Helene Guåker aktuell med ny barnebok om einsemd, fattigdom og det å grue seg til jul
Helene Guåker er aktuell med ny bok om einsemd, fellesskap og fattigdom i den Kritikarpris-nominerte Stella-serien.
Helene Guåker er aktuell med ny bok om einsemd, fellesskap og fattigdom i den Kritikarpris-nominerte Stella-serien.
Marianne Gretteberg Engedal er ein prisvinnande forfattar og illustratør. No er ho aktuell med bildeboka Jotten, Jotto og Larsen og problemet med fastlegen.
Hanna og farfars krimgåter er ei spennande, humoristisk og varm serie for alle barn frå 6-12 år. Ein stille natt skjer det eit innbrot på Elkjøp. Tjuven får med seg to pakker Snickers. Kven er denne mystiske tjuven, er det eit godteriglad barn? Men korfor har han i så fall skjegg? Og korleis klarar han å klatre heilt opp til 2. etasje? Dette er ei sak for Hanna og farfars detektivbyrå!
Samlaget lanserer tre nye lettlest-bøker av Anna Folkestad om blekksprutar, edderkoppar og dovendyr 29. mai. Bøkene inneheld overraskande fakta og er illustrerte for å inspirere ferske lesarar. Serien er ein del av Leseland for barn som lærer å lese.
"Alle dyr er BÆ" er ei varm og sjarmerande biletbok frå Ruth Lillegraven og Victoria Sandøy (ill.), om livet på ein gard gjennom eit år, og om ein storebror som vil lære veslesøster å snakke.
Samlaget gir ut tre nye lettlestbøker med morosame og overraskande fakta om Erling Braut Haaland, Antonio Nusa og Martin Ødegaard. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert av Magne Taraldsen.
Kåre og Marimba er tilbake! Fantasileik og skaparglede. Kåre og Marimba er bestevener sjølv om dei har veldig ulike interesser. Men begge to vil gjerne bygge noko nytt og spennande! Kanskje finne opp noko som ingen andre har tenkt på før? Heldigvis har dei ein nabo som har hagen full av skrot og krimskrams. Men medan dei mekkar på maskina, er det nokon som lurer i buskane. Kven kan det vere?
Førre bok om den tenksame guten Juri vart nominert til Brageprisen. No kjem oppfølgaren "Raringen", der vi fortsett å følge kvardagen til ein undrande gut som held på å bli ungdom.
«Universets vaktar» er andre bok ut om Jakob og Ramona frå lydsuksessen Oppdrag romvesen, skapa av Ingunn Thon og Christian Wiik Gjerde. Jakob må klare oppdraget han har fått frå sjølvaste statsministeren for å få ein stor pengepremie. Vil han klare det? Boka er rikt illustrert av Jens Kristensen. Lansering 11. mars.
Forfattar og illustratør Kari Stai er nominert til Brageprisen for barneboka Flokken. Vinteren 2026 kjem Raringen, ein frittståande oppfølgjar til boka.
Kritikarroste Helene Guåker er aktuell med si første barnebok for mellomtrinnet, Stella står i det. Det er ei humoristisk, sår og varm bok om fattigdom, fellesskap og ekte venner.
Vakker og poetisk bildebok signert Brynjulf Jung Tjønn og Skinkeape, om forholdet mellom ein far og ei dotter og om å forstå at verda er større enn ein først hadde trudd. "Kva tenker du på?" kan lesast som ei forlenging av Tjønn sine diktsamlingar for vaksne, men sett frå eit barns perspektiv.
Thoralf Fagertun gjorde stor suksess med debutboka Familien Gnork i 2022, i haust er han aktuell med si andre barnebok; Kobbs hus. Dette er ei eventyrleg og spennande bok om skattejakt og om å trasse frykta.
Hilde Myklebust og Bård Sletvold Torkildsen er aktuelle med bildeboka Grisungen med den rette halen, ei sjarmerande, varm og morosam barnebok om å kjenne seg annleis.
Bildeboka Nattklubben av Mona Vetrhus og Sebastian Meschenmoser, er ei original, eventyrleg og smårampete nattaforteljing for heile familien. Nattklubben er Vetrhus sin debut som barnebokforfattar.
Maria Parr og illustratør Åshild Irgens er nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024 for høgtlesingsboka Oskar og eg.
Saga og Storm og Kongens fortenestemedalje er ei sjarmerande historie om å vilje bli sett, gode vennar og søskenkjærleik. Og litt om dårleg samvit.
Den prisnominerte forfattaren Ingunn Thon er aktuell med ny barnebok. Full bajas er ei humoristisk og smart bok om å tore gjere feil, illustrert av Maja Kjellstad Aanonsen.
15.august lanserer vi ei ny barnebok av Maria Parr. Parr er ein av dei fremste barnebokforfattarane i Norge, og er i haust aktuell med boka Oskar og eg, ein hyllest til søskenforhold og kvardagen.
Ny barnebok frå norsk barnelitteraturs superstjerne Maria Parr, "Oskar og eg". Boka kjem i august.