Hardangerkrim frå Thore Eithun Helland
"Farleg kreditt" er ein hardangerkrim med torpedoar, smuglarsprit og tragiske familieløyndommar.
"Farleg kreditt" er ein hardangerkrim med torpedoar, smuglarsprit og tragiske familieløyndommar.
Jens K. Styve (f. 1972) fekk i 2007 strålande mottaking for debutboka si Eg, Ove Kvamme, no tek han forfattarskapet vidare i romanen Friedland, ei dramatisk og fengjande historie frå Nord-Noreg. Det føregår i eit mørkt og småkorrupt bygdeunivers som er ispedd solide dosar med humor og menneskeleg varme. Odd Friedland er litt som Snåsamannen, berre utan dei gode intensjonane.
Ida Skivenes deler matglede og kreative frukostar med over 170 000 følgarar frå heile verda på Instagram under namnet idafrosk. Boka basert på frukostane hennar, "Leik med maten", er no selt til forlag i Tyskland, Frankrike, Nederland og Belgia.
I sin nye roman "Lucida" skildrar Flornes Skaret kjærleiksbrotets brutale etterdønningar med språkleg sikkerheit, særmerkt observasjonsevne, og varleik for omgivnadene.
Språkforskar ved Universitetet i Tromsø, Øystein A. Vangsnes, har i fleire år engasjert seg i spørsmål om språkleg toleranse og mangfald. No er han aktuell med ei debattboka om emnet, "Språkleg toleranse i Noreg-Norge, for faen!"
Forfattar og journalist Sigrun Slapgard er klar med ny roman, "Englestien", delvis basert på hennar eige liv.
Linda Eide får årets Melsompris for "Oppdrag mottro - jakta på gamle dagar". Prisen er på 40 000 og vert delt ut av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget
Rebellen er ei mektig og særprega historie om Engelbrektsson Bust, som er ein forfader av forfattaren sjølv. Det er 1650. Folket i Noreg vert meir og meir tynt av aukande skattar, hardhendt lovpraksis og korrupte futar. På Sunnmøre og i Romsdal manar bondeføraren Rasmus Engelbrektsson Bust (1588–1666) folket til kamp mot overmakta.
7.10. lanserer Ottar Grepstad ei ny språkbok som tek for seg språksituasjonen i verda. Han gjer historiske- og geografiske dykk, rissar opp dei viktigaste språkfakta, siterer forfattarar og språkforskerar. 270 språk er nemnde i kalenderboka, likeså 366 forfattarar (ein for kvar dag i året). Ei bok med brei kunnskap og glede for språk i sjølvaste språkåret.
Kjærasteparet Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland debuterer med romanen "& me skal bli omskapte". Det er ei forteljing om vestlendingen Jakob og sjokoladebutikken han startar i London. Det er ei forteljing om familieband med lange skuggar, kjærleik som råkar hardt, og den vanskelege kampen for å få bestemma over sitt eige liv.
Den erfarne journalisten Ole M. Ellefsen fekk ei skattkiste i fanget i form av fleire dagbøker skrivne av fangstmenn som overvintra på Jan Mayen. Den nye boka "Revejegerane på Jan Mayen" er historia om 11 menn isolert på ei aude øy året 1926. Dei skulle fange rev, men enda med å jakte på kvarandre.
Kenneth Sivertsen rørte seg heilt mot ytterkantane. Då han døydde i 2006 var han mest kjend for eit vilt liv og ein brutal nedtur. Men når journalist og forfattar Katrine Sele skildrar livet hans, er det meir enn noko ei historie om glede, ein trong til å lage lykkelege augeblikk – og om kva det vil seie å skape kunst.
Alfred Fidjestøl byr på dramatiske scener frå 100 års teatereventyr i "Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013". For første gong kjem her heile historia, frå turneane til forløparen Det Norske Spellaget i 1911 og 1912 til den storslagne hundreårsfeiringa i 2013.
Kor går skiljet mellom frisk og sjuk, galen og normal? Jan Inge Sørbø er aktuell med ei ny bok om psykisk sjukdom i litteraturen. Medisinen har ikkje eit godt nok språk for dei kjenslene og erfaringane folk får ved psykiske sjukdommar og plager. Jan Inge Sørbø viser at det er litteraturen som er den store og romslege kjelda til slik innsikt og forståing.
Jan Roar Leikvoll som nylig fekk både Stig Sæterbakkens minnepris og Bokhandlarstipendet er klar med sin fjerde roman , "Songfuglen".
Debutant Rakel Solstad skriv om barn i utsette posisjonar. Arbeidet som pedagogisk-psykologisk rådgivar i skolen har gitt ho innsikt i strukturar som kan få negative verknader for utviklinga til eit barn, og grunnlag for å stille spørsmålet: Kva veit vi om barna?
Gaute Sortland er klar med ny ungdomsbok, "The Rise and Fall of Gøran Trovåg", ei morosam, skeiv og sår bok om å vere ung gut i ein liten norsk by.
Kristin Sørsdal viste sterk originalitet alt i den kritikarroste debutboka "Makabre bikkjer". No er ho klar med ny roman, "Guds hund".
"Peri og Peti vender om" er ei enkel bok om store ting. Helga Gunerius Eriksen har skrive og sjølv sydd denne store, vesle forteljinga.
Forfattar Dag H. Nestegard har skrive bok om sin barndomshelt, flypioneren Thor Solberg (1893-1967) frå Florø. Frå 1825 til 1925 reiste ein million nordmenn over havet til Amerika. I 1935 blei Thor Solberg den første som flaug tilbake. Sommaren 1935 flaug han som første nordmann eit spinkelt einmotorsfly frå USA til Noreg.