Om fattigdom, fellesskap og ei bursdagsfeiring med plan B
Kritikarroste Helene Guåker er aktuell med si første barnebok for mellomtrinnet, Stella står i det. Det er ei humoristisk, sår og varm bok om fattigdom, fellesskap og ekte venner.
Kritikarroste Helene Guåker er aktuell med si første barnebok for mellomtrinnet, Stella står i det. Det er ei humoristisk, sår og varm bok om fattigdom, fellesskap og ekte venner.
Vakker og poetisk bildebok signert Brynjulf Jung Tjønn og Skinkeape, om forholdet mellom ein far og ei dotter og om å forstå at verda er større enn ein først hadde trudd. "Kva tenker du på?" kan lesast som ei forlenging av Tjønn sine diktsamlingar for vaksne, men sett frå eit barns perspektiv.
Thoralf Fagertun gjorde stor suksess med debutboka Familien Gnork i 2022, i haust er han aktuell med si andre barnebok; Kobbs hus. Dette er ei eventyrleg og spennande bok om skattejakt og om å trasse frykta.
Hilde Myklebust og Bård Sletvold Torkildsen er aktuelle med bildeboka Grisungen med den rette halen, ei sjarmerande, varm og morosam barnebok om å kjenne seg annleis.
Bildeboka Nattklubben av Mona Vetrhus og Sebastian Meschenmoser, er ei original, eventyrleg og smårampete nattaforteljing for heile familien. Nattklubben er Vetrhus sin debut som barnebokforfattar.
Maria Parr og illustratør Åshild Irgens er nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024 for høgtlesingsboka Oskar og eg.
Saga og Storm og Kongens fortenestemedalje er ei sjarmerande historie om å vilje bli sett, gode vennar og søskenkjærleik. Og litt om dårleg samvit.
Den prisnominerte forfattaren Ingunn Thon er aktuell med ny barnebok. Full bajas er ei humoristisk og smart bok om å tore gjere feil, illustrert av Maja Kjellstad Aanonsen.
15.august lanserer vi ei ny barnebok av Maria Parr. Parr er ein av dei fremste barnebokforfattarane i Norge, og er i haust aktuell med boka Oskar og eg, ein hyllest til søskenforhold og kvardagen.
Ny barnebok frå norsk barnelitteraturs superstjerne Maria Parr, "Oskar og eg". Boka kjem i august.
Ny diktsamling for barn frå prisvinnande og kritikarroste Ruth Lillegraven. Badesommar er forteljande dikt om starten og slutten på livet. Boka er vakkert illustrert av prislønte Mari Kanstad Johnsen.
Årets festspeldiktar og Jakob og Neikob-skapar Kari Stai er aktuell med ny bildebok for barn. "Er det sant at" handlar om å bere på historier. Det er ei forteljing om fedrar, sakn og kjærleik.
Den prisvinnande forfattaren og poeten Sigmund Løvåsen er aktuell med diktsamlinga Tusen elgar i garasjen, ei morosam og undrande samling dikt for barn og vaksne i alle aldrar.
Det Norske Samlaget lanserer ein illustrert biografi om Erling Braut Haaland, ei gåvepakke til alle fotballinteresserte barn! Her får vi lese om fenomenet Haaland og om korleis han blei ein av dei beste i verdas største idrett.
Kunstnarduo med sprelsk og humoristisk bildebok om å hjelpe til for kvar ein pris.
Thoralf Fagertun debuterer med sprek og overskotsprega barnebok illustrert av prisvinnande illustratør Line Halsnes.
To av landets fremste formidlarar har laga ein unik, moderne og sprek barnebibel for heile familien. Alf Kjetil Walgermo har gjenfortalt historiene i tilgjengeleg og moderne språk, og Anna Fiske sine illustrasjonar gir dei gamle historiene eit friskt og nytt uttrykk, både respektfullt og med humoristisk snert.
Kari Stai er aktuell med den sjuande, og aller siste boka om Jakob og Neikob, Jakob og Neikob og tidsmaskinen.
Tor Arve Røssland startar det nye året med første bok i Overleve, ein ny dystopisk spenningsserie for barn og unge, om ei nær framtid der menneska er utryddingstruga. Bok to kjem hausten 2022, og band tre kjem i 2023.
I år er det 20 år sidan lars Mæhle debuterte som forfattar, og startar 2022 med å gi ut ei ny novellesamling for barn og unge, Tusenfryd.