Gå videre til innhold

Regions: Vestfold-og-telemark

Foto: Agnete Brun

Jon Fosse får St. Olavs Orden - Storkors for den framifrå forfattarskapen sin

Jon Fosse (f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. I over førti år har han skrive i ulike sjangrar: romanar, dramatikk, lyrikk, kortprosa, essay og barnebøker. Tekstane hans er omsette til over femti språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger over heile verda. Fosse har fått ei rekkje prisar både i inn- og utland, mellom anna Nobels litteraturpris i 2023. Jon Foss

Bokhandlarforeningas forfattarstipend til Martin Ingebrigtsen og Dordi Strøm

Bokhandlarforeningas forfattarstipend til Martin Ingebrigtsen og Dordi Strøm

Martin Ingebrigtsen og Dordi Strøm får Bokhandlarforeningas forfattarstipend på høvesvis 200 000 og 60 000 kroner. Prisane vart delt ut på Lillehammer litteraturfestival onsdag ettermiddag.
Frå grunngjevinga til juryen:
"Martin Ingebrigtsens innfall er så vilt kreative, samtidig som han har et uomtvistelig talent for å skape vellykkede poetiske bilder og setninger som får det til å søkke i l

Kristin Tveiten klar med romanen "Nålehuset", om opphav, lojalitet og draumar som brest

Kristin Tveiten klar med romanen "Nålehuset", om opphav, lojalitet og draumar som brest

Handlinga i Kristin Tveitens nye roman Nålehuset startar med to menn godt oppi 80-åra. Den eine prøver å drepe den andre. Korleis har dei hamna der?
Osvald veks opp under enkle kår i lag med den strenge, gudfryktige mor si. Det er som om ho straffar sonen for noko, men trass i at ho er full av forakt, held ho han i eit fast grep. På andre sida av fjorden ligg Storgarden, og der bur jamaldringen

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

Mette Karlsvik aktuell med ny roman om begjær og sårbarheit; "Året har tretten netter"

Den kritikarroste forfattaren Mette Karlsvik er klar med romanen Året har tretten netter.
Lansering på Litteraturhuset i Bergen der Karlsvik samtalar med Wenche Mühleisen: https://www.litthusbergen.no/a...
Mette matchar med M. Han viser straks interesse, og ho kan ikkje tru at ein som han ser noko i henne. Når den leikne og uforpliktande relasjonen på SMS går over i fysiske møte, aukar denn

Foto: Gry Traaen

Ingvill Kjærstein debuterer med romanen "Austvestpassasjen"

Ei ung kvinne arbeider som engelsklærar i Kyoto. Ho bur i ei skrøpeleg leiligheit og held seg mest for seg sjølv. Dei stadige blikka og spørsmåla ho får, minner ho på at ho ikkje høyrer heime i landet, sjølv om ho har budd der i fem år og snakkar språket godt. Ein sein januarkveld ringer det på døra, men det er ingen der. Då det skjer igjen, byrjar tankane å spinne, og tryggleiken ho har bygd opp,

Vis mer

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO