Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Anders Totland er aktuell med lyddrama for barn

    Den allsidige forfattaren Anders Totland feirar ti år som forfattar med Katastrofedagbøkene, eit lyddrama for barn i fire deler. Serien er tilgjengeleg på Fabel frå 7.november.

  • Oddgeir Bruaset klar med sjølvbiografien "Vegen som vart min"

    Oddgeir Bruaset har i over førti år samla folket framfor TV-skjermen og radioen. Han er mannen bak den folkekjære serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu og har rørt og engasjert med nære skildringar av levd liv.Kven er mannen som gjennom alle desse åra har stått bak kameraet? I Vegen som vart min fortel Bruaset om oppveksten i Romsdal, om hardt arbeid og enkle kår, om den underlege vegen ti

  • Thoralf Fagertun er vinnar av Fabel og Samlaget si skrivekonkurranse.


    Thoralf Fagertun er vinnar av Fabel og Samlaget si skrivekonkurranse. Laura Djupvik og Marta Huglem Revheim med sterke bidrag på andre og tredjeplass

    158 forfattarar kjempa om å bli Samlaget og Fabel sin neste lydserieforfattar. No er vinnaren kåra: Thoralf Fagertun frå Meløy i Nordland.

    Våren 2025 utlyste Samlaget og Fabel ein skrivekonkurranse på jakt etter nye og spenn

  • Kari Stai er nominert til Brageprisen

    Forfattar og illustratør Kari Stai er nominert til Brageprisen for barneboka Flokken. Vinteren 2026 kjem Raringen, ein frittståande oppfølgjar til boka.

  • Alf Kjetil Walgermo er aktuell med boka "Litteratur i Andeby. Donald Duck og bøkene"

    Donald Duck er ein del av norsk og internasjonal kulturhistorie. Mange nordmenn har lært seg å lese i selskap med historiene frå Andeby. Litteratur i Andeby er ei morosam og andalytisk kjærleikserklæring til den hissige, vesle fyren i matrosdrakt. Boka er også ei litteraturhistorie sett med andeblikk.
    Lanseringfest på Litteraturhuset i Oslo torsdag 6. november kl 19, der Walgermo har med seg Kn

  • Agnes Ravatn, Maria Parr og Åshild Irgens er nominerte til årets Bokhandlarpris

    Samlaget har to nominerte bøker til årets Bokhandlarpris:

    Agnes Ravatns roman Doggerland og Maria Parrs og Åshild Irgens (ill.) barnebok Oskar og eg. Alle tinga vi har er begge på lista over nominerte til den gjeve prisen. Både Agnes Ravatn og Maria Parr har vore nominerte til prisen tidlegare.
    Agnes Ravatn (f. 1983) har gitt ut fleire kritikarroste og populære bøker, blant anna roman

  • Ny diktsamling av Thor Magnus Tangerås; språklig leik og naturrefleksjon

    Den tredje diktsamlinga frå Thor Magnus Tangerås er stilsikker og leiken, og er eit forsøk på å gi språk til noko som ikkje har språk, denne gongen elva.
    Ei vandring langs ei lita elv, ei utforsking av livet ho ber med seg, og livet som omgir henne, på leiting etter håp i ei vanskeleg tid. I dette langdiktet vert lesaren invitert med på å følgja åa frå a til å – frå ås til os, om skog- holt o

Vis mer