Operapub med Carmen-solistar og Flamencodans i Gymmen
Velkomen til operapub og Flamencodans i skjønn foreining når fem av operasolistane frå Carmen og Flamencodansar Gabriel Aragú González inntek den intime scena på Gymmen Scene.
Velkomen til operapub og Flamencodans i skjønn foreining når fem av operasolistane frå Carmen og Flamencodansar Gabriel Aragú González inntek den intime scena på Gymmen Scene.
30. september er det igjen premiere på operaen Carmen av Georges Bizet i Operahuset Nordfjord, 17 år etter den første Carmen-premieren, når 10 solistar, 5 dansarar, 36 koristar, 20 born og 40 musikarar gir liv til ein av operahistoria sine mest og populære operaer.
Meisterverk er tittelen på konsertturnéen Opera Nordfjord legg ut på i slutten av april, med konsertar i Operahuset Nordfjord fredag 24. april, Førdehuset laurdag 25. april og Parken Kulturhus søndag 26. april. Distriktsoperaen på Nordfjordeid har fått med seg Musikklinjekoret på Firda vidaregåande skule og Ålesund Operakor, og saman med eigne korsongarar vil prosjektkoret telle ca. 110 songarar.
OperaKysten markerer sitt 10årsjubileum med ei gjenoppsetting av kammeroperaen Der Scahuspieldirektor, eller Teaterdirektøren av Wolfgang Amadeus Mozart, og Opera Nordfjord er stolt samarbeidspart, når operakollegaer frå kysten inntek operascena med vakre tonar og muntert skodespel. I Mozart sin lystige komedie Teaterdirektøren får publikum ein liten, latterleg, men absolutt realistisk sma
Opera Nordfjord inviterer igjen til støttekonsert i Eid Kyrkje i romjula til inntekt for Leger uten grenser. Profesjonelle artistar og unge lokale talent stiller opp med eit variert program med både vokal- og instrumentalinnslag.
28. november er det premiere på MATILDA-musikalen i Operahuset Nordfjord, med fem påfølgjande forstillingar 29.11., 30.11. 05.12, 06.12. og 07.12..Heile 51 sceneaktørar og 11 musikarar skal forvandle operahuset til eit musikalmekka i to veker, med plass til godt og vel 2900 publikummarar!
– No gler vi oss stort til å få den nye turnéversjonen på vegen for å begeistre nye publikummar i Vestland og feire 200 år med utvandring frå Noreg til Amerika, seier operasjef Kari Standal Pavelich, som håpar at kulturhusa langs kysten vil fyllast opp for å feire både utvandring, innvandring, menneskeverd, likeverd og fridom for alle.
Tysdag 2. september startar turnéen for operaen BLÅ med både skuleframsyningar og kveldsframsyningar i store delar av fylket. Det er dei vidaregåande skulane på Eid, i Måløy, Stryn, Florø, Førde, Høyanger, Sogndal og i Gloppen som får besøk av den nyskrivne miljøoperaen av librettist Jesper B. Karlsen og komponist Hugi Gudmundsson, basert på boka BLÅ av Maja Lunde. Opera Nordfjord og det danske
Ein ny, nordisk kammeropera om klima og kjærleik!
Det er ikkje kvarsdagskost å lage opera i samarbeid med andre land, eller med klimafakultet og utanlandske master- og PhD-studentar. I 2025 skjer begge deler, når Opera Nordfjord i samarbeid med produksjonsselskapet SAUM i København og Høgskulen på Vestlandet ved masterprogrammet Climate Change Management legg krefter, evner og ressursa
Opera Nordfjord har sidan januar 2023 planlagt aktivt å reise til USA på turné med utvandrarmusikalen Soga om Sol av Øystein Wiik og Gisle Kverndokk, som hadde stor suksess hausten 2023 i Operahuset Nordfjord. Operaen har meldt seg inn i Utvandrarjubileet, Crossings 200 og alle i musikal-ensemblet, 37 i alt, har lenge gledd seg til å vise fram den vakre og rørande musikalen til nye vener i USA. Tu
Opera Nordfjord inviterer til fire dagar gratis musikkteaterskule i vinterferien for alle born og unge frå og med 5. klasse til og med siste året på vidaregåande.
Opera Nordfjord arrangerer igjen støttekonsert for Leger uten grenser i romjula til inntekt for deira arbeid i Ukraina. Lokale artistar, musikarar og musikkstudentar deltek.
Den komiske operaframsyninga Scenebetennelse tek publikum med på ei uhøgtideleg reise frå opera og operette til musikal og moderne musikkteater. Framsyninga gjev eit humoristisk skråblikk på dramatikken som ofte utspelar seg bak scena på store teater og operahus. Musikktyven er eit fengande musikkspel for heile familien og handlar om einsemd, utanforskap, vennskap og musikken si sameinande kraft.
Opera Nordfjord har ein lang og trufast tradisjon med å arrangere konsert til inntekt for NRK sin TV-Aksjon under operavekene i oktober. I år skjer det fredag 11. oktober kl. 19.00 i Eid Kyrkje, og ein kan allereie no love eit rikhaldig konsertprogram som er samansett av solistar og musikarar frå operaen Figaros bryllup, som i desse dagar vert spelt i Operahuset Nordfjord.
Opera Nordfjord innbyr til gratis Musikkteaterskule i vinterferien for born og ungdom frå og med 5. klasse til og med vidaregåande skule. Påmeldinga er open for alle, uansett kva kommune ein kjem i frå. Velkomen til inspirerande dagar med song, dans, skodespel, teaterleik og nye venskap!
Opera Nordfjord innbyr til Solidaritetskonsert i Eid Kyrkje torsdag 28.12. til inntekt for Leger uten grenser og deira viktige og livreddande arbeid på Gaza. Medverkande er lokale, profesjonelle artistar, musikarar og studentar frå Nordfjordeid.
Michael Pavelich skal takke for seg og pensjonere seg etter snart 26 år som kunstnarisk leiar og 24 år som musikalsk leiar i Opera Nordfjord, og då inviterer han saman med Opera Nordfjord til tre festkonsertar med Opera Nordfjord. i Førde, Florø og på Nordfjordeid 14.-16. mars. Han har fått med seg sopranen Eli Kristin Hanssveen, eit kor på 70 lokale songarar og eit orkester på 50 musikarar.
Onsdag 2. oktober kan Opera Nordfjord ønskje velkomen til premieren på Figaros Bryllup av W.A. Mozart - knappe 22 år etter operaen sin første Figaro-premiere 16. oktober 2002. Den gongen – nokre månader før - hadde kostymedesignar Anne Gotaas og operasjef Kari køyrt Sverige på tvers for å kjøpe kostyme på kostymesal ved Kungliga Operan i Stockholm og sikra seg der eit billass med flotte og farg
I samband med at Opera Nordfjord i samarbeid med Malmö Opera set opp familieoperaen Snøsystera den første helga i desember, har operasjef Kari Standal Pavelich invitert Nordfjord Familiekontor til eit fagleg samarbeid kring det å miste nokon i nær familie.
Onsdag 29. november innbyr Familiekontoret i Nordfjord og Opera Nordfjord i samarbeid med Operahuset Nordfjord til eit ope samtalemøte i Ki
Då eg starta med blogg i vinter, var planen at eg skulle gå gjennom HEILE livshistoria til Opera Nordfjord – i kronolgisk rekkefølge – i løpet av året, men då var ikkje planen at det skulle gå eit halv år til neste innlegg… Så no skriv vi altså allereie 4. september, og eg har berre komme så langt at eg grein i bilen heim etter eit styremøte 11. mai 1998. For ein slutt å dvele ved i eit heilt halv