Lyrikkdebut om klima, tid og formødre
I debutboka Flør av Krista Lien Indrehus reiser eit barnebarn til landskapa bestemødrene har etterlate seg. Regnet har slutta å falle, snøen på fjellet har minka og bølgene filer seg stadig lenger inn i berget. Barnebarnet går inn i dei gamles hus og ut i naturen som omgir dei. Dei gamle sine røynsler smeltar saman med hennar eigne, og ho ser seg sjølv i det som lever vidare og det som tar slutt.