Ellen Løvhaug Harrisons debuterer med boka "Søv berre når du søv"; eit ømt og stilsikkert portrett av ein far.
Ei dotter sit i Noreg og ser på filmopptak av ein far og ei tid i USA ho knapt kan hugse. I heimefilmane ser ho eit skjær av det livet faren såg for seg då mora, storesystera, ho og han var ein familie.Dikta forsøker å halde fast på ein person, på tvers av grenser mellom død, liv, hav og tid. Det er ei familiehistorie som ikkje forsøker å forstå kvifor ting vart som dei vart, men som ser etter var