Gå videre til innhold

Emner: Teater

  • Kritikarrost framsyning og forbode musikk på Scene 3

    Da Saykoluhjee hadde premiere i fjor på Salt, skreiv Aftenpostens teatermeldar at "Tani Dibasey viser en ny vei for norsk teater" og trilla 6 på terningen. No blir framsyninga å sjå på Det Norske Teatret. Det blir også artisten Ramy Essam, som er svært omstridt i heimlandet Egypt.

  • Jonas Benyoub teaterdebuterer i Da vi var yngre

    Berre 19 år gamal entra Oliver Lovrenski den litterære scenen med romanen Da vi var yngre. No blir boka teater, og med det debuterer også Aksel Hennie som teaterregissør. Hovudrolla som Ivor blir spelt av rappar Jonas Benyoub, som også erobrar teaterscenen for første gong. DA VI VAR YNGREav Oliver LovrenskiURPREMIERE FREDAG 28. FEBRUAR KL. 19.30SCENE 2
    - Vi må elske desse kidsa. Trass i dei asp

  • Scene 3 tar tempen på Noreg

    Gjengen på Scene 3 er aktuelle med ytterlegare to framsyningar. DIAMOND. PLANET tar for seg korleis vi ignorerer verdsproblem som ikkje vedkjem oss direkte. SAYKOLUHJEE stiller spørsmål ved om vestleg psykisk helsevern tek inn over seg kulturforskjellar, eller berre er tilpassa den øvre, kvite middelklassa.

  • Europavisjonar - musikk og politikk

    Nyare europeisk politikk fortalt gjennom ein Eurovision-finale
    På Det Norske Teatrets Hovudscene stig Eurovision-feberen. Frå 1. mars blir det finale kvar kveld. Finalistane er statsleiarar frå heile Europa gjennom dei siste 35 åra, som syng sine visjonar til Eurovision-tonar.EUROPAVISJONARav Simen Formo Hay, Johan Hveem Maurud og Oda RadoorURPREMIERE 1. MARS KL. 17.30PÅ HOVUDSCENENVi startar

  • Dataspelopera inspirert av nær-døden-oppleving

    I 2021 slo Claudia Cox i duoen Only Slime hovudet under eit klassisk musikk-akrobatikk-stunt. Ho fekk ei ut-av-kroppen-oppleving, og blei liggande på eit mørkt rom i eit år. Dette er bakgrunnen for framsyninga som no kjem til Scene 3.

  • Leselaget med Hoem, Ullmann og Nedrejord - ny podkastserie

    Kva gjer ein tekst udøyeleg? Og kva er ein klassikar? I Leselaget vil ulike forfattarar, dramatikarar og teaterfolk som er knytte til repertoaret på Det Norske Teatret dissikere aktuelle klassikarar. Først ut er Lady Macbeth fra Mtensk av Nikolai Leskov.

  • Kathrine Nedrejords personlege mareritt til scenen

    - Dessverre er dette ei historie som millionar av kvinner i verda kan kjenne seg igjen i, seier regissør Julia Marko-Nord. Ho skal sette i scene Kathrine Nedrejords rasande forteljing om tida etter ei sjølvopplevd valdtekt.
    FORBRYTAR OG STRAFFav Kathrine NedrejordURPREMIERE FREDAG 7. FEBRUAR KL. 19.30SCENE 2PREMIERESAMTALE KL. 18.30Kathrine Nedrejord i samtale med Siri Ramberg
    - Det er ing

  • Verdas mest sjarmerande musikal?

    Den sjarmerande musikalen Once starta som eit lite indie-filmprosjekt og enda opp som ein prisvinnande musikalsuksess på Broadway. No kjem den endeleg til Noreg, med Ina Svenningdal, Kim Helge Strømmen og eit forrykande, multitaskande skodespelar-musikarensemble i hovudrollene. I alt 20 instrument blir trakterte av dei 13 aktørane som både syng, dansar og spelar.

