Hopp i havet! er nominert til Brageprisen
Trude Tjensvold er nominert til Brageprisern 2026 for faktaboka Hopp i havet!
Trude Tjensvold er nominert til Brageprisern 2026 for faktaboka Hopp i havet!
Thoralf Fagertun er aktuell med Samlaget og Fabel si nye lydsatsing. Lydserien Gode råd for å redde romvesen er ein actionfylt spenningsserie for barn mellom 9 og 12 år.
Anders Totland med ytterlegare to bøker i Katastrofedagbøkene-serien
Dikta i Knut Ivar Bjørlykhaugs debutbok handlar om dei store vala, om ambivalens i ei mørk verd, men like mykje om å skape håp for framtida. Dette er ei bok på villspor. Og eit mangfald av stemmer spør: er det rett å få barn, slik verda no utviklar seg?Minna om barndommens trygge og utrygge rom er sterkt til stades i tankane eget gjer seg om å setje eit barn til verda. Dikta er tett på naturens gr
Bjørn Hatterud har hatt stor suksess med bøkene Mot normalt, Blokka på Bjerke og ikkje minst Mjøsa rundt med mor. I Mjøsa rundt med mor skildra Hatterud livet som homofil og funksjonshemma med bakgrunn i arbeidarklassen på bygda. Boka vann mange hjarte og fekk Kritikarprisen. Hatterud har også motteke Kritikarprisen, Bibliotekets litteraturpris og Fritt Ords Pris.
No har Hatterud skrive ei bok
Trude Tjensvold er aktuell med ny faktabok for dei minste. Hopp i havet! er eit djupdykk til havbotnen og ei utforsking av alt som finst under havoverflata.
Hilde Myklebust er aktuell med den nye ungdomsromanen, Ingen kan nå oss, om venskap og politisk urett.
Helene Guåker er aktuell med ny bok om einsemd, fellesskap og fattigdom i den Kritikarpris-nominerte Stella-serien.
Marianne Gretteberg Engedal er ein prisvinnande forfattar og illustratør. No er ho aktuell med bildeboka Jotten, Jotto og Larsen og problemet med fastlegen.
Monica Laupsa debuterer med ungdomsboka Førstetouch, ein aktuell og engasjerande roman om fotball, forelsking og fordommar.
Prisvinnar Tone E. Solheim er aktuell med ei klok og varm ungdomsbok om drikkepress, ansvar og det å miste kontrollen. Promille er den tredje romanen hennar.
Anders Totland er aktuell med heile fire bøker i ein ny serie for barn frå 6 år, Katastrofedagbøkene. Serien følger ni år gamle Samson, som stadig hamnar i trøbbel sjølv når han meiner det godt. Med fart, humor og akkurat passe actionfylt spenning treffer bøkene mange av dei nyaste lesarane.
Hanna og farfars krimgåter er ei spennande, humoristisk og varm serie for alle barn frå 6-12 år. Ein stille natt skjer det eit innbrot på Elkjøp. Tjuven får med seg to pakker Snickers. Kven er denne mystiske tjuven, er det eit godteriglad barn? Men korfor har han i så fall skjegg? Og korleis klarar han å klatre heilt opp til 2. etasje? Dette er ei sak for Hanna og farfars detektivbyrå!
Samlaget lanserer tre nye lettlest-bøker av Anna Folkestad om blekksprutar, edderkoppar og dovendyr 29. mai. Bøkene inneheld overraskande fakta og er illustrerte for å inspirere ferske lesarar. Serien er ein del av Leseland for barn som lærer å lese.
Sigmund Løvåsen er aktuell barneboka Flaumen, ei morosam og dramatisk historie om ville naturkrefter og sjarmerande overmot. Boka er illustrert av Kristoffer Kjølberg.
Ny bok frå Sunniva Relling Berg. "Polarnatt" er tredje bok i "På flukt"-serien for ungdom
Vakker og poetisk bildebok signert Brynjulf Jung Tjønn og Skinkeape, om forholdet mellom ein far og ei dotter og om å forstå at verda er større enn ein først hadde trudd. "Kva tenker du på?" kan lesast som ei forlenging av Tjønn sine diktsamlingar for vaksne, men sett frå eit barns perspektiv.
Marthe Holien Bø debuterer som barnebokforfattar med den sjarmerande og hjartevarme boka Ni løgner og jakta på eit smil. Boka handlar om sorg og venskap, og er illustrert av Tiril Valeur.
Årets festspeldiktar og Jakob og Neikob-skapar Kari Stai er aktuell med ny bildebok for barn. "Er det sant at" handlar om å bere på historier. Det er ei forteljing om fedrar, sakn og kjærleik.
I boka Sjølvmordsforsøket. Livet før og etter fortel Oddvar Vignes ufiltrert om si eiga livskrise.
Lansering 18. august.
Sommaren 2009 trudde 29 år gamle Oddvar Vignes at han hadde funne løysinga på alle problema han sleit med. Han bestemte seg for å ta sitt eige liv. Etter den avgjerda kjende han ein stor lette. Oddvar hadde rota økonomisk, han hadde ikkje fullført noka utdanning, kjende se