Gå videre til innhold

Emner: Kultur

  • Ottar Grepstad med ny bok: "Språksansen. Kalender om alle verdas språk"

    7.10. lanserer Ottar Grepstad ei ny språkbok som tek for seg språksituasjonen i verda. Han gjer historiske- og geografiske dykk, rissar opp dei viktigaste språkfakta, siterer forfattarar og språkforskerar. 270 språk er nemnde i kalenderboka, likeså 366 forfattarar (ein for kvar dag i året). Ei bok med brei kunnskap og glede for språk i sjølvaste språkåret.

  • Kjærastepar på 23 år debuterer med roman, "& me skal bli omskapte"

    Kjærasteparet Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland debuterer med romanen "& me skal bli omskapte". Det er ei forteljing om vestlendingen Jakob og sjokoladebutikken han startar i London. Det er ei forteljing om familieband med lange skuggar, kjærleik som råkar hardt, og den vanskelege kampen for å få bestemma over sitt eige liv.

  • Ny dokumentarbok: "Revejegerane på Jan Mayen"

    Den erfarne journalisten Ole M. Ellefsen fekk ei skattkiste i fanget i form av fleire dagbøker skrivne av fangstmenn som overvintra på Jan Mayen. Den nye boka "Revejegerane på Jan Mayen" er historia om 11 menn isolert på ei aude øy året 1926. Dei skulle fange rev, men enda med å jakte på kvarandre.

  • Lansering av biografi om Kenneth Sivertsen

    Kenneth Sivertsen rørte seg heilt mot ytterkantane. Då han døydde i 2006 var han mest kjend for eit vilt liv og ein brutal nedtur. Men når journalist og forfattar Katrine Sele skildrar livet hans, er det meir enn noko ei historie om glede, ein trong til å lage lykkelege augeblikk – og om kva det vil seie å skape kunst.

  • BOKLANSERING: DET NORSKE TEATRETS 100-ÅRS SOGE TORSDAG 3.10.

    Alfred Fidjestøl byr på dramatiske scener frå 100 års teatereventyr i "Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013". For første gong kjem her heile historia, frå turneane til forløparen Det Norske Spellaget i 1911 og 1912 til den storslagne hundreårsfeiringa i 2013.

  • Jan Inge Sørbø aktuell med "Til trøyst -å gje språk til psykiske kriser"

    Kor går skiljet mellom frisk og sjuk, galen og normal? Jan Inge Sørbø er aktuell med ei ny bok om psykisk sjukdom i litteraturen. Medisinen har ikkje eit godt nok språk for dei kjenslene og erfaringane folk får ved psykiske sjukdommar og plager. Jan Inge Sørbø viser at det er litteraturen som er den store og romslege kjelda til slik innsikt og forståing.

  • Strålande meldingar av Rakel Solstads debutbok "Men kva veit vi om barna"

    Debutant Rakel Solstad skriv om barn i utsette posisjonar. Arbeidet som pedagogisk-psykologisk rådgivar i skolen har gitt ho innsikt i strukturar som kan få negative verknader for utviklinga til eit barn, og grunnlag for å stille spørsmålet: Kva veit vi om barna?

  • Lansering: "Atlanterhavsflygaren Thor Solberg - ei røvarhistorie"

    Forfattar Dag H. Nestegard har skrive bok om sin barndomshelt, flypioneren Thor Solberg (1893-1967) frå Florø. Frå 1825 til 1925 reiste ein million nordmenn over havet til Amerika. I 1935 blei Thor Solberg den første som flaug tilbake. Sommaren 1935 flaug han som første nordmann eit spinkelt einmotorsfly frå USA til Noreg.

  • Suksess i utlandet for instagram-boka "Leik med maten"

    Ida Skivenes deler matglede og kreative frukostar med over 150 000 følgarar frå heile verda på Instagram under namnet idafrosk. No deler ho også oppskriftene i bokform på både norsk og engelsk. Opplaget av den engelske utgåva ("Eat your art out") forsvann med det same ho kom på marknaden, og andre opplag av både norsk og engelsk utgåve er snart klare. Samla opplag er 10 000.

  • Bøker som får ungdom til å lese

    Velkomen til arrangement på Nasjonalbiblioteket, Halvbroren, Observatoriegt. 1B, Oslo. Onsdag 18. september kl 18.00.

  • Jan Roar Leikvoll får Stig Sæterbakkens minnepris

    Snart bokaktuelle Jan Roar Leikvoll er årets vinnar av Stig Sæterbakkens minnepris på 100 000. 25.9. kjem Leikvolls nye roman "Songfuglen" ut. Det er andre gongen minneprisen vert delt ut. I fjor gjekk prisen også til ein Samlagsforfattar, Mette Karlsvik.

  • Agnes Ravatn med ny roman, Fugletribunalet

    Boka er alt selt til Tyskland, til det anerkjente forlaget Random House Germany (tidlegare Bertelsman). I Fugletribunalet følgjer vi to menneske som har søkt eksil i eit avsidesliggande hus ved havet. Begge har ein løyndom og eit ønske om å sone. Den eine ber på skam, den andre skuld. Kva må til for å kunne starte på ny?

  • Atle Hansen skriv om asylbarn i ny spenningsbok for ungdom

    Rett under fjellet ligg det eit tomt hus, som plutseleg ikkje er tomt lenger. Nokon har flytta inn, men vil ikkje bli sett. Er det dei rømte asylbarna, eller kanskje den farlege fangen som har slått seg til der? Og kva i all verda gjer ein når ein oppdagar noko som er hemmeleg?

  • Ny ungdomsroman frå Magnhild Bruheim, "Det som er sant"

    Kva er sant, og kva er rykte? Linn og Solveig er bestevenninner, men vennskapen blir sett på ein vanskeleg prøve når Hanna og Sander har to ulike versjonar av kva som eigentleg skjedde på det rommet på den festen. "Det som er sant" engasjerer lesaren frå første side og er ei høgaktuell bok om sex, vennskap, overskriding, grensesetting og hemningslaus ryktespreiing på sosiale medium.

Vis mer