  • Teaterrevolusjonen på Scene 3 opnar med virtuell kjærleik

    Teaterrabulisten Tani Dibasey og scenekunstduoen Only Slime tek mål av seg å revolusjonere norsk teater. Deira "take-over" på Scene 3 er eit signalprosjekt for den ferske teatersjefen, Kjersti Horn. Første framsyning ut er ei kjærleikshistorie frå det digitale universet.
    UNLIMITED VOIDav Tani Dibasey og Only SlimeNYPREMIERE TORSDAG 23. JANUAR KL. 20.00SCENE 3

    Tani Dibasey brasa inn i no

  • Da "fri fødsel" var normalen - Edvard Hoems tippoldemor til Hovudscenen

    I dag går debatten heitt om såkalla "naturleg" og "fri fødsel" heime, bør vere lov. For 200 år sidan var "fri fødsel" normalen, og helsefarene for mor og barn var mange. I Jordmor på jorda møter vi ei som var med å etablere den profesjonelle fødselshjelpa i Noreg. Jordmødrene tilbydde kunnskap og metodar som reduserte skadene og senkte dødelegheita ved fødslar.

  • Begjær verd å drepe for

    Undertrykte kjensler kan vere livsfarlege om dei tek fyr. Når begjæret blir vekt hos Lady Macbeth - blir både heftig elskov og pengar verd å drepe for.

  • Emil Johnsen og Vetle Bergan er fast tilsette ved Det Norske Teatret

    I går beslutta teatersjef Erik Ulfsby å gi fast tilsetjing ved teatret til skodespelarane Emil Johnsen og Vetle Bergan. - Dette gjer eg sjølvsagt i samråd med den kommande teatersjefen Kjersti Horn, men det er veldig fint å kunne knyte til oss to skodespelarar som på ulikt vis har vore med å styrke teateret dei siste åra, seier noverande teatersjef Erik Ulfsby.

  • Nytt scenetjuveri på Det Norske Teatret

    Kva kan hende når improvisatørane frå Det Andre Teatret "stel" scenen på Det Norske Teatret? Alt, kanskje?UT OG STJÆLE SCENERDET ANDRE TEATRET PÅ DET NORSKE TEATRETLAURDAG 7. DESEMBER KL. 19.00SCENE 2Vanlegvis er det ikkje lov til å tulle i scenografien til ei framsyning. Bortsett frå ein gong i året, og det er for lukka dører under teaterets interne teknikarrevy. Men Det Norske Teatret gjer eit u

  • Herborg Kråkeviks Juleroser blir julekonsert

    I høve 10-årsjubileet for Herborg Kråkeviks tradisjonsrike Juleroser, kjem magasinet for første gong til live på Hovudscenen tre søndagar i advent. På scenen står mellom andre Sondre Lerche, Oslo Filharmoniske kor, Linda Eide, Jo Nesbø, Vigdis Hjorth, Janove Ottesen, Vetle Lid Larsen og Carsten Jensen i lag med Kråkevik sjølv og skodespelarar frå Det Norske Teatret.

  • Når læraren kjem for nær

    Kor nær kan læraren vere eleven sin? Og kva skjer når eit parforhold er basert på løgn? På Scene 3 er det duka for eit intenst kammerspel der kampen om sanninga står på spel.

  • Kan ein gjere seg fri frå alt?

    Som sitt siste regiarbeid som teatersjef ønskjer Erik Ulfsby nok ein gong å mane til refleksjon. I ei tid da demokratia forvitrar, krigar blussar opp og kunsten slit med å vere aktuell for publikum, går han rett inn i samtalen. Gjennom historia om to flyktningar på veg til Fridomens land, diskuterer han mellom anna sjølve fridomsomgrepet og kva verdien av kunst er.

  • Kjersti Horn lanserer sin første teatersesong

    Kjersti Horns første teatersesong er både ambisiøs og mangfaldig, og byr på masse ny norsk dramatikk, fleire sterke kvinnehistorier, grensesprengande teater, KI-generert teater, politisk historie fortalt med glitter og glam og ferske forteljingar frå gata.

  • 60 år sidan Jazz på svenska: No kjem Jazz på nynorsk

    For 60 år sidan blei jazzplata Jazz på svenska gitt ut. Lite visste bakmennene Jan Johansson og Georg Riedel om det skulle bli Sveriges mest selte jazzalbum gjennom tidene. Musikken har utan tvil også gjort inntrykk på eit utal norske lyttarar og musikarar. Går det an å gjere noko liknande med dei norske folketonane?

Vis mer