jelineks tekst Vinterreise, som for første gong blir sett opp i Noreg. Her blandar regissøren moderne teateruttrykk og absurde utfall med Franz Schuberts romantiske songsyklus med same namn.VINTERREISEav Elfriede JelinekNORE

  • Endeleg premiere på Om mus og menn

    Endeleg kan teppet gå opp for Om mus og menn i Eirik Stubøs regi på Hovudscenen. I nobelprisvinnar John Steinbecks forteljng om nedgangstider og marginaliserte menn på jakt etter jobb handlar det først og fremst om å overleve. Og i det fjerne lyser den amerikanske draumen.OM MUS OG MENNav John SteinbeckPREMIERE FREDAG 19. NOVEMBER KL. 20.00HOVUDSCENENTrettiåra var eit dystert kapittel i amerikansk

  • Tindberg og Bang-Hansen med ny framsyning: Må ein velje mellom tru og vitskap?


    Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hansen er tilbake med nok ei framsyning med undring over temaet å tru på noko større. Denne gongen er dei ute etter å finne ut av om det faktisk går an å tru - ja, tru - på vitskapen og på Gud?GUDSPARTIKKELENav Svein tindberg og Kjetil Bang-HansenURPREMIERE ONSDAG 10. NOVEMBERPÅ SCENE 2Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hansen har teke for seg Markus-evangeliet, Apost

  • Øyvind Rimbereid debuterer som dramatikar

    Øyvind Rimbereid skriv for scenen for første gong, sterkt oppfordra etter suksessen langdiktet Solaris korrigert gjorde i sceneversjon i 2015. Den umoglege valmuehagen er tittelen på dramatikardebuten som også er ein dyster framtidsvisjon - men finst det håp?DEN UMOGLEGE VALMUEHAGENav Øyvind RimbereidURPREMIERE TORSDAG 4. NOVEMBER KL. 20.30UTSTILLINGSOPNING KL. 20.00SCENE 3Rimbereid blir rekna som

  • Premierer denne veka: Lund og Lorca på Scene 3 og Min venn, romvesenet på Rommen Scene

    MIN VENN, ROMVESENET
    PREMIERE 16. OKTOBER KL. 15.00
    ROMMEN SCENE
    Min venn, romvesenet er ein leiken familiemusikal med eit alvorleg tema. Kjersti Horn har skrive manus og har regien på ei av dei mange satsingane på barn og unge på Rommen Scene i haust. Emilie Christiensen og gruppa No. 4 står for musikken. Vi møter seks år gamle Ellie (Catharina Vu) som bur i ei utriveleg leiligheit med m

  • Det Norske Teatret er ramma av streik

    Det får store konsekvensar for drifta ved teateret, og kveldens opning av den andre internasjonale Fossefestivalen er utsett til i morgon. Målet er likevel å halde drifta så normal som mogleg, særleg av omsyn til publikum. 
    I første runde er kveldens premiere på Oresteia i ei gjendikting av Jon Fosse på Hovudscenen ikkje mogleg å gjennomføre. Denne skulle opne Den internasjonale Fossefestivalen

Vis mer