Gå videre til innhold

Emner: Litteratur

  • Ny dystopisk spenningsserie for unge frå Tor Arve Røssland

    Tor Arve Røssland startar det nye året med første bok i Overleve, ein ny dystopisk spenningsserie for barn og unge, om ei nær framtid der menneska er utryddingstruga. Bok to kjem hausten 2022, og band tre kjem i 2023.

  • Radarparet Bø og Bæ er tilbake!

    Kultfigurane Bø og Bæ er tilbake for fyrste gong på 15 år! Bøkene blir rekna som moderne bildebokklassikarar, lesne og elska av vaksne og barn!

  • Rune F. Hjemås debuterer som barnebokforfattar


    Rune F. Hjemås debuterer som barnebokforfattar med romanen Ein bror i verdsrommet, august 2021.

    I Ein bror i verdsrommet møter vi Elias som gler seg til at storebroren Mats skal kome heim på permisjon frå sjukehuset. Men det blir ikkje heilt som Elias har tenkt seg. Mats er tynn og slapp og orkar ikkje å gjere noko av det Elias har planlagt. Snart må han reise tilbake til sjukehus

  • Barnebokdebut om skeiv kjærleik

    Debutant Geir Egil Eiksund har skrive ei viktig og sjarmerande barnebok om å komme ut av skapet i ung alder, i ein religiøs familie i ei lita bygd på Vestlandet.

  • Ny bok om alderdomssjokket som ein dag tek oss alle

    Åsmund Bjørnstad skildrar i Konfirmasjon til alderdommen sjokket som ein dag tek oss alle. Utan større førebuing må vi tre ut av samfunnet, arbeidet og ansvaret vi som unge blei konfirmerte inn i. For dei fleste ligg alderdomen enno langt der framme, men minkinga er i gang. Med orda frå kong Lear: Vi må gå gjennom å gå bort, liksom å koma hit. Mognad er alt.
    Dikta i Konfirmasjon til alderdommen

  • Debuterer med feministisk diktsamling om einsemd og lausriving

    Debutsamlinga Ho av Christine Kjellstrøm Melby skildrar einsemda etter eit brot, ein vinterdepresjon som veks ut av proporsjonar - for ikkje å snakke om klørne som veks ut av føtene og sprenger seg ut av joggeskoa. Ei kvinne blir forvandla frå menneske til dyr, frå dyr til jord - og frå jord til kvinne igjen. 
    Grensene blir uklare mellom natur og sivilisasjon, fortid og framtid og mellom det me

  • Rage aktuell med roman om venskap og heimebrent

    God venskap, ei rifle og store mengder heimebrent.
    Tre vener skal preika skit og drikka sprit og spela Playstation for alltid, og det skal ingenting få øydeleggja. Men så skjer ein dum ting, nemleg at to av venene greier å skyta hovudet av den tredje og berre med eit naudskrik greier å lappa han saman att ved å ty til det dei har for handa, som er ein gammal båtradio. Dette fungerer fram til de

  • Juliane Rui klar med ny diktsamling

    Variasjonar over nærleik
    Juliane Rui skildrar dei skjøre kontaktpunkta mellom menneska, naturen og dei andre artane på jorda. Mennesket oppstår som ein del av ein samanheng, kopla til familien og til verda utanfor. Perspektiva endrar seg etter kvart som ein blir påverka av tid, minne og relasjonar. I poesien til Rui får vi sjå verda frå nye vinklar og nærme oss andre perspektiv og språk: det ti

  • Berit Rødstøl undersøker kollektiv sorg og nedarva skuld i ny roman

    Etter punktum er ein roman om ei bygd som ikkje gløymer.Ei ung jente døyr i ei tragisk bussulykke og fører ei lita vestlandsbygd inn i ei tåke av sorg og fordømming. Femten år seinare vender dottera til bussjåføren attende for å ta over garden og blir overraska av ei bygd som ikkje har gløymt. Romanen handlar om det som skjer etter at punktum er sett. Om ei kollektiv sorg som ikkje vil gro, om ret

  • Olga Ravn si nyaste diktsamling ute på norsk

    Den kvite rosa av den danske forfattaren og poeten Olga Ravn er ei diktsamling full av kraft. Kvart dikt får stå for seg sjølv på luftige sider, som høgreiste monument i ein nøye uttenkt konstruksjon. Dikta fortel ei historie om sjukdom, tap og kjærleik. Språket er minimalistisk, fargerikt og høgtideleg, det ber i seg ein kompleks bildekraft og ville metaforar som treffer lesaren.
    Boka er gjend

  • Debuterer med tinder-dikt om den moderne datingkulturen

    Hovudpersonen i denne leikne og humoristiske diktsamlinga har det eigentleg heilt fint. Heilt til den dagen ho byrjar å sjå menn. Da bryt sjølvsagt helvete laus. Ho lagar seg ein profil på Tinder. Kor vanskeleg kan det vere å finne ein mann ein kan kjenne nærleik til? Det er trass i alt mange av dei i Tinder-straumen. Men korleis gjer ein gode val i eit hav av ingeniørar, skjematisk posering med s

  • Færevåg klar med 29 forteljingar frå Røvær

    Den vesle jenta og havet handlar om å finne trøyst i litteraturen.
    Ein vinterdag i 1985 køyrer ei lita jente det grå akebrettet til broren utfor vegen og fell uti sjøen på grunna. Der blir ho liggjande med andletet ned og druknar, berre fem år gammal. Tilbake står ein familie på to vaksne og tre barn. Ingen såg kva som skjedde.
    Mange år etterpå nærmar broren seg ulykka gjennom å skrive. Han

Vis mer