Gå videre til innhold

Emner: Fiskeri

No når vi feirar 25 år med Opera Nordfjord, tar vi eit aldri så lite tilbakeblikk...

Lytt ikkje til velmeinte råd – det kan hende dei er dårlege!


Då eg starta med blogg i vinter, var planen at eg skulle gå gjennom HEILE livshistoria til Opera Nordfjord – i kronolgisk rekkefølge – i løpet av året, men då var ikkje planen at det skulle gå eit halv år til neste innlegg… Så no skriv vi altså allereie 4. september, og eg har berre komme så langt at eg grein i bilen heim etter eit styremøte 11. mai 1998. For ein slutt å dvele ved i eit heilt

Vis mer

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge