Debuterer med roman om fattigdom, klassereise og familierelasjonar
I debutromanen Flog stiller Dordi Strøm spørsmål om kva det er som bind foreldre og barn saman. Er det gjeve at ei mor skal elske sin eigen son? Og kan ei dotter nokon gong slutte å drøyme om å bli elska av far sin? Ramma for handlinga i boka er dei store endringane som skjedde med familar på bygda i Noreg i etterkrigstida med industrialiseringa og utdanningsrevolusjonen, ikkje minst i landbruket.