Marianne Gretteberg Engedal er aktuell med ei original bildebok om einsemd, frykt og sopp
Marianne Gretteberg Engedal er ein prisvinnande forfattar og illustratør. No er ho aktuell med bildeboka Jotten, Jotto og Larsen og problemet med fastlegen.
Marianne Gretteberg Engedal er ein prisvinnande forfattar og illustratør. No er ho aktuell med bildeboka Jotten, Jotto og Larsen og problemet med fastlegen.
Samlaget lanserer tre nye lettlest-bøker av Anna Folkestad om blekksprutar, edderkoppar og dovendyr 29. mai. Bøkene inneheld overraskande fakta og er illustrerte for å inspirere ferske lesarar. Serien er ein del av Leseland for barn som lærer å lese.
"Alle dyr er BÆ" er ei varm og sjarmerande biletbok frå Ruth Lillegraven og Victoria Sandøy (ill.), om livet på ein gard gjennom eit år, og om ein storebror som vil lære veslesøster å snakke.
Samlaget gir ut tre nye lettlestbøker med morosame og overraskande fakta om Erling Braut Haaland, Antonio Nusa og Martin Ødegaard. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert av Magne Taraldsen.
Kåre og Marimba er tilbake! Fantasileik og skaparglede. Kåre og Marimba er bestevener sjølv om dei har veldig ulike interesser. Men begge to vil gjerne bygge noko nytt og spennande! Kanskje finne opp noko som ingen andre har tenkt på før? Heldigvis har dei ein nabo som har hagen full av skrot og krimskrams. Men medan dei mekkar på maskina, er det nokon som lurer i buskane. Kven kan det vere?
Vakker og poetisk bildebok signert Brynjulf Jung Tjønn og Skinkeape, om forholdet mellom ein far og ei dotter og om å forstå at verda er større enn ein først hadde trudd. "Kva tenker du på?" kan lesast som ei forlenging av Tjønn sine diktsamlingar for vaksne, men sett frå eit barns perspektiv.
Anna R. Folkestad er aktuell med bildeboka Litt for snill, ei morosam bok om sjalusi og misunning, og om kva det eigentleg vil seie å vere ein god venn.
Hilde Myklebust og Bård Sletvold Torkildsen er aktuelle med bildeboka Grisungen med den rette halen, ei sjarmerande, varm og morosam barnebok om å kjenne seg annleis.
Bildeboka Nattklubben av Mona Vetrhus og Sebastian Meschenmoser, er ei original, eventyrleg og smårampete nattaforteljing for heile familien. Nattklubben er Vetrhus sin debut som barnebokforfattar.
Trude Tjensvold har skrive og illustrert faktaboka Vi roper i skogen, ei bildebok om skogens språk.
Bildeboka Stor av Martine Grande, er ei historie om kva det vil seie å vere stor, liten og akkurat passe seg sjølv.
Årets festspeldiktar og Jakob og Neikob-skapar Kari Stai er aktuell med ny bildebok for barn. "Er det sant at" handlar om å bere på historier. Det er ei forteljing om fedrar, sakn og kjærleik.
Kunstnarduo med sprelsk og humoristisk bildebok om å hjelpe til for kvar ein pris.
Kari Stai er aktuell med den sjuande, og aller siste boka om Jakob og Neikob, Jakob og Neikob og tidsmaskinen.
Musikar Line Dybedal debuterer som barnebokforfattar med årets vakraste juleforteljing, Eit hjarte til jul, illustrert av Line Renslebråten.
Kultfigurane Bø og Bæ er tilbake for fyrste gong på 15 år! Bøkene blir rekna som moderne bildebokklassikarar, lesne og elska av vaksne og barn!
Marianne Gretteberg Engedal er aktuell med oppfølgjar til den kritikarroste og prisvinnande bildeboka Pølsetjuven frå 2019!
Ny bildebok om utanforskap og mot av illustratør og animatør Martine Grande.
Frode Grytten og Mari Kanstad Johnsen har skrive og illustrert ei fantasifull og fargerik godnatt-historie.
Jakob og Neikob er tilbake! I Kari Stais fjerde bok, Jakob og Neikob Naboen, opplever dei to venene at ein heilt ny person flyttar inn ved sidan av dei.