Gå videre til innhold

Emner: Kultur

  • Jon Fosse, Helene Guåker og Bjørn Hatterud nominerte til Kritikarprisen

    Samlaget har heile tre nominerte til Kritikarprisen i år. Helene Guåker som også var nominert til Brageprisen er nominert i kategorien for beste barne- og ungdomsbok med Høgspenning. Livsfare. Juryen seier: "Det er rørende å lese om Leas kamp mot psykisk sykdom og den tyngende taushetskulturen som omgir henne. Boka kjennes betydningsfull, ikke minst fordi mentale lidelser fremdeles er stigmatisert

  • Ny diktantologi til nybakte foreldre; "Det største i livet"

    Då Kristin Storrusten og Ingunn Hamran vart mødre mangla dei ord for den store og overveldande opplevinga. I den nye diktantologien Det største i livet. Dikt til deg som har fått barn har dei samla dikt som set ord på dei nye kjenslene og oppdagingane. 
    Det er ei forunderleg oppdaging: å finne ut at det ikkje lenger berre er eitt hjarte som bankar i kroppen. Å bringe eit barn til verda kan vere

  • Alice Oswald for første gong i norsk gjendiktning

    Alice Oswald blir rekna som ein av dei aller viktigaste nolevande poetane i Storbritannia. Nylig vart ho utnemnd til Oxford Professor of Poetry. No vert Oswald for første gong gitt ut på norsk i Paal Helge Haugens gjendiktning. Ingen (Nobody, 2019) er den åttande diktsamlinga hennar.
    Ingen er ei havbok, der tid og lagnader og menneskeliv speglar seg i denne alltid omskiftelege materien som vi k

  • Lyrikkdebut om klima, tid og formødre

    I debutboka Flør av Krista Lien Indrehus reiser eit barnebarn til landskapa bestemødrene har etterlate seg. Regnet har slutta å falle, snøen på fjellet har minka og bølgene filer seg stadig lenger inn i berget. Barnebarnet går inn i dei gamles hus og ut i naturen som omgir dei. Dei gamle sine røynsler smeltar saman med hennar eigne, og ho ser seg sjølv i det som lever vidare og det som tar slutt.

  • Ny roman om musikk, store draumar og skjebnesvangre val

    Lyden av to hender er ein roman om musikk, store draumar og skjebnesvangre val - og om støyen frå alt det vi ikkje snakkar om. Boka er Sunniva Relling Bergs første roman for vaksne.
    Lotte satsar alt på å bli ein dyktig konsertpianist. Men ho blir ikkje vald som solist til Vårkonserten i Wien, og verda hennar fell i grus. Midt i semesteret reiser ho heim til Noreg for å søke råd hos den gamle p

  • Åshild Moldskred med ny barnebok om korleis å bli tøff på to veker

    Med Berre hopp! har Åshild Moldskred skrive ei barnebok om mobbing, utanforskap og det å leve med eit handikap.
    Ingeborg er van med å ha Pernille der heile tida. Ei kul og sterk bestevenninne som veit kva ho skal seie viss nokon prøver å erte Ingeborg for høyreapparata. Men no er dei blitt uvenner, og Ingeborg blir stadig mint på at ho er annleis.
    Ein dag då alt er ekstra kudrit, gir storebr

  • Tor Jonssons "Dikt i samling" med med tidlegare upubliserte dikt

    14. januar er det 70 år sidan Tor Jonsson tok livet sitt. No kjem Nærast er du når du er borte. Dikt i samling som er den mest komplette diktantologien frå ein av våre mest folkekjære og markante lyrikarar. 
    Både artiklane og dikta han skreiv var prega av hans kritiske syn på makt og ulikskap i samfunnet. I dikta står livslyst mot dødslengt, draum mot røynd og eld mot kulde. «Eg åtte ikkje kjæ

  • Kari Stai med ny illustrert barneroman

    Jakob og Neikob-forfattar Kari Stai er aktuell med ein illustrert barneroman om dei store tankane og funderingane mange unge balar med i overgangen mellom barn og ungdom. 
    Juri nærmar seg 12 år og kjenner seg usikker på absolutt alt. Han prøver å finne ut av seg sjølv, kjærleiken, fotballen, og kor langt tunga skal inn i eit kyss før ein ikkje får puste.
    For Sofi er så fin at Juri mistar pus

  • Olaug Nilssen nominert til P2-lyttaranes litteraturpris for "Yt etter evne, få etter behov"

    Olaug Nilssens roman Yt etter evne, få etter behov er nominert til P2-lytteranes romanpris. Frå før er boka nominert til Brageprisen,  Bokhandlarprisen og Ungdommens Kritikapris. Boka kom ut i oktober til strålande kritikk.
    Nilssen hadde også ein formidabel suksess med sin førre roman Tung tids tale (2017) som vann Brageprisen og no har eit samla opplag på over 40 000. Nilssen traff lesarane me

  • Nynorsk på topp: Alfred Fidjestøl og Harald Nortun nominerte til Bokslukerprisen

    Aldri før har ei nynorskbok blitt superfinalist i Bokslukerprisen. I år er heile to av fem finalebøker utgitt av Samlaget. 
    Alfred Fidjestøl er nominert for sakprosaboka Som ein bror. Historia om sjimpansen Julius, som òg var hans barnebokdebut, medan Harald Nortun går til finalen med si femte bok for barn og ungdom, Brageprisnominerte Blå flaggermus.
    I haust har omlag 120.000 barn på mellom

  • ​Utanlandssal for Bragenominerte Helene Guåker

    Ungdomsromanen Høgspenning livsfare er seld til Danmark, og trykkast samstundes i nytt opplag i Noreg.
    – Høgspenning livsfare har vore krevjande å skrive, og derfor er det så utruleg godt når ho blir sett og anerkjend. Eg er glad og stolt og håpar at danskane vil like boka mi, seier Guåker.
    Det er forlaget Straarup & Co som vil gi ut ungdomsromanen i Danmark.
    – Tematikken psykisk hels

  • Olaug Nilssen får sin tredje prisnominasjon for "Yt etter evne, få etter behov"

    Olaug Nilssens nye roman Yt etter evne, få etter behov er nominert til Ungdommens Kritikarpris. Frå før er boka nominert til både Brageprisen og Bokhandlarprisen. 
    Frå grunngjevinga til Ungdommens Kritikarpris: 
    "Romanen skildrer forbudte følelser og tanker; en mor som avskyr tanken på å måtte tilbringe tid med sin autistiske tenåringssønn, besteforeldre som lyver for å slippe å passe barneb

  • Barnas Juleroser 2020 med bidrag frå m.a. Maja Lunde, Kåre Conradi, Svein Nyhus og Herborg Kråkevik

    Årets julehefte er spekka med illustrasjonar, papirklipp og førjulsoppgåver for heile familien.
    Juleroser med Herborg Kråkevik som redaktør har etablert seg som eit av dei mest populære, norske julehefta. Mens Juleroser kjem ut for sjette gong i år, kjem Barnas Juleroser ut for tredje gong.
    Nokre av våre mest kjende og kjære forfattarar har skrive nye juleforteljingar, fargelagt av eit knipp

  • Lansering av Juleroser 2020 med redaktør Herborg Kråkevik og bidrag frå Magne Furuholmen, Sigrid Bonde Tusvik, AURORA, Kåre Conradi, Nina Lykke m.fl.

    Juleroser med Herborg Kråkevik som redaktør har etablert seg som eit av dei mest populære, norske julehefta. I år er det sjette gong heftet kjem ut. Barnas Juleroser kjem i år ut for tredje gong.
    I år inkluderer Kråkeviks Juleroser-univers også ein Juleroser-turné med litteratur, kunst og musikk, ei eiga Juleroser-plate og praktutgivinga Julesongboka med dei tradisjonsrike songane i tillegg ti

  • «Ollis» av Ingunn Thon nominert til prestisjetung barnebokpris i Storbritannia

    Barnebokforfattar Ingunn Thon er nominert til 2021 CILIP Carnegie Medal Prize for Ollis.
    – Eg synast det er veldig stas. Spesielt å bli nominert i UK som er kjent for å ha så mykje fin barnelitteratur sjølv, seier Thon om nominasjonen, og legg til: 
    – Om eg tenkjer på Ollis som ein ekte person, som eg av og til gjer, blir eg stolt av ho. At reisa ho gir seg ut på betyr så mykje for engelske

  • Olaug Nilssen nominert til Bokhandlarprisen

    Olaug Nilssens nye roman Yt etter evne, få etter behov er nominert til Bokhandlarprisen 2020. Boka  kom ut i oktober til svært gode meldingar. Ho er også nominert til Brageprisen i år. Nilssen hadde også ein formidabel suksess med sin førre roman Tung tids tale (2017) som vann Brageprisen og no har eit samla opplag på over 40 000. Nilssen traff lesarane med si unike og sterke forteljing om å vere

  • Samlagsprisen 2020 til Katrine Sele

    Sele vart tildelt prisen på Jølster Hotell i Sunnfjord i går kveld. Ho får prisen mellom anna for bøkene Jølster Hotell. Historier frå eit asylmottak  og Kenneth. Biografien om Kenneth Sivertsen. Prisen er på 50 000. 
    Frå grunngjevinga til juryen: "Sele sine forteljingar skildrar og gir djup innsikt i det som bur i oss som menneske og samfunn. Ho utløyser medkjensle til menneska, og samstundes

  • «Høgspenning livsfare» av Helene Guåker nominert til Brageprisen

    Helene Guåker er nominert til Brageprisen i klassen for barne- og ungdomslitteratur med ungdomsromanen Høgspenning livsfare.
    I juryens grunngiving står det mellom anna:
    «Høgspenning livsfare handler om overgangene i livet, om kriser og om psykisk helse. [...] Med korte setninger og velvalgte ord formidler Helene Guåker kompliserte følelser både på og mellom linjene. Det er lett å lese, lett

  • Sigrun Slapgard nominert til Brageprisen for agenthistoria «Eit hemmeleg liv»

    Den tidlegare NRK-journalisten er aktuell med ny bok – og Bragenominasjon, om den ukjende spesialagenten Wilhelm Holst.
    I grunngivinga frå juryen står det mellom anna:
    «Denne medrivande forteljinga handlar om den ukjende norske motstandsmannen Wilhelm Holst. [...] Boka har vorte mykje meir enn ein biografi: I tillegg til jakta på det verkelege livet til ein agent som opererte i løynd, gir ho

Vis mer