Informasjonen på disse sidene er beregnet for journalister, presse og media. Klikk JA for å komme til nyhetsrommet. Hvis du klikker NEI vil du komme tilbake til mynewsdesk.com
Solistlaget er klart og billettsalet er opna for «Jorden rundt på 80 dager» av Øystein Wiik og Gisle Kverndokk. Ein kan kanskje like godt kalle forestillinga «Kor mange operaer passar inn i éin musikal?». Det kan bli ein fin gjetteleik for publikum når musikken frå denne leikne musikalen fyller operahuset til hausten; kva for ein opera skal vi innom no, på veg jorda rundt?
Heile Julestjerne-produksjonen har endeleg flytta inn i Operahuset Nordfjord og skal dei neste dagane på magisk vis skape eventyrstemning på scena. Julestjerne og stjernehimmel er snart på plass, og kongen sitt slott tek sakte form.Tronstolane til Kongen og Gulltopp blenkjer i gull og sølv, og klessstativa bugnar av fargerike kostyme. Sonja kan snart starte på den magiske Reisa til Julestjerna!
Søndag 25. oktober innbyr Opera Nordfjord til trio-konsert i Kulturhuset Gamlebanken på Nordfjordeid. Trio no Treble er ein utradisjonell stryketrio som spelar både klassisk, jazz og pop med humoristisk snert - her vert det trimming av både smileband og lattermusklar!
Neste års hovudproduksjon, Jorden rundt på 80 dager, vert ein fest av ei forestilling, med alle ingrediensane som garanterer ei underhaldande og vakker operaoppleving: ei omfattande rolleliste, kor og dansarar og smektande musikk. Publikum får ta del i ei geografisk og musikalsk reise i operahistoria godt krydra med komplikasjonar og mykje humor undervegs.
Hovudproduksjonen til Opera Nordfjord i haust vert musikalen Mannen frå La Mancha, ein av dei store suksessane på Broadway, skriven i 1965. Publikum skal bli betre kjent med Don Quixote og hans fantasiverd, fortalt på dramatisk vis i eit fengsel under den spanske Inkvisisjonen. Den folkekjære Reisa til Julestjerna har endeleg Nordfjord- premiere 27. november, til glede for heile familien.
Score-konseptet frå Sverige med dataspelmusikk hadde stor suksess på konsertturné i fylket våren 2018. No er dei tilbake med nytt samarbeid med Opera Nordfjord med SAGAS, filmmusikk frå Fantasy-sjangeren. Operahuset Nordfjord, Førdehuset og Sogndal Kulturhus er utvalde konsertarenaer når turnébussane rullar ut på vegane 24.-26. april. Musikk frå kjende Fantasy-filmar står for tur!
Opera Nordfjord slår bokstaveleg tala på stortromma når dei innbyr til Den store julekonserten 6. og 7. desember. JULESTEMNING er stikkordet, og repertoaret byr på både kjende og kjære norske julesongar, engelske carols og den amerikanske juledraumen. Solistane Lise Granden Berg og Alexander Standal Pavelich, dirigent og konferansier Michael Pavelich, kor og orkester er klare til dyst!
Er du skeptisk til opera? Ta sjansen og bli med på vårt unike tilbod! Vi innbyr deg til jomfrutur til Operahuset Nordfjord onsdag 9. oktober for å oppleve din aller første opera, nemleg Hans og Grete.
Opera Nordfjord førebur no to store produksjonar i Operahuset Nordfjord til hausten. Onsdag 2. oktober er det premiere på familieoperaen Hans og Grete av Engelbert Humperdinck, med sju påfølgjande framsyningar, og helga 6. og 7. desember innbyr distriktsoperaen på Nordfjordeid til Den Store Julekonserten, med solistar, operaorkester og stort kor. Det er all grunn til å gle seg!
Hovudproduksjonen til Opera Nordfjord i 2019 er operaen Hans og Grete av Engelbert Humperdinck.. Etter prøvesong tidlegare i vinter er solistlaget no klart, med ei spennande blanding av nyutdanna songarar og etablerte operasolistar med lang fartstid frå Den Norske Opera & Ballett og internasjonale operascener.
Etter eit heilt år med planlegging, innsamling av songskattar, øvingar i lokale grupper og inspirerande fellesøvingar i operahuset, er alle i Fargespel Nordfjord klare for den siste innspurten mot premiere 5. april. Alle dei sju Nordfjord-kommunane er representerte, og det har vore ei stor glede å samarbeide på tvers av alle dei grensene som ofte skil oss. Det viktige er det vi har felles!
Opera Nordfjord har i 20 år gledd sitt publikum med operaer, operetter, musikalar og konsertar. I jubileumsåret 2018 har distriktsoperaen på Nordfjordeid bydd på dataspelmusikk gjennom det spennande orkesterprosjektet SCORE, operaen La Bohème og familiemusikalen Annie, som fekk avrunde året med fulle hus og begeistringsrekord! I dag startar billettsalet for operaen Hans & Grete.
Billettsalet til musikalen Annie går så det susar; tre framsyningar er nesten utselde, og no er billettar til ekstraframsyning søndag kveld den 25. november lagt ut for sal. Dei 18 barneheimsjentene kjem frå heile Nordfjord, og dei sju namngjevne rollene vert spelte av jenter frå Hornindal, Gloppen og Eid. I tillegg kjem vaksenroller, dansarar og koristar - i alt 54 medverkande på scena!
Fargespill vart etablert i Bergen i 2004 og har i åra sidan hatt stor suksess med sine fantastiske sceneshow, der born og ungdommar frå heile verda møtast til kulturutveksling og samarbeid. No er Fargespel Nordfjord etablert under Opera Nordfjord si fane og med tett samarbeid med alle Nordfjord-kommunane. Dei neste åtte månadane vert det intens jakt på og deling av kulturskattar frå andre land.
I år er det 20 år sidan Opera Nordfjord inviterte til premieren på Flaggermusen i Aulaen på Fjordane Folkehøgskule på Nordfjordeid. Operahuset Nordfjord er arena på 10. året, når teppet går for La Bohème onsdag 3. oktober. Nokre veker seinare er det endå meir å gle seg til, når den kjende og kjære musikalen Annie står på plakaten i operahuset 23. - 25. november. Bli med på 20-årsfeiringa!
Opera Nordfjord feirar 20 år med operaframsyningar i år, og endeleg får distriktsoperaen på Nordfjordeid for første gong besøk av ein kulturminister. Vakre La Bohème er jubileumsframsyninga som står på plakaten når kulturminister Trine Skei Grande kjem til Nordfjodeid laurdag 6. oktober.
Komponist Magnar Åm og librettist Oda Radoor har skrive operaen Kimen, basert på romanen Kimen av Tarjei Vesaas. Det har blitt eit omfattande dugnadsprosjekt mellom profesjonelle aktørar i det kunstnariske teamet, profesjonelle solistar og musikarar og spennande samarbeid mellom fleire lokale kor og mange frivillige. Opera Nordfjord har bidrege med kulissearbeid, kostyme og produsenttenester.
Den kjende musikalen Annie får premiere i Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid fredag 23. november med påfølgande framsyningar 24. og 25. november. Det er venta storinnrykk av born, ungdommar, foreldre, beste foreldre og oldeforeldre på dei tre framsyningane, og billettsalet er allereie i gong. Unge, lovande solistar frå heile Nordfjord er plukka ut til rollene som Annie og vennene hennar.
Fredag 23. november vert det premiere i Operahuset Nordfjord på den kjende og kjære musikalen Annie, om den raudhåra barneheimsjenta, som meir enn noko anna ønskjer seg ein far og ei mor og å vere ein del av ein heilt vanleg familie. Vi møter rampungar, svindlarar, den gode og rike Daddy Warbucks, den onde barneheimsstyraren Miss Hannigan, den snille sekretæren Grace - og President Roosevelt!
Opera Nordfjord feirar i år 20 år med opera, musikkteater og konsertar. Jubileumsåret vert avslutta den siste helga i november med den folkekjære familiemusikalen Annie av Charles Strouse. No sender operaen ut innbyding til jenter frå Nordfjord i alderen 8 år og oppover som kan vere interesserte i ei av dei mange rollene.
Når du velger å følge et nyhetsrom og opprette en brukerkonto vil dine personopplysninger bli benyttet av oss og av nyhetsrommets eier for å sende deg nyheter og oppdateringer i henhold til dine varslingsinnstillinger.
For mer informasjon, les vår Personvernerklæring for Brukere, som gjelder for vår bruk av dine personopplysninger, og vår Personvernerklæring for Contacts, som gjelder for nyhetsrommets eiers bruk av dine personopplysninger.
Vær oppmerksom på at våre Brukervilkår gjelder for all bruk av våre tjenester.
Du kan trekke tilbake ditt samtykke når som helst ved å melde deg ut eller slette din konto.
E-post sendt til __email__. Klikk på lenken i e-posten for å følge Opera Nordfjord.