"Venner med venger" - barnebok om fuglekikking
Erna Osland og Inger Lise Belsvik står bak boka "Venner med venger" som inspirerer barn til å utforske, observere og lære om fuglar.
Erna Osland og Inger Lise Belsvik står bak boka "Venner med venger" som inspirerer barn til å utforske, observere og lære om fuglar.
"Norsk historie" er no ute i ny firebands utgåve. Det Norske Samlaget sitt historieverk for høgare utdanning har prega norsk historieutdanning sidan 1970-åra, og kjem no i ny utgåve skrive av landets fremste historikarar.
"Tonje Glimmerdal" av Maria Parr er selt til Estland og er no ute i 11 land.
For ellevte gongen blir den høgthengande illustrasjonsprisen frå Gemeinschaftswerk der Evangelischen Publizistik GmbH delt ut. Prisen er på 5000 Euro, og går i år til illustratør Øyvind Torseter for boka “Papas Arme sind ein Boot”, (“Eg kan ikkje sove no” Samlaget 2008). Teksten er skriven av forfattar Stein Erik Lunde.
"Historia om korleis hunden fekk våt snute" av Kenneth Steven er ei unik biletbok illustrert av ein av Noregs dyktigaste illustratørar, Øyvind Torseter. Boka er alt selt til USA og Frankrike.
Unni og Gunni er no ute som bok-appar for iPhone og iPad: Unni og Gunni reiser, Unni og Gunni malar og Unni og Gunni gjer det fint. Appane er basert på den nye peikebokserien av Anna R. Folkestad. For barn frå to år.
Blix-prisen for år 2012 blir tildelt Anne Osvaldsdatter Bjørkli. Prisen vert delt ut i Tromsø Kulturhus laurdag 24. november under Nordnorske bokdager. Prisen er på 15 000 nkr.
Kari Stais biletbok "Jakob og Neikob" av Kari Stai og Elin Grimstads debutbok "Månen som ville lyse som ei sol" er selt for utgjeving i India.
Hellviks "Nynorsk ordliste" har selt i meir enn 2,5 millionar eksemplar sidan første utgåva kom i 1959. No er den 11. utgåva klar, oppdatert med den nye rettskrivinga for nynorsk.
Etter meir enn 20 bøker og eit langt liv i humoren og samfunnsdebattens teneste vil Per Inge Torkelsen heller rose enn erte på seg folk. Krydra med anekdotar frå mange års kurs og foredrag for organisasjonar og næringsliv, byr han på ei positiv handbok i kunsten å gi ros. Lanseringsdato 15.11.
"Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake" av Kari Stai er nominert til Brageprisen 2012 i kategorien beste barne- og ungdomsbok. Boka har fått svært gode meldingar og er alt selt til Tyskland.
Aina Basso er nominert til Brageprisen i kategorien ungdomsbøker for boka "Inn i Elden" med handling frå hekseprosessane i Finnmark.
Norsk litterær årbok 2012 oppsummerer det litterære året 2011, og innheld interessante litteraturvitskaplege artiklar.
"Der nåden finst" av Hermann Starheimsæter er tredje og siste band i serien om den tidlegare journalisten Claus Hjelle og hans kamp med språket og galskapen. Boka er eit frittståande framhald av "Nordvegen" (2003) og "Nattbussen" (2007).
Krigens skugge er ein dramatisk roman om søstre i etterkrigstida. På ein togperrong ein stad i Gudbrandsdalen står Dagny og ventar på søster si, Tea. Alle følgjer med dei, alle veit at det er tyskertøsa som kjem. Krigen kastar skugge over freden, både for dei som har vore på rett side og dei som var landssvikarar.
Melsomprisen 2011 går til Gunstein Bakke for romanen Maud og Aud (Forlaget Oktober).Prisen vart delt ut av forlagsdirektør i Det Norske Samlaget, Edmund Austigard, under opninga av Litteratursymposiet i Odda 10.10. Prisen er på 40 000.
Kom ikkje inn i mitt hus av Arnfinn Kolerud handlar om den uendelege språkstriden mellom nynorsk og bokmål. Innbyggarane i den siste, trassige nynorske landsbyen Vassbygda står steilt i mot presset frå bokmål og engelsk. Bendik Uføre veddar huset sitt på at han skal få heile det norske folket til å samle på nynorske diktarkort.
Olaug Nilssens nye bok "Kjøkenbenkrealisme" er full av ærlege historier om familieliv i dag. Du møter heimeverande, deltids- og fulltidsarbeidande og får eit uvanleg innblikk i korleis småbarnsforeldre i dag organiserer kvardagen. Her vert ikkje småbarnstida idyllisert, men både søvnmangel, frustrasjonar, samanbrot og gleder kjem fram. Lanseringsdato fredag 28.9.
Ved inngangen til Språkåret 2013 gir den profilerte språkpolitikaren Ottar Grepstad ut boka for den som ønskjer påliteleg informasjon og nye tenkjemåtar om språk i Noreg.
Journalist og historikar Astrid Sverresdotter Dypvik er aktuell med "Det var DDR - Forteljingar om eit nedlagt land". Dypvik har møtt ei rekkje menneske som på ulikt vis har merke etter landet som vart borte. Her møter du folk med merkelege, opprørande og triste historier. Alt frå stasimedarbeidarar og leiande personar i kommunistpartiet, til menneske som vart offer for eit brutalt diktatur